Årsrapport 2020

10.8 Økonomi

Rekneskapen for innbyggjar- og samfunnskontakt viser eit mindreforbruk på kr 24,4 mill. av ei budsjettramme på kr 318,3 mill. Dette svarer til ein forbruksprosent på 92,3.

Kulturavdelinga går i tilnærma balanse. Kulturavdelinga har levert dei ordinære tenestene sine i 2020, men koronapandemien ramma kulturlivet hardt. Kultur blei tildelt kr 2 mill. i krisepakke øyremerkt det frie kulturfeltet.

Kommunikasjonsavdelinga viser eit meirforbruk på i underkant av kr 0,1 mill. som er tilnærma balanse. Kommunikasjonsavdelinga fekk tilført kr 0,99 mill. til å dekkja opp for kostnader i samband med koronapandemien. Midlane gjekk til informasjonsarbeid og fleire kampanjar i samband med koronasituasjonen. På grunn av høgt arbeidspress blei nokre planlagde oppgåver utsette eller nedprioriterte.

Innbyggjardialog viser eit mindreforbruk på kr 5,9 mill. Mindreforbruket kjem i hovudsak av lågt aktivitetsnivå hos frivilligheit og innbyggjartorg. Dette kjem av koronarelaterte restriksjonar som gjorde at det ikkje var høve til å halda fysiske møte. Avdelinga hadde òg midlar til å tilsetta nye i stillingar knytte til frivilligheit og strategiarbeid. Dette blei sett på vent som ein konsekvens av koronapandemien.

Politisk sekretariat har eit mindreforbruk på kr 5,2 mill. Mindreforbruket kjem av ein kombinasjon av langtidssjukmelde og fødselspermisjonar. I tillegg blei fleire politiske møte avlyste eller gjennomførte på dagtid. Dette førte til mindre bruk av overtid blant tilsette. Det har vore lite innkjøp av utstyr samanlikna med tidlegare år, og det har ikkje vore noka reiseverksemd.

Smartby viser eit mindreforbruk på kr 2,5 mill. i all hovudsak grunna redusert reiseaktivitet rundt konferansar og messer. Til dømes har både Nordic Edge Expo og Smart City Barcelona blitt avvikla digitalt til lågare kostnader enn å vera til stades med eigen stand. Det er i tillegg forseinkingar både i samband med og i igangsetting og gjennomføring av prosjekt som ein konsekvens av korona.

Næringsavdelinga viser eit mindreforbruk på kr 10,8 mill. Mindreforbruket kjem av ein kombinasjon av vakante stillingar og mindreforbruk knytt til næringsstrategien. Det låg inne midlar til fire nye stillingar der to blei besette i mars, og der ein av dei gjekk i foreldrepermisjon i november. To nye er rekrutterte, og dei startar i 2021. Dei nyaste rekrutteringane er utsette på grunn av korona. Arbeidet med næringsstrategien blei i stor grad handtert internt, og delar av avslutningsarbeidet skjer i 2021 og blir dermed belasta budsjettet for i år. Det blei avsett tilskot til Havvind på kr 1,5 mill. Her blei berre kr 0,65 mill. utbetalte i 2020.

Landbruk og havbruk har hatt ei vakant stilling. Stillinga blei rekruttert i oktober 2020 med oppstart i 2021.

Ei utbetaling frå vekstfondet på kr 1,5 mill. til Validé Invest AS er ført i investering, medan budsjettet ligg i drift. Ved ein inkurie er ikkje budsjettet flytta over til investering, og mindreforbruket er dermed kr 1,5 mill. høgare enn reelle utbetalte tilskot tilseier.

På grunn av korona blei planlagde prosjekt utsette, men næringsavdelinga har likevel hatt høg aktivitet, og utsette planlagde prosjekt kjem til å skyta fart i 2021.

Frå vekstfondet blei det utbetalt kr 6,6 mill. i 2020.

Tildelt 2020BeløpSak
Nordic Edge AS / Innovation lab 750 000 FSK 5/19
Nordic Edge As, Expo 20202 000 000FSK5/19
Blue Planet /etablering av Havets Hus1 200 000FSK 131/20
Blue Planet / Stiim Aqua Cluster 500 000 FSK 204/17
Validé Invest, kapitalforhøging1 500 000FSK 131/20
Blue Planet 650 000 FSK 204/17
Sum utbetalt 6 600 000 
Tabell 10.3 Vekstfondet
Last ned tabelldata (Excel)