Årsrapport 2020

6 Oppvekst og utdanning

I 2020 har tiltaka for å hindra smittespreiing i den globale korona-pandemien fått konsekvensar for alle dei kommunale tilboda til barn og unge. Skular, barnehagar og fritidstilbod har i periodar vore stengde. Å halda oppe tilboda til barn og unge så langt som mogleg, og å ta vare på dei mest sårbare, har hatt høgaste prioritet i krisa.

6.1 Innleiing

Koronapandemien

12. mars 2020 blei alle barnehagar, skular og tenester for barn i Stavanger stengde. Unntaket var barnevernsvakta, som heldt oppe beredskapen, og helsestasjonen, som prioriterte individuell oppfølging av gravide og dei minste barna.

Gjennom veka som følgde, blei det sett i gang heimeundervisning for alle elevar. Stavanger kommune hadde då fordel av å ha satsa på IKT i skulen gjennom mange år. Alle elevane hadde eige nettbrett, og det var etablert system for informasjon og dialog mellom heim og skule.

Skulane og barnehagane etablerte raskt eit omsorgstilbod for barna til tilsette med samfunnskritiske oppgåver og for særskilt sårbare barn og unge. Barnehagar, skular, helsestasjonar, skulehelsetenesta, uteseksjonen, fritid og barnevernet prioriterte å halda kontakten med barn og unge som dei vurderte trong ekstra støtte.  Etter ein månad opna småtrinnet i skulen, Stolt-avdelingane og innføringsskulen på Johannes læringssenter. I starten av mai fekk barnehagane og mellom- og ungdomsskuletrinnet opna igjen. Det blei lagt planar for korleis tilboda skulle organiserast i tråd med nasjonale rettleiarar og smittevernreglar. Barnehagane og skulane tok i bruk meir areal både inne og ute for å sikre krava til avstand. Skulane heldt fram med noko digital undervisning, og det blei laga eigne planar for reinhald. Helsestasjonen og barnevernet opna òg litt meir. Dei ulike tilboda i ungdom og fritid sette i gang aktivitetar som var mogleg å gjennomføra innanfor dei nye, letta nasjonale restriksjonane. Fiks Ferigge Ferie blei trass koronarestriksjonar gjennomført med suksess. På kort varsel blei nyvinninga Barnas sommar realisert og gjennomført med veldig gode tilbakemeldingar frå deltakande barn og organisasjonar. Det blei lagt ned ein stor innsats frå mange tilsette for å få gjennomført Barnas sommar.

Hausten 2020 starta det nye skule- og barnehageåret opp med tilnærma normal drift i alle tenestene. Det var lite smitte blant barn og unge i Stavanger fram til oktober 2020. I siste kvartal fekk me smitteutbrot i fleire skular og barnehagar. Utbrota blei handterte etter retningslinjene, mellom anna med karantene, slik at smitten ikkje spreidde seg vidare. Fram mot slutten av året blei det likevel klart at me måtte planlegga for meir inngripande tiltak etter jule- og nyttårsferien.

Beredskapsplanane kommunen hadde, gav eit godt utgangspunkt for å setta i verk tiltak då pandemien braut ut. Det blei etablert ei eiga arbeidsgruppe som tok seg av kommunikasjon, råd og rettleiing i heile tenesteområdet og ut mot nasjonale myndigheiter og andre avdelingar. Det gjorde at det praktiske arbeidet gjekk bra. Verksemdene har gjort eit formidabelt arbeid med å handtera endringane og legga om drifta etter dei retningslinjene som gjaldt til kvar tid. Smitteutbrot har òg blitt handterte på ein svært god måte. Dei tilsette har hatt ei stor arbeidsbelastning dette året.

Det viktigaste målet til kommunen under pandemien har vore så langt som mogleg å halda oppe tenestetilbodet til barn og unge, ta vare på sårbare barn og unge, og samtidig overhalda smitteverntiltaka. Me vurderer at dette langt på veg har lykkast. Samtidig må me erkjenna at belastninga på barn og unge har vore stor i denne tida.

Kommunesamanslåing

2020 var første året etter samanslåinga av kommunane Stavanger, Rennesøy og Finnøy. I åra før samanslåinga var det allereie eit utstrekt samarbeid mellom desse kommunane på oppvekstområdet. Kommunane hadde felles prosjekt, Rennesøy og Finnøy kjøpte på nokre område tenester frå Stavanger i tillegg til at dei jobba saman i ulike nettverk. Overgangen og endringa var dermed ikkje stor for verksemdene innanfor skule, barnehage og kulturskule. Endringane var større for barneverntenesta, som tok over ansvar og tilsette frå Randaberg kommune, som inntil 2020 var vertskommune for barnevern i Rennesøy og Finnøy. Ungdom og fritid har òg gjort eit arbeid for å revitalisera fritidsklubben på Rennesøy, og arbeider med å etablera eit tilbod i Finnøy kommunedel. Andre tenestetilbod som blei gitt i verksemdene i dei tre kommunane, blir gitt som tidlegare. Den største forandringa er at fagmiljøet har blitt større, og at det er større samarbeid på tvers i organisasjonen.

6.2 Barnehage

Ny verksemdsstruktur

Ny verksemdsstruktur for dei kommunale barnehagane blei innført 1. januar 2020. Tidlegare hadde kvar barnehage i all hovudsak utgjort éi verksemd. Med over 60 kommunale barnehagar i den nye kommunen ville gammal struktur ha gitt eit lite oversiktleg system med stort spenn og klare forskjellar mellom verksemdene. Etter eit omfattande forarbeid i 2019 blei alle kommunale barnehagar frå og med 2020 samla i ein ny struktur med 20 større verksemder med felles leiarteam.

Endringane omfatta primært administrasjon og leiing. Barn og foreldre forheld seg framleis til det enkelte barnehagebygget, medan den samla leiinga for verksemda er styrkt og inngår i eit felles leiarteam. Den nye strukturen er betre tilpassa oppgåvene barnehagane skal løysa, med stadig auka krav til verksemdene innanfor fag, økonomi, personal, leiing og utvikling. Erfaringane med ny struktur er hovudsakleg positive og gir eit langt betre grunnlag for vidare kvalitetsutvikling.

Ny verksemdsstruktur gir òg nye moglegheiter til utviklingsarbeid på barnehageområdet. Dei 20 verksemdene vil eksempelvis vera godt rusta for ei kommande nyorganisering av styrkt barnehagetilbod. Dette er i tråd med bakgrunnen for å innføra ny struktur: å gi eit kvalitativt betre tilbod til barna ved å styrka overordna leiing av barnehagane.

Barnehagebruksplanen – oppretting og nedlegging av barnehageplassar

Barnehagebruksplanen gir oversikt over kapasitet og forventa behov for barnehageplassar i planperioden (2020–2024). Vidare fastslår han kriterium for oppretting og nedlegging av plassar, eventuelt også av barnehagar. Hovudmålet er å sikra barnehageplass til alle barn med rett til det. Eit vidare mål er å sikra balanse mellom kapasitet og behov i alle kommunedelane, slik at alle kan få tilbod om plass i eige nærmiljø.

Befolkningsframskrivingane tilsa eit redusert behov for antal barnehageplassar i kommunen samla.  Nedgangen var venta å ligga på opp mot 150 barn første år av planperioden. Grunna låge barnetal over tid blei det vedteke å avvikla Austre Åmøy barnehage frå og med barnehageåret 2020/2021. Utover dette la kommunen ned 60 plassar i kommunedelar med overkapasitet (Hinna og Hillevåg), og oppretta 60 plassar i Tasta, der det hadde vore underkapasitet.

I løpet av planperioden vil kommunen etablera nye barnehagar i sentrumsnære område med lokal underkapasitet (Storhaug og Våland), og dessutan avvikla plassar i område med overkapasitet. Dette vil gi ein langt betre balanse mellom kapasitet og behov i alle kommunedelane. Planen la til grunn at berre Storhaug kommunedel ville ha betydeleg underkapasitet i 2024; oppdaterte befolkningstal tilseier balanse mellom kapasitet og behov også her mot slutten av planperioden.

Redusert sjukefråvær

Tretten barnehagar og ressurssenteret for styrkt barnehagetilbod har delteke i prosjektet Saman for eit redusert sjukefråvær. Sjukefråværet i avdelingane har frå 2018 til 2020 gått ned med 11,5 prosent. Langtidssjukefråværet blei redusert med 17,2 prosent. Til samanlikning har dei andre barnehagane hatt ein auke i samla sjukefråvær på 16,5 prosent i same periode. Tilsette med høgt og langvarig sjukefråvær har fått hjelp til å komma tilbake i arbeid eller har fått nye oppgåver andre stader i kommunen. Enkelte har sjølv valt å omskulera seg eller ta vidareutdanning for å kvalifisera seg til andre arbeidsoppgåver, medan nokon har fått innvilga gradert eller heil uføretrygd. Leiarane har fått støtte og rettleiing i korleis dei kan følga opp sjukefråvær og finna løysingar for dei enkelte tilsette. Stavanger kommune vil legga til rette for at leiarane kan dela erfaringar og læra av kvarandre om korleis dei bør følga opp sjukefråvær.

Regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage (REKOMP)

I 2020 er den regionale ordninga for kompetanseutvikling i barnehagane vidareutvikla og sett i verk. Det er tilsett kompetanse- og utviklingsrettleiar for den regionale ordninga, som er delt mellom kommunane Stavanger, Sola, Randaberg, Kvitsøy, Hjelmeland og Strand. Det er etablert fleire møteplassar og partnarskap for samarbeid mellom barnehagane, universitetet, Utdanningsforbundet, barnehageeigarar, tillitsvalde og ulike støttetenester, som til dømes PPT. Samarbeidet skal bidra til gjensidig læring og utvikling, og til auka kvalitet og likeverd i barnehagetilbodet. Erfaringa så langt viser at den regionale ordninga har gitt auka systematikk og framdrift i arbeidet med kvalitetsutvikling i barnehagane.

Tverrfaglege barnehageteam og ressursteam

I 2020 kartla og vurderte Stavanger kommune ordninga med tverrfaglege barnehageteam etter to års drift. Kartlegginga viste at barnehagane opplever teama som ei reell støtte i kvardagen, og at den tverrfaglege kompetansen bidreg til at barn som treng det, får tidleg og riktig hjelp. For å laga ein endå meir solid struktur for systematisk kompetanse- og organisasjonsutvikling i stavangerbarnehagen vil kommunen i tillegg etablera ressursteam for å styrka kontakten mellom barnehagane og PPT.

Barnehage for alle barn

Stavanger kommune har eit mål om å auka delen minoritetsspråklege barn i barnehagen. SSBs oversikt for dei siste fem åra viser ein gradvis auke av denne delen, frå 71,9 prosent i 2015 til 77,8 prosent i 2019. Talet er framleis noko under gjennomsnittet i fylket (79,6 prosent) og landet (83,9 prosent), og viser at det er viktig å halda fram arbeidet for å få fleire minoritetsspråklege barn til å gå i barnehage.

Open barnehage har vist seg å vera ein viktig rekrutteringsarena til ordinær barnehage, og tilbodet har vore gratis sidan 2019. Det er tilsett ein ressursperson som koordinerer hjelp, støtte og rettleiing ut til dei opne barnehagane i arbeidet med å rekruttera minoritetsspråklege barn til ordinær barnehage. Den tilsette driv òg oppsøkande verksemd og rekrutteringsarbeid i minoritetsspråklege miljø.

Økonomi

Rekneskapen for barnehage viser eit meirforbruk på kr 6,2 mill. i 2020. Det utgjer ein forbruksprosent på 100,5 i forhold til den totale budsjettramma på i underkant av kr 1,2 mrd.

Budsjettavvika, inkludert straum, blei omtrent som forventa på verksemdsnivå. Avviket knytt til foreldrebetaling samsvarte òg tilnærma med prognosane. Kostnadene blei likevel høgare enn forventa for barn busette i Stavanger med barnehageplass i andre kommunar. Samtidig har inntektene frå andre kommunar vore lågare enn budsjettert.

Barnetala har omtrent vore som forventa gjennom året. Som tidlegare år har det vore ein nedgang i talet på barn ved oppstart av nytt barnehageår. Det kjem hovudsakleg av at det er fleire seksåringar som byrjar på skulen, enn eittåringar som byrjar i barnehage. Det tek tid for verksemdene å tilpassa bemanninga etter nye rammer. Befolkningsframskrivingar viser ein nedovergåande trend i åra framover, og det er forventa ein større reduksjon i barnetala i Stavanger kommune. Den fallande trenden kjem av i hovudsak låge fødselstal, og færre innflyttarar til kommunen.

6.3 Barneverntenesta

I januar 2020 flytta barneverntenesta til nye og meir moderne lokale i Hermetikkgata 5. Barneverntenesta har i 2020 vore gjennom store endringar i leiinga, mellom anna blei ny barnevernsleiar tilsett 1. februar.

Det samla talet på bekymringsmeldingar for 2020 viser ein auke samanlikna med 2019. Auken er ikkje markant og var venta grunna etableringa av nye Stavanger. Det blir òg registrert at det var eit markant fall i talet på bekymringsmeldingar dei to første vekene etter nedstenginga av barnehagar og skular. Dette fallet var mellombels, og totalen er som nemnt ein auke for heile 2020.

Det er verdt å merka seg at andelen meldingar frå barnehage og skule har gått ned i 2020, noko som mest sannsynleg kjem av nedstenging og mindre kontakt med barna. Talet på meldingar som omhandlar vald i form av mishandling og familievald, er nokså stabilt i 2020. Det er urovekkande at desse tala er stabile når ein veit at studiar frå Bufdir viser at 1 av 6 ungdommar fortalde om vald eller overgrep dei 8 vekene skulen var stengde. Studiet viser at 20 prosent av desse opplevde psykisk eller fysisk vald for første gong under nedstenginga. Gjennom året er det registrert ein auke i talet på bekymringsmeldingar om barn mellom 11 og 18 år som allereie får tiltak i barneverntenesta. Bekymringa har i stor grad vore knytt til rusmisbruk.

Barneverntenesta og stavangerskulen

I august 2020 blei samarbeidsavtalen mellom barneverntenesta og stavangerskulen ferdigstilt og sett i verk. Samarbeidsavtalen baserer seg på nasjonal rettleiar for samarbeid mellom skule og barnevern. Avtalen inneber faste samarbeidsmøte, at alle skular får faste kontaktpersonar i barneverntenesta, og at det skal haldast felles fagmøte mellom tilsette i skule og barnevern.

Oppfølging under koronastenginga

Barneverntenesta er definert som ei samfunnskritisk teneste, og i Stavanger har barneverntenesta aldri vore nedstengd og vore i tilnærma full drift heile året. Det har frå utbrotet i mars og framover vore veldig tydelege føringar og praksis på at tiltak og oppfølging av sårbare og utsette barn og unge skal haldast oppe. Tilpassingar grunna smittevern er av den grunn halde på eit nødvendig minimum. Det har i periodar der smittetrykket var stort, vore rullering på bruk av heimekontor, og då primært avgrensa til tilsette med helseutfordringar og tilsette utan direkte brukarkontakt. I tillegg har det i desse periodane vore auka bruk av digitale verktøy for å gjennomføra møte.

Barneverntenesta har eit etablert samarbeid med ungdom og fritid, mellom anna gjennom tiltaket Fritidsmentor. Mange barn har hatt eit ståande tilbod her, uansett nedstenging og raude dagar. Ungdom og fritid har hatt ein fleksibilitet i utføringa som barneverntenesta vil trekka fram som særs bra i dette samarbeidet.

Samarbeid med barn og foreldre

Barneverntenesta har i 2020 framleis arbeidd for å styrka retten barn og foreldre har til medverknad, slik dette er utforma i det nasjonale utviklingsprosjektet Mitt Liv. Det har i 2020 vore gjennomført to ulike fagmøte med Forandringsfabrikken. Det første heitte Forstå det viktigste, om korleis barneverntenesta kan få til eit godt samarbeid med valds-/overgrepsutsette barn og unge.

På grunn av koronatiltak har barneverntenesta vore nøydd til å utsetta eller setta på vent faste møte og aktivitetar med erfaringsformidlarar. Det har heller ikkje vore mogleg å følga opp og etablera sjølvhjelp/gruppetiltak for foreldre som har blitt fråtekne omsorga for barna sine. Barnevernet har styrkt innsatsen for å kunna gjennomføra planlagde samvær med tilsyn. I periodar har desse blitt gjennomførte utandørs.

Det er tilsett ein ungdomsrådgivar i 60 prosent med erfaring frå Forandringsfabrikken som deltek i internt utviklingsarbeid og hjelper til i enkeltsaker. Ungdomsrådgivaren har teke kontakt med ungdom som oppheld seg i sentrum og bruker vald. På denne måten har rådgivaren innhenta informasjon om livssituasjonen til unge i risiko, noko som kan gjera kommunen betre i stand til å hjelpa.

Ei kompetent barnevernteneste

For å betra arbeidsflyten har barneverntenesta prøvd ut andre former for intern organisering. Koronautbrotet, nedstenging og omfattande bruk av heimekontor har i periodar vore utfordrande ikkje berre for drifta, men også for konsolidering og utvikling av den nye organisasjonen. Effektar av omorganiseringa skal kartleggast første halvår 2021.

Saksmengda til tilsette i mottak og familieavdelinga er stor og krevjande. Arbeidet for forbetringar på dette området har hatt og vil framleis ha høg prioritet.

Barneverntenesta har etablert eit samarbeid med Pårørandesenteret med søkelys på «Barn som pårørande». Barnekonvensjonen og praksisendring / konsekvensane av EMD-dommane og særleg for fastsetjing av samvær etter omsorgsovertaking har hatt stort fokus.

Opplæringsplanen til barneverntenesta er redusert dette året som følge av restriksjonar. Den digitale kunnskapsportalen «Veilederen.no» har blitt viktig for barneverntenesta dette året. Kunnskapsportalen bidreg til at oppdatert fagleg kunnskap er tilgjengeleg for alle tilsette gjennom e–læringskurs, podkastar, nyheitsbrev og webinar.

Eit likeverdig barnevern

Frå hausten 2019 blei det som eit prøveprosjekt oppretta ei stilling som minoritetsrådgivar.

Minoritetsrådgivaren har i 2020 sluttført to brukarundersøkingar retta mot foreldre og unge med minoritetsbakgrunn. Erfaringane deira i møtet med barneverntenesta har danna grunnlag for ein tiltaksplan retta mot minoritetsmiljø. Riktig og tilstrekkeleg informasjon er eitt av tiltaka. Minoritetsrådgivaren skal styrka brukardialogen med innvandrarmiljø og organisasjonar. Dette arbeidet er lagt på vent som følge av koronatiltak.

For å styrka barneverntenesta sin eigen kompetanse er det oppretta ei «minoritets»-gruppe som spesielt skal arbeida med undersøkingar/oppfølging av hjelpetiltak i minoritetsfamiliar. Minoritetsrådgivaren skal bidra til auka kunnskap i tenesta, og dessutan hjelpa og rettleia i enkeltsaker.

Økonomi

Rekneskapen for barnevern i 2020 viser eit mindreforbruk på kr 9 mill. av ei ramme på kr 273,3 mill. Dette svarer til ein forbruksprosent på 96,7. Budsjettet blei styrkt med kr 5 mill. i tertialrapporteringa per 30. august 2020, som ei eingongsløyving på grunn av ei ekstraordinær utgift. Samanlikna med opphavleg budsjett er mindreforbruket kr 4 mill.

Forbruket knytt til barnevernsadministrasjonen har auka i tråd med kommunesamanslåinga og er i tilnærma balanse i forhold til budsjett. Grafen nedanfor viser rekneskap i perioden 2017–2020 for klientutgifter i barnevernet. Dette viser ein auke frå 2017 til 2019, men ein reduksjon frå 2019 til 2020 – sjølv om tala for 2020 er tal for nye Stavanger kommune, og slik sett ikkje er samanliknbare.

Figur 6.1 Klientutgifter i barnevernet for perioden 2017–2020

Kostnadsnivået har blitt lågare når det gjeld både barn som er plasserte, og barn som ikkje er plasserte, og viser eit mindreforbruk i forhold til budsjett. Det er stort sett kjøp av tiltak som har gått ned og ført til eit lågare kostnadsnivå i 2020. Denne utviklinga er i tråd med forventningane i handlings- og økonomiplanen for 2020–2023.

Det har gjennom året vore arbeidd systematisk for å redusera dei mest kostnadskrevjande tiltaka i barnevernet. Avtalar tilknytte kjøp frå private leverandørar er kraftig redusert. Kjøp av ettervernstenester frå Ungbo har vore gjennomgått og viser ein redusert kostnad, jr. handlings- og økonomiplanen for 2021–2024, tiltak linje nr. 82.

Det har erfaringsmessig vore store variasjonar i klientutgiftene til barnevernet gjennom åra. Det er i byrjinga av 2021 plassert betydeleg mange fleire barn/ungdommar i institusjon enn gjennomsnittet for 2020. Det blir dermed forventa ein utgiftsauke i 2021.

6.4 EMbo

Omstilling og nedbemanning

I 2020 busette Stavanger kommune fem einslege mindreårige flyktningar. Oppmodingstala har vore låge dei siste åra, og EMbo har derfor halde fram med å nedbemanna verksemda. Kannik bufellesskap blei lagt ned sommaren 2020, og busetjingskapasiteten til EMbo blei redusert til 20 busetjingsplassar. Busetjingsplassane er fordelte på eitt bufellesskap og tre institusjonar.

Oppfølging av helseutfordringar

EMbo og barneverntenesta arbeider for at ungdommar med omfattande hjelpebehov skal få dei helsetenestene dei treng, både frå kommunen og frå spesialisthelsetenesta. I året som har gått, har EMbo delteke i to konkrete prosjekt for å trygga barn og unge i møte med helsetenestene.

Saman med BUPA, Helse Stavanger og kommunane i Sør-Rogaland har EMbo delteke i samhandlingsprosjektet Psykisk helse barn og unge. Prosjektet skal styrka samarbeidet mellom dei ulike instansane og sikra gode helsetenester til barn og unge med psykiske helseplager.

Inkludering og aktivitet

Mange einslege mindreårige har avgrensa nettverk og strevar med å komma inn i ungdomsmiljø i kommunen. EMbo Basen er ein samlingsstad og ein viktig arena for sosialisering, læring og integrering. Målet er å bidra til at ungdommane blir trygge på eigen identitet og kulturelle tilhøyrsel. På Basen møter ungdommane trygge, varme vaksne som ser og møter dei. Basen driftar i tillegg til eit lågterskel aktivitetstilbod ulike prosjekt som fokuserer på inkludering, integrering og brukarmedverknad:

  • Ungdomsrådet til EMbo Stavanger arbeider for velferda og utviklinga til ungdommane både i EMbo og i lokalsamfunnet. Ungdomsrådet samarbeider med fire andre storbyar med liknande råd, og utvekslar erfaringar, utviklar kunnskap og byggjer nettverk.
  • Samarbeidet med SOS barnebyer om prosjektet SAMMEN skal bidra til at norsk ungdom og ungdom som har flykta åleine til Noreg, får høve til å bli kjende. Prosjektet skal gi ungdommane ei reell moglegheit til å bli ein del av sosiale nettverk og få venner.
  • Gjennom arbeidspraksis får ungdom som strevar med å komma inn på arbeidsmarknaden, moglegheit til å jobba gjennom sommarmånadene.
  • Basen tilbyr Flexid, som er eit kurskonsept som gjennom teori, leik og rollespel bevisstgjer deltakarane på kjensler som oppstår når kulturelle verdiar og praksisar møtest i ein kvardag heime og ute.
  • Tall Ship Races er eit samarbeidsprosjekt med ungdom og fritid. Her får ungdom høve til å delta i ein etappe på ei seglskute der dei møter norske ungdommar og får kjenna på meistring og samhald og får eit minne for livet.
  • Leksehjelp er eit samarbeid med Røde Kors. Her får ungdommane høve til både å få hjelp til skulearbeidet, men også å møta representantar frå majoritetssamfunnet, i all hovudsak pensjonistar.

Korona-pandemien

Som følge av korona-pandemien har EMbo Basen vore stengt i to periodar. Dette har i størst grad gått utover dei ungdommane som ikkje lenger bur i EMbo. Tilsette ved Basen byrja derfor etter kort tid å arrangera samlingar ute og halda kontakt med ungdommane via sosiale medium.

Økonomi

Rekneskapsresultatet viser eit mindreforbruk på kr 2 mill. av ei netto ramme på kr 46,7 mill. Dette svarer til ein forbruksprosent på 95,7. I tråd med handlings- og økonomiplanane dei siste åra og oppmodingane frå IMDI har det vore ei jamn nedtrapping av tenestetilbodet ved EMbo. Hovudårsaka til mindreforbruket for 2020 er at nedlegginga av Kannik bufellesskap blei gjennomført tidlegare enn føresett. Bufellesskapet skulle avviklast innan utgangen av september, men blei avvikla allereie i mai månad. Mindreforbruket kjem òg av ein reduksjon i talet på stillingar i stab før planlagd periode.

6.5 Grunnskule

Kvalitets- og utviklingsarbeid i skulen

Kvart år blir det lagt fram ei eiga kvalitets- og utviklingsmelding for stavangerskulen. I meldinga analyserer og vurderer kommunen læringsmiljøet og læringsresultata i skulen. Kvalitets- og utviklingsmeldinga for stavangerskulen 2020 kan du lesa her.

Fagfornyinga – nytt læreplanverk i skulen

Hausten 2020 tok skulen i bruk nye nasjonale læreplanar. Dei nye læreplanane skal gjera opplæringa meir praktisk og relevant og gi betre samanheng i og mellom faga. Stavangerskulen tok samtidig i bruk den nye strategiplan for kvalitetsutvikling i skule og SFO. Strategiplanen skal styrka arbeidet med å innføra det nye læreplanverket og vidareutvikla kvaliteten i skule og SFO.  

Kompetanseutvikling

For å styrka kvaliteten i skulen satsar Stavanger kommune på kompetanseutvikling for lærarar og skuleleiarar. Hausten 2020 byrja over 100 nye lærarar på vidareutdanning gjennom den nasjonale ordninga Kompetanse for kvalitet. 15 av desse utdannar seg til å bli lærarspesialistar. Lærarspesialistordninga er ein strategi for å halda på dyktige faglærarar i klasserommet. Lærarspesialistane får ei viktig oppgåve med å bidra til kompetanseutvikling på eigen skule.

29 noverande og framtidige leiarar byrja hausten 2020 på den lokale skuleleiarutdanninga, tidlegare kalla «rektorskulen». Skuleleiarutdanninga går over tre semester og blir gjennomført i samarbeid med Universitetet i Oslo. Denne gongen deltek òg avdelingsleiarar i SFO.

74 nytilsette lærarar har fått oppfølging gjennom kommunen sitt eige program for rettleiing av nyutdanna lærarar. Programmet skal bidra til at nye lærarar får ein god start i yrkeslivet og blir verande i jobben.

Utdanningsregion Midt-Rogaland

Arbeidet på tvers av kommunar i Utdanningsregion Midt-Rogaland og partnarskapet med Universitetet i Stavanger er no inne i sitt 4. år.

I 2020 er det gjennomført nettverk for skuleleiarar og tillitsvalde, PPT og lærarar med søkjelys på fagfornyinga og elevinvolvering.

I tillegg har Fagfornyingsteamet, som støttar skulane i innføringa av nytt læreplanverk, jobba digitalt med skular og lærarar. Det er oppretta ei nettside der skulane i regionen kan finna støtte for arbeidet sitt med nye læreplanar.

Partnarskapet med UIS i 2020 er i stor grad flytta frå fysiske til digitale møte og arenaer. Me har likevel fullført skulebasert kompetanseutvikling i pulje 2, og starta pulje 3 i partnarskapet, og UIS har bidrege inn på dei enkelte skulane i pulje.

Digital skule

Då elevane blei sende på heimeskule i mars, stod stavangerskulen godt rusta til å møta denne utfordringa. Alle elevane hadde kvar si digitale eining, og skulane hadde god tilgang til pedagogisk programvare gjennom felles lisensar i Stavangerpakken. Ressursgruppa for IKT i stavangerskulen rettleidde og støtta skulane, og IKT-rettleiarane på skulane blei òg viktige ressurspersonar for lærarane. Mange lærarar hadde allereie god kompetanse i å bruka digitale læremiddel og kommunikasjonsformer. Takka vera gode system for støtte og kompetanseheving i kommunen fekk også lærarar med mindre erfaring raskt tileigna seg den nødvendige kompetansen.

Skulane har no så smått byrja å skifta ut nokre av dei første Chromebookane som blei kjøpte. Erfaringar frå andre kommunar tilseier at maskinene bør bytast ut etter om lag tre år. Ved utgangen av 2020 har i underkant av 20 skular fått installert nye digitale tavler i klasseromma. Kommunedirektøren vil i handlings- og økonomiplanen for 2022–2025 vurdera om det er behov for å auka utskiftingstakten for elevmaskiner og digitale tavler.

Tildelingsmodellen

Det blei gjennom året gjort ei evaluering av den økonomiske tildelingsmodellen for stavangerskulen. BDO fekk i oppdrag å laga ein rapport med analyse av den økonomiske ramma til stavangerskulen, og dessutan tildelingsmodell i lys av prinsipp for ein god modell. Basert på funna i rapporten føreslo kommunedirektøren at hovudtrekka i den eksisterande modellen blei vidareført, men at elevsatsen på barnetrinnet skulle differensierast gjennom å auka elevtildelinga for elevar på 1.-4. trinn. I tillegg var forslaget at barneskulane på Rennesøy, og dessutan Finnøy sentralskule, skulle få småskuletillegg framover.

Gratis SFO på 1. trinn

Ved behandlinga av budsjettet for 2020 vedtok kommunestyret å innføra gratis SFO for alle elevar på 1. trinn. 97 prosent av elevane på 1. trinn gjekk hausten 2020 i SFO, mot 92 prosent året før. Den prosentvise auken har vore størst i Finnøy kommunedel, sidan det var her deltakinga var lågast i utgangspunktet. Når det gjeld antal, har ikkje skulane opplevd så stor endring, sidan dei fleste førsteklassingane gjekk i SFO frå før.

Skulemat

Ved behandlinga av handlings- og økonomiplanen for 2020 vedtok kommunestyret å prøva ut ei ordning med skulemat på nokre skular. Kvernevik barneskule, Smiodden ungdomsskule og St. Svithun ungdomsskule er med i prøveordninga. Smittevernrestriksjonar har lagt nokre avgrensingar på kva som kan serverast.

*SvømStavanger

Hausten 2020 starta pilotprosjektet SvømStavanger opp i Hundvåg svømmehall. 250 fjerdeklassingar frå fem skular får i dette prosjektet grunnleggande svømmeopplæring etter ein modell frå Bergen kommune. Kommunen samarbeider med dei lokale svømmeklubbane om opplæringa. Svømmeklubbane stiller med instruktørar og skulane med lærarane og assistentane sine. Høg vaksentettleik, små grupper, tilpassa øvingar og systematisk progresjon gjer at elevane utviklar gode svømmeevner raskt. Både skulane og svømmeklubbane har gitt svært gode tilbakemeldingar på opplegget og ønskjer å halda fram med SvømStavanger. Opplegget bidreg òg til å heva kompetansen til lærarane i å driva svømmeopplæring – noko som kjem elevar på andre trinn til gode. Opplegget gir dessutan god utnytting av kapasiteten i svømmehallane. Med fleire vaksne til stades kan det vera fleire elevar i bassenget samtidig. Planen er å utvida prosjektet til halvparten av barneskulane frå hausten 2021 og til alle skulane frå hausten 2022.

Økonomi

Rekneskapen viser eit mindreforbruk på kr 4,5 mill. av ei nettoramme på kr 1,6 mrd. Dette svarer til ein forbruksprosent på 99,7.

Samla sett har skulane i Stavanger kommune eit merforbruk i drift på om lag kr 8 mill. Dette utgjer ein forbruksprosent på 100,01 %. I 2. tertial vart grunnskuleramma styrkt med kr 30 mill. kor kr 22 mill. gjekk til skuler i kommunedelane Rennesøy og Finnøy, medan dei resterande midlane gjekk til kostnader knytt til korona. Det held på eit kontinuerleg omstillingsarbeid med skulane på Rennesøy og Finnøy.

Den sentrale ramma har eit mindreforbruk på kr 12,5 mill. Tilskot til private skular er kr 4 mill. høgare enn budsjettert. I HØP 2019–2022 blei tilskot til private skular redusert med kr 4 mill. knytt til finansiering av spesialundervisning. Dei siste åra har det vore ein vekst i talet på elevar ved private skular og i talet på refusjonar knytte til særskild norskopplæring. Straumutgiftene er kr 4 mill. lågare enn budsjettert, og det kjem av lågare straumprisar i 2020 enn ein først rekna med. I 2020 hadde alle elevar digitale einingar frå ein relativt ny maskinpark som bidrog til at IKT-budsjettet gjekk med eit mindreforbruk på kr 8,5 mill. Det er forventa eit høgare utskiftingsbehov framover sidan maskinene som blei innkjøpte i 2017, er klare for utskifting. Det var i 2020 sett av kr 3 mill. til prøveordning med skulemat. Prosjektet starta opp hausten 2020, og krevjande logistikk og smittevernomsyn bidrog til eit mindreforbruk på om lag kr 2 mill. Nettorefusjon frå og til andre kommunar gav eit mindreforbruk på kr 2 mill.

6.6 Helsestasjonane og skulehelsetenesta

Ny organisering

I samband med kommunesamanslåinga blei helsestasjons- og skulehelsetenesta omorganisert. Det har vore utfordrande å gjennomføra dette med god kommunikasjon og dialog i eit år med pandemi og restriksjonar. At helsestasjonen for ungdom og skulehelsetenesta for vidaregåande skular no også er organiserte under helsestasjons- og skulehelsetenesta, viste seg å vera ein fordel under pandemien.

Mangel på helsesjukepleiarar

Det er stor etterspurnad etter helsesjukepleiarar i landet og vanskeleg å få tilsett nok kvalifiserte medarbeidarar. Fleire sjukepleiarar arbeider deltid som helsesjukepleiarar, medan dei tek vidareutdanning parallelt med jobben. Stavanger har færre helsesjukepleiarar på skulane enn tilrådd, noko som gjer at enkelte oppgåver i skulehelsetenesta må prioriterast ned.

Mitt Liv – psykisk helse

Skulehelsetenesta har i 2020 samarbeidd tett med Forandringsfabrikken i prosjektet Mitt Liv – Psykisk helse. Merksemda har vore på barnekonvensjonen og retten barn har til å bli høyrde og kunne snakka trygt.

Foreldrespør.no

Hausten 2020 lanserte Stavanger kommune ei ny spørsmål-og-svar-teneste – foreldrespør.no. Det er ei digital og døgnopen teneste der foreldre kan få gratis rettleiing frå fagfolk. Her kan foreldre også finna nyttige artiklar og oversikt over tilbod frå kommunen. Stavanger kommune har inngått ein samarbeidsavtale med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet om vidareutvikling av tenesta. Spørjetenesta er kopla til nettstaden til direktoratet, foreldrehverdag.no, og det blir vurdert om tenesta skal vere eit tilbod til alle kommunane i landet.

Digitalisering

Frå 1. september 2020 har helsestasjonen kunna senda innkallingar elektronisk til gravide og foreldre. Stavanger kommune har òg vore aktiv i utviklinga av det nasjonale prosjektet DigiHelsestasjon. Prosjektet skal levera digitale helsetenester for helsestasjons- og skulehelsetenesta gjennom den nasjonale plattforma helsenoreg.no.

Økonomi

Rekneskapen viser at helsestasjons- og skulehelsetenesta hadde eit mindreforbruk på kr 2 mill. av ei netto budsjettramme på kr 99 mill. Dette er ein forbruksprosent på 97,9. Mindreforbruket kjem av rekrutteringsutfordringar og vakante stillingar på grunn av sjukefråvær. Det er stor mangel på helsesjukepleiarar i regionen og for låg utdanningskapasitet. Dette er òg ei nasjonal utfordring.

6.7 Johannes læringssenter

Eit annleis skuleår

Til liks med dei andre grunnskulane har Johannes læringssenter drive digital undervisning delar av året. På innføringsskulen låg forholda godt til rette for heimeskule, medan norskopplæringa fekk nokre utfordringar i starten, sidan deltakarane i utgangspunktet ikkje hadde eigne digitale einingar. Innføringsskulen og innføringsbarnehagen etablerte raskt eit omsorgstilbod for barn som trong det.

Kontinuitet i utviklingsarbeidet på senteret

Samarbeidet med Rogaland fylkeskommune om kombinasjonsklassar på Godalen vidaregåande er vidareført. Her arbeider grunnskule og vidaregåande opplæring saman for å skapa eit best mogleg opplæringstilbod for fleirspråklege elevar med mangelfull skulebakgrunn og kort butid.

Innføringsskulen og fleirspråkleg avdeling har arbeidd med fagfornyinga og innføringa av nye læreplanar. Pandemien og omstillingsarbeidet hausten 2020 har lagt nokre avgrensingar på moglegheitene til å jobba kollektivt med dette.

Grunnskulen for vaksne har prøvd ut nye læreplanar ei stund, og våren 2020 blei forsøket forlengt til 2023. Som ein del av dette prosjektet jobbar dei tilsette med å forbetra den kollektive vurderingspraksisen sin, og hausten 2020 blei det òg starta ei eiga lesesatsing i regi av prosjektet.

Nye prosjekt

Norskopplæringa har hausten 2020 innført faggrupper som jobbar på tvers av avdelingane med ulike faglege problemstillingar. Avdelingane har òg starta arbeidet med å førebu dei endringane som no er vedtekne i ny integreringslov.

Våren 2020 blei det bestemt at norskopplæringa skulle ta i bruk Chromebook i arbeidet med å styrka dei digitale evnene til deltakarane. Nedstenginga i mars synleggjorde behovet for dette. Hausten 2020 har norskopplæringa gjennomført ulike kurs i bruk av digitale læringsverktøy. Senteret har kjøpt maskiner til alle deltakarar med rett til gratis norskopplæring.

I desember starta Johannes læringssenter eit spennande samarbeid med Nav, Ikea og Sandnes Læringssenter om arbeidsretta norskopplæring. Prosjektet heiter Broen til arbeid og er utarbeidd etter modell av eit vellykka prosjekt i vaksenopplæringa i Oslo. Målet er at minst halvparten av deltakarane skal få fast jobb hos Ikea og oppnå B1-resultatet på norskprøva. Planen er å vidareutvikla modellen og involvera andre bedrifter etter det første prosjektåret.

Økonomi

Rekneskapsresultatet for Johannes læringssenter viser eit mindreforbruk på kr 5,8 mill. av ei budsjettramme på kr 118,6 mill. Dette svarer til ein forbruksprosent på 95,1.

Det positive resultatet kjem i hovudsak av at senteret har sett i gang prosessar knytte til vedtekne innsparingar i gjeldande handlings- og økonomiplan. Skulen måtte ta grep allereie hausten 2020 for å kunna nå dei vedtekne innsparingane for 2021. Mellom anna har ein ved omorganisering spart inn administrative stillingar og heller ikkje erstatta tilsette ved naturleg avgang. Enkelte tilsette har òg blitt omplasserte internt i kommunen. Desse endringane har late seg gjennomføra ved omfordeling av arbeidsoppgåver, større gruppestorleikar og som følge av ein nedgang i talet på norskdeltakarar samanlikna med 2019. I koronaåret 2020, med avgrensingar på aktivitetane på senteret og særleg uvisse inntekter, har ein hatt streng økonomistyring og redusert driftskostnader der det har vore mogleg.

Som følge av koronapandemien og tilnærma stans i innvandring til Noreg blei inntektsforventningane til senteret nedjusterte i tertiala. Tidvis gjenopning av grenser og større innanlands tilflytting enn forventa har likevel ført til at både statlege tilskot og sal av norskkurs og -prøver blei noko høgare enn dei nedjusterte forventningane, og bidreg òg til det positive resultatet.

6.8 Pedagogisk-psykologisk teneste

Januar 2020 overtok PPT saksporteføljen til barnehagar, skular og oppvekstsenter frå Randaberg og Midt-Ryfylke PPT. To stillingar blei i samband med dette overførte frå Randaberg PPT.

Det blei i starten av 2020 lagt stor vekt på gjennomgang av Meld. St. 6 Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO. Meldinga gir PPT tydelege føringar for at kompetansen skal tettare på barna, det tverrfaglege samarbeidet skal styrkast, og det skal i tillegg settast i gang eit varig kompetanseløft på det spesialpedagogiske feltet for tilsette i barnehage, skule og PPT.

Kapittel 4 i stortingsmeldinga handlar om PPT og la saman med gjennomgangen av ny læreplan grunnlaget for interne fagdagar for heile tenesta – med tanke på konsekvensar for sakkyndigarbeidet og bistanden vår til barnehagar og skular i arbeidet deira med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å kunna legga til rette for barn med særskilde behov.

Tilvisingsgrunnlag

I 2020 fekk PPT 1141 nye tilvisingar. Av desse var 643 barn i førskulealder og 474 i skulealder. I tillegg blei det motteke ca. 310 meldingar om nye behov i allereie tilviste saker. Det blei utarbeidd 1129 sakkyndige vurderingar i 2020.

Konsultasjonar

Aktiviteten i konsultasjonsteama i PPT har i 2020 vore lågare enn tidlegare år. Dette blir forklart med nedstenging av skular og barnehagar i delar av året.

Det har vore gjennomført 26 konsultasjonar i skulevegringssaker og ca. 30 konsultasjonar for tolking av skulen sine kartleggingar med Logos, leserettleiing og språkutvikling.

Tenestelevering under pandemien

PPT stengde dørene 19. mars. Dei tilsette gjennomførte etter dette ikkje arbeidsoppgåver med direkte klientkontakt. Kapasitetsutfordringar hadde ført til eit etterslep i den skriftlege delen av sakkyndigarbeidet som det under nedstenginga blei mogleg å jobba inn ein del av.

I perioden utan direkte kontakt med barn blei det etablert digital kontakt med føresette og samarbeidspartnarar så langt dette lét seg gjera. Det blei òg gjort noko nødvendig sakkyndigarbeid basert på informasjon frå skular, barn og føresette og med PPT sine eigne kartleggingar. I dei tilfella der sakkyndige vurderingar blei utarbeidde på avgrensa grunnlag, blei dette notert i vurderinga, og det blei sett tidsavgrensing på gyldigheit.

Skulevegringsproblematikk utgjer ein betydeleg del av tilvisingsgrunnlaget til PPT. Tilvisingar i slike saker kjem ofte seint i skuleløpet og når fråværet allereie er etablert. Talet på konsultasjonar i slike saker er halvert i 2020 samanlikna med fjoråret. Ressursgruppa Psykisk helse og livsmestring fekk i 2019 produsert ein kortfilm om skulevegring for overgangen frå barnehage til skule. Hensikta var å forsterka innsatsen for å identifisera risikofaktorar og auka det førebyggande arbeidet allereie dei første skuleåra. I 2020 blei det produsert ein tilsvarande film som kan visast til elevar, føresette og tilsette i overgangen til ungdomsskulen.
Filmane er gjorde tilgjengelege for alle skulane i Stavanger.

Systemretta, førebyggande arbeid i ressursteam og tverrfagleg barnehageteam

Det individretta og systemretta arbeidet til PPT utgjer eit nødvendige og gjensidig utfyllande perspektiv i arbeidet med inkludering av barn i barnehagar og skular.

I slutten av året hadde skulane og PPT eitt års erfaring med arbeid i ressursteam. Ordninga med ressursteam skal gjera mogleg at PPT og skule saman prøver å løysa utfordringar på annan måte enn ved tilvising av enkeltelevar. Målet er at PPT skal kunna ha meir tid nærare barna, og hjelpa skulen i å styrka det allmennpedagogiske og det spesialpedagogiske tilbodet for å få sett inn rett hjelp tidleg og bidra til auka inkludering.

Denne gradvise omstillinga i arbeidsform er krevjande.  Medarbeidarane i PP-tenesta har vore positive pådrivarar i dette arbeidet. Denne måten å jobba på er òg ønskeleg på barnehagefeltet. I etterkant av evalueringa av tverrfagleg barnehageteam blei det byrja eit arbeid med planlegging av ressursteamordning i barnehagar. Tverrfagleg barnehageteam (TBT) skal bidra til å styrka kvaliteten, sikra retten barn har eit tilpassa barnehagetilbod, bidra til kompetanse- og organisasjonsutvikling og dessutan tilby bistand til enkeltbarn. PPT koordinerer TBT i kvar kommunedel. Teamet består av fysio- og ergoterapitenesta, barneverntenesta, helsestasjonane og PPT.

Kompetanseutvikling i tenesta

PPT som lærande organisasjon organiserer og vidareutviklar særskild kompetanse i ressursgrupper innanfor områda grunnleggande evner, psykisk helse og livsmeistring, språk og kommunikasjon og inkluderande barnehage og skule. Dette blir gjort i ressursgrupper der alle tilsette i fagteam deltek. I tillegg til generalistkompetanse har tilsette i PPT òg særskild kompetanse innanfor ulike område. Gjennom arbeidet i ressursgruppene skal dette implementerast i tenesta og vera tilgjengeleg for alle tilsette, til bruk i arbeid i enkeltsaker eller i systemretta arbeid ute i skular og barnehagar.

Økonomi

Rekneskapsresultatet for PPT viser eit mindreforbruk på kr 0,5 mill. av ei budsjettramme på kr 50,1 mill. Dette svarer til ein forbruksprosent på 98,9. Mindreforbruket kjem av vanskar i samband med rekruttering av enkelte yrkesgrupper eller særskild kompetanse.

6.9 Ressurssenter for styrkt barnehagetilbod

Spesialpedagogisk hjelp etter § 19 a til § 19 g (endra til §§ 31 og 37 frå 1. januar 2021).

Verksemdsleiarane og ressurssenteret rapporterer om ein nedgang i talet på barn med vedtak om spesialpedagogisk hjelp (§ 19 a) (frå 1. januar 2021 § 31). Det er derimot ein auke i talet på barn som har meir samansette og komplekse utfordringar som krev fleire veketimar. Utviklinga dei seinare åra viser at ressurssenteret leverer spesialpedagogisk hjelp i samsvar med vedtak tidleg på hausten, men utover barnehageåret blir det meir utfordrande. For mange barn som får vedtak i løpet av barnehageåret, er ofte ventetida på levering eit halvt år, eller fram til nytt barnehageår. Barnehagane handterer i større grad enn tidlegare mindre komplekse saker sjølve. Ny verksemdsstruktur har bidrege til at verksemdene og leiarteama har ein breiare samla kompetanse om tidleg innsats. Satsing med tverrfagleg barnehageteam støttar opp under dette og gir viktig bistand inn i verksemdene. Det er likevel eit stort behov for å vidareutvikla satsinga på laget rundt barnet i den enkelte barnehagen, og å styrka det heilskaplege ansvaret for verksemdene for tilbodet til alle barn.

Ressurssenteret rapporterer ein auke i talet på saker som gjeld tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne (§ 19 g) (frå 1. januar 2021 § 37). Dette heng truleg saman med auken i talet på barn med samansette og komplekse vanskar.

Endring av organiseringa og finansieringa av det spesialpedagogiske barnehagetilbodet

Stavanger kommune har i 2019 evaluert organiseringa av tilbodet om spesialpedagogisk hjelp i barnehagen. På bakgrunn av evalueringa har kommunedirektøren foreslått ny organisering av styrkt barnehagetilbod, med verknad frå 2021. Endringa er knytt til ansvars- og oppgåvefordelinga mellom ressurssenteret, PPT og barnehagane.

Styrkt barnehagetilbod skal sjåast i samanheng med det ordinære barnehagetilbodet, og spesialpedagogisk hjelp skal i større grad vera ein integrert del av barnehagetilbodet til barnet. Kommunedirektøren ønskjer òg å gjera tilpassingar i dei spesielt tilrettelagde avdelingane (STA), for å få ei meir fleksibel organisering med høgare grad av inkludering i fellesskapet i barnehagen.

Kommunedirektøren har i 2020 vurdert fleire modellar for korleis det spesialpedagogiske barnehagetilbodet best kan organiserast. I alle modellane blir spesialpedagogisk kompetanse overført frå ressurssenteret til barnehageverksemdene. Ved å inkludera den spesialpedagogiske kompetansen sterkare i den ordinære drifta til barnehagane vil kapasiteten barnehagane har til å førebygga, og til å gi barn tidleg hjelp og ekstra støtte, bli styrkt. Kommunedirektøren vil våren 2021 legga fram ei eiga sak om status, gjennomføring og prinsipp med forslag til endring av organiseringa av det spesialpedagogiske barnehagetilbodet.

Økonomi

Rekneskapen for ressurssenteret viser balanse mellom rekneskap og budsjett ved utgangen av 2020. Budsjettramma til ressurssenteret har vore styrkt gjennom året og har i noka grad blitt sett i samanheng med den delen av budsjettramma til barnehageområdet som gjeld styrkt barnehagetilbod. Dette er i tråd med vedtak i handlings- og økonomiplanen 2020–2023 om ny organisering og finansiering av det spesialpedagogiske barnehagetilbodet.

6.10 Stavanger kulturskule

Utvikle kulturskuletilbodet på Finnøy og Rennesøy

Kulturskulen har i 2020 auka talet på elevplassar på Finnøy og Rennesøy. Dette er mellom anna gjort ved å starta eige kulturkaruselltilbod på Finnøy sentralskule og ved å tildela nokre fleire elevplassar til korpsa på Rennesøy. I tillegg har kulturskulen auka talet på tilbod innanfor dansefaget. Kulturskulen har ein eigen soneleiar som har ansvar for oppfølginga av Finnøy og Rennesøy.

Kvalitet i kulturskulen – digital læringsplattform

Kulturskulen har i 2020 innført ei eiga læringsplattform. Dette fungerer som ei digital leksebok og blir mellom anna brukt til kommunikasjon mellom elev og lærar, i tillegg til deling av lyd og filmklipp. Læringsplattforma har vore til svært stor hjelp i fleire fag i samband med at skulen i periodar dette året har vore nøydd til å ha digital undervisning.

Felles kompetanseløft for dei tilsette i kulturskulen – vurdering for læring

Kulturskulen starta dette skuleåret, saman med 13 andre skular i Noreg, eit felles kompetanseløft for tilsette ved kulturskulen. Dette er eit pilotprosjekt som er igangsett av Høyskolen Innlandet og Norsk kulturskuleråd. Målsetjinga med prosjektet er mellom anna å sjå på tilbakemeldingskulturen og korleis skulen kan bli betre på dette. Prosjektet er lagt opp som eit nettkurs og inneheld ein kombinasjon av videoforelesingar, litteratur ein skal gå gjennom, individuelle oppgåver og oppgåver i plenum. Kurset har totalt 6 modular og blir avslutta våren 2021.

Sommarkurs

Kulturskulen har utvida sommartilbodet sitt: Det inneheld no også teater og visuelle kunstfag i tillegg til dans (kunstcamp). Nytt av året var òg at skulen sine tilbod blei ein del av Fiks Ferigge Ferie. 74 barn deltok på årets kunstcamp. To tredelar av barna var ikkje elevar på kulturskulen frå før.

Undervisning i samband med koronapandemien

Kulturskulen har klart å gjennomføra det meste av undervisninga i samband med pandemien, men med ulike smitteverntiltak. I mars/april måtte skulen legga om undervisninga til digitale plattformer. Dei tilsette gjorde ein stor innsats med å få dette på plass på kort tid.

Dei fleste elevane fekk eit digitalt tilbod då kulturskulen var fysisk stengd, men det var nokre grupper det ikkje var mogleg å gi eit fullverdig tilbod. Dette gjaldt spesielt dei yngste elevane og elevar innanfor musikkterapi.

På grunn av publikumsavgrensingar har ikkje kulturskulen hatt mange konsertar og framsyningar med publikum dette året. Men skulen har vore aktiv på sosiale medium for å visa kva elevane held på med. Dette har blitt svært godt motteke av føresette.

Økonomi

Rekneskapsresultatet for Stavanger kulturskule viser eit mindreforbruk på kr 0,7 mill. av ei budsjettramme på kr 44,3 mill. Dette svarer til ein forbruksprosent på 98,4.

Dette heng i hovudsak saman med auka sjukelønnsrefusjonar utan tilsvarande auke i lønnsutgifter som følge av rimelegare erstatningsløysingar. Avgrensingane koronapandemien har gitt på aktivitetar, gir dessutan utslag i eit generelt lågare forbruk. Utgiftsreduksjonen til skulen som følge av avlyste konsertar og framsyningar overgår dei auka utgiftene til skulen knytte til reinhald og andre smitteverntiltak. Skulen har elles i stor grad halde oppe inntektene sine ved å levera eit digitalt tilbod i periodar med fysisk stenging.

6.11 Ungdom og fritid

Ungdom og fritid har funne nye måtar å møta barn og unge på i eit år med pandemi og restriksjonar. Samtalar har blitt tekne over telefon og treff og møte haldne ute i staden for inne. Verksemda har blitt endå flinkare til å bruka sosiale medium for å nå ut til ungdomsbefolkninga i Stavanger. Det er laga korte informasjonsfilmar om mange av tilboda.

Fritidsklubbane har arrangert digitale treff og ulike aktivitetar på nett. Klubbane har likevel hatt færre brukarar enn før, sidan dei i periodar har måtta halda stengt og elles ikkje har kunna ha fleire enn 20 ungdommar på besøk om gongen. Fritidsklubbane og uteseksjonen har prioritert å halda kontakt med ungdom som har hatt eit ekstra behov for nokon å prata med.

Ungjobb

Ungjobb er eit subsidiert jobbtilbod for ungdom i alderen 13–17 år. I 2020 blei tilbodet utvida til fleire kommunedelar med levekårsutfordringar. Pandemien gjorde at ein del arbeidsgivarar måtte trekka seg frå prosjektet. Ungjobb hadde likevel 150 ungdommar ute i arbeid sommaren 2020 – 54 prosent jenter og 46 prosent gutar. 38 prosent av ungdommane hadde minoritetsbakgrunn.

Medborgarskap i ungdomsskulen

Ungdom og fritid har, saman med ungdomsskulane Kristianslyst og Ullandhaug og områdeløftet i Hillevåg, prøvd ut eit samarbeidsprosjekt med tema medborgarskap og deltaking for ungdom. Målet har vore å skapa reell elevmedverknad og demokrati i praksis. Elevane har testa ut ulike spel utvikla i eit tilsvarande dansk prosjekt og har tilpassa dei til norske forhold. Alle ungdomsskulane i Stavanger har fått ei utgåve av spelet. Ungdom og fritid ønskjer å starta liknande medverknadsarbeid ved ungdomsskular i andre kommunedelar.

Fiks Ferigge Ferie

1339 barn og unge deltok i ferietilbodet til Stavanger kommune, Fiks Ferigge Ferie, sommaren 2020. Deltakinga har auka med over 40 prosent på tre år. I same periode er deltakaravgifta redusert. Om lag 20 prosent av barna fekk friplass. Årets ferietilbod blei tilrettelagt ut ifrå smittevernomsyn, noko som gav vesentleg høgare kostnader til lønn og transport.

Fritidsmentor

Fritidsmentor er eit tilbod som rettar seg mot barn og unge i alderen 8–13 år som ikkje deltek i fritidsaktivitetar. Fritidsmentorar er trygge og stabile vaksne som følger opp, støttar og motiverer til deltaking i fritidsaktivitetar. Målsetjinga er at barna på sikt skal kunna delta i fritidsaktivitetar på eiga hand. I 2020 hadde ungdom og fritid 24 fritidsmentorar som følgde opp 34 barn. 13 av barna går no fast på ein fritidsaktivitet, og det er fleire som er på veg inn i fritidsaktivitetar.

Nye moglegheiter i Kvernevik

Samhandlingsprosjektet «Nye Muligheter i Kvernevik for barn og unge 0 til 16 år» blei avslutta i 2020. Prosjektet har hatt som mål å styrka det tverrfaglege samarbeidet om barn og unge, og har sett i gang nærmiljøtiltak for å betra oppvekstsvilkåra i Kvernevik bydel. Erfaringane derifrå og moglegheitene som ligg i tidleg innsats, brukarmedverknad og samhandling, blir vidareførte i Kvernevik. Prosjektleiarane kan bidra med viktig erfaringskunnskap om foreldrerettleiing og psykisk helse.

Økonomi

Rekneskapsresultatet for ungdom og fritid viser eit mindreforbruk på kr 1,3 mill. av ei budsjettramme på kr 65 mill.  Dette svarer til ein forbruksprosent på 98. Dette kjem i hovudsak av stram kostnadskontroll gjennom heile året. Det har generelt vore noko lågare aktivitet som følge av korona.