Årsrapport 2020

8 By- og samfunnsplanlegging

I 2020 har kommunestyret vedteke viktige strategiske dokument som kommunal planstrategi og samfunnsdelen i kommuneplanen. Det er vedteke eit nytt plansystem, og det er teke stilling til planbehovet til kommunen for valperioden. Vidare er det vedteke ei rekke arealplanar for bustad-, samferdsels- og næringsutvikling. Gode leveransar er òg gitt i områdesatsing på Storhaug og områdeløft i Hillevåg. Dei fleste fristane for saksbehandlingstid er overhaldne.

8.1 Innleiing

Ikkje alt blei som planlagt i 2020, sidan pandemien har påverka situasjonen også for by- og samfunnsplanlegging. Ikkje minst har prioriteringar og ressursbruk i avdeling for beredskap og samfunnsutvikling ført til at nokre oppgåver er tilsidesette for å bidra til beredskapsorganisasjonen sitt arbeid med pandemihandteringa.

Aktiviteten har vore høg med stor saksmengd i alle avdelingar i 2020, og oppgåveløysinga er tilpassa situasjonen. Digitale metodar og verktøy har fått spesielt gode utviklingsvilkår, og verdifulle erfaringar er hausta.

I 2020 har kommunestyret vedteke viktige strategiske dokument som kommunal planstrategi og samfunnsdelen i kommuneplanen. Det er vedteke eit nytt plansystem, og det er teke stilling til planbehovet til kommunen for valperioden. Vidare er det vedteke ei rekke arealplanar for bustad-, samferdsels- og næringsutvikling. Gode leveransar er òg gitt i områdesatsing på Storhaug og områdeløft i Hillevåg. Dei fleste fristane for saksbehandlingstid er overhaldne.

8.2 Byutvikling

2020 blei eit år med høg aktivitet innanfor planlegging og planbehandling, trass pandemien. Det har vore nødvendig med tilpassa prosessar.

Stavanger kommunestyre har vedteke 16 detaljreguleringsplanar som legg rammer for utvikling og utbygging av offentlege funksjonar, bustad- og næringsprosjekt. Det er vidare oppretta 132 saker fordelte på 3 områdereguleringar, 37 detaljreguleringar og 92 planendringar. Frå nedstenginga i mars og fram til sommaren blei det ikkje gjennomført ordinære fysiske informasjonsmøte, men lagt ut oppdatert informasjon på nettsidene og med kontaktinformasjon til saksbehandlarar. Det har vore nokre informasjonsmøte med påmelding i august/september. Saksbehandlingstida på nokre saker har auka som følge av situasjonen.

Grøn spydspiss

Overordna planar og regionale samarbeid er sentrale verkemiddel for å kunna nå ambisjonen til kommunen om å vera ein grøn spydspiss. Arealdelen i kommuneplanen for den nye kommunen er påbyrja, og planprogrammet blei vedteke i 2020. Arbeidet inkluderer delprosjekta bustad og byutvikling, transport og mobilitet og grøn plan. Det har vore nødvendig å legga om det planlagde medverknadsopplegget som følge av koronapandemien. Digitale møte har vore gjennomførte, og nye digitale verktøy er testa ut.

Det viser seg meir krevjande å jobba med desse oppgåvene frå heimekontor og svært avgrensa moglegheiter for fysiske møte. Nokre få fysiske møte blei gjennomførte i tråd med smittevernreglane i haust, mellom anna på Judaberg og i Vikevåg, i tilknyting til arbeidet med arealdelen i kommuneplanen og grøn plan.

Fleire større prosjekt som skal finansierast via Bymiljøpakken, har fått vedteke reguleringsplan i 2020, inkludert kollektivtraseen frå Jåttå til Ullandhaug, bussvegen frå Gauselvågen til Stasjonsveien og gang- og sykkelvegen langs Dusavikveien. I tillegg har også fleire mindre prosjekt og planar hatt god framdrift.

Regionmotoren

Samarbeidet om den reviderte Byvekstavtalen i 2020 har resultert i ei semje med staten om prioritering av prosjekt og nødvendige kostnadskutt. Det er òg vedteke eit nytt handlingsprogram for kommande år, basert på den reviderte avtalen.

Stavanger kommune har gitt høyringsfråsegn til Regionalplan Jæren fase II, som omhandla bumiljø og kvalitet, grøntstruktur, LNF (landbruk, natur og friluft) og større handelsareal. Regionalplanen blei i 2020 vedteken av fylkestinget, og dannar eit viktig grunnlag for planlegging i heile Stavanger-regionen.

Fleire av kommunen sine eigne områdereguleringsplanar nærmar seg avslutning, medan andre er i oppstartsfase. Planen for Mariero nærmar seg sluttfasen, planen for Forus aust har vore på høyring og blir klargjord for sluttbehandling, og planprogrammet for Hillevåg er klart for vedtak. Førebuande arbeid i Paradis er starta opp. Framdrift for områderegulering for Dusavik avheng framleis av avklaringar om løysing for E39 Smiene–Harestad, men arbeidet med detaljreguleringsplan for del av Dusavik II har blitt klargjort for høyring. Det går framleis føre seg arbeid med interkommunal kommunedelplan for Forus.

«Gode hverdagsliv»

Bustadplanar med kvalitetar i bygg og bumiljø er vedtekne. Plan 2663 for Forusbeen 35 legg til rette for 250 leilegheiter og inneber transformasjon av eksisterande bygg. Randabergveien 24 er òg ombygging av eksisterande eigedom og gir 38 sentrumsnære leilegheiter. Vidare er det vedteke planar som bidreg til god mobilitet for innbyggarane.

Tema for årets byggeskikkpris i 2020 var «gode hverdagsliv», og prisen gjekk til Finansparken Bjergsted.

8.3 Kart og digitale tenester

Retting og kvalitetsheving i matrikkelen

Det er i 2020 jobba med å få på plass ein felles kvalitet i matrikkelen for heile den nye kommunen. Tidlegare Stavanger kommune har dei siste 20 åra brukt mykje ressursar for å gjera matrikkelen til basisregisteret som ligg til grunn for fakturering av kommunale avgifter. I tidlegare Rennesøy og Finnøy har registeret ikkje vore i same bruk, og det har derfor vore nødvendig å få på plass digitale grenser og arealopplysningar for alle bygningar i desse kommunedelane. Arbeidet starta i 2019 og har halde på med full tyngd i heile 2020. Mykje har komme på plass gjennom året, men framleis står det att ein del arbeid.

Takseringsprosjektet

Alle gjenståande eigedommar i kommunen har vore synfarne (fysisk) i 2020, og skattetakstnemnda er godt i gang med å setta mellombelse takstar på skatteobjekta. Det har vore brukt eigne tilsette og sommarvikarar til synfaring av bustad- og fritidseigedommar, medan næringstaksering blei sett bort til eit eksternt firma.

Kartløysing

Avdelinga har laga tilpassa kartløysingar til fleire brukargrupper, både internt og eksternt. I tillegg har dei fleste tilsette ved tenesteområdet gått over til å bruka web-baserte løysingar i staden for desktop-versjonen. Dei nye kartløysingane er mykje raskare å opna og har eit godt brukargrensesnitt. Det er òg laga ein eigen versjon spesielt tilpassa utval for by- og samfunnsutvikling, slik at det skal bli enklast mogleg for dei folkevalde å setta seg inn i plan- og byggesaker som er til behandling.

Beredskapsarbeid og covid-19

To av dei tilsette ved avdelinga har vore dedikerte til beredskapsarbeid i samband med pandemien. Dette er tilsette som elles jobbar spesielt med utvikling og 3D, og følgeleg har det vore ei treigare framdrift på arbeidet med 3D-bymodell enn planlagt.

8.4 Byggesak og byantikvar

Prioriterte oppgåver i planperioden

Frå årsskiftet 2020 har det handla mykje om å organisera saksbehandling, tilsynsoppgåver og kulturminnevern i den nye kommunen. Avdelinga har prioritert å effektivisera, forenkla og vidareutvikla digitale arbeidsplattformer og tenester for å redusera ressursbruk. Korona-restriksjonar har ført til at intern samordning og møte med kundar i all hovudsak er gjennomført digitalt.

Saksbehandling

Lovpålagde fristar for saksbehandlingstid i ordinære byggesaker er i all hovudsak overhaldne i 2020. Talet på byggesøknader har auka med ca. 20 prosent, noko som har ført til at me har prioritert ordinær byggesaksbehandling. Konsekvensen er overskriden saksbehandlingsfrist i fleire klagesaker, men ved utgangen av 2020 er dei fleste klagesakene behandla.

Tilsyn

Prioriterte tilsynsoppgåver i 2020 har vore innanfor universell utforming, tilkomst og tilgjenge, brukbarheit i samsvar med byggtekniske forskrifter (TEK 10 §§ 8 og 12), tilsyn med kvalifikasjonar til føretak, tilsyn med produktdokumentasjon av byggevarer, ulovlege byggearbeid, tilsyn med byggeplass i byggeperioden og ved mellombels bruksløyve/ferdigattest. På grunn av korona-restriksjonane er fleire tilsyn gjennomførte som dokumenttilsyn.

Sjølvkost

Seksjon byggesak er 100 prosent gebyrfinansiert etter sjølvkostprinsippet. For 2020 dekker inntektene alle utgifter.

Trehusbyen og kulturminnevern

God forvaltning av trehusbyen, saksbehandling, rettleiing og rådgiving i plan- og byggesaker er kjerneoppgåver som også i år har hatt høg prioritet for byantikvaren. Kommunesamanslåinga har ført til at det kjem inn fleire saker som gjeld gamle gardshus eller nybygging i gamle tun og i kulturlandskapet på dei mange øyane.

Det blei løyvd éin million kroner til formidlingsarbeid i 2021. Utgangspunktet har vore eit ønske om at huseigarar i trehusbyen skal vera betre informerte om gjeldande reglement og praksis. På grunn av koronarestriksjonar og kapasitetsavgrensingar hos byantikvaren har ikkje alle ambisjonane kunna bli realiserte i 2020, og berre rundt ein tredel av midlane har blitt brukte. Det er planlagt ein koordinert formidlingskampanje rundt påsketider 2021. Ei eiga orienteringssak om dette vil bli lagd fram.

Byantikvaren blei i 2020 styrkt med éi stilling. Den nytilsette deltek i dei løpande oppgåvene til seksjonen, men har hatt hovudvekt på å førebu arbeidet med ny kulturminneplan. Det er planlagt formell prosjektoppstart med denne temaplanen våren 2021.

Byantikvaren har vore noko involvert i førebuingane til by- og domkyrkjejubilea i 2025, og i planlegging av restaureringsarbeida for Domkirken. Spørsmålet om det skulle utførast arkeologiske utgravingar under kyrkjeskipet som ein del av prosjektet, blei sett på dagsordenen av byantikvaren og fekk brei dekning både lokalt og nasjonalt, med det resultatet at vedtaket til Riksantikvaren blei omgjort.

Verneprisen for 2020 blei tildelt gardstunet «Ingvardbakken» (gnr./bnr. 244/10) på Bru.

8.5 Beredskap og samfunnsutvikling

Avdeling for beredskap og samfunnsutvikling har ansvar for det strategiske arbeidet til kommunen innanfor samfunnstryggleik, områdeløft, folkehelse og klimatilpassing. Avdelinga har òg eit særskilt ansvar ved beredskapssituasjonar.

Samfunnstryggleik

2020 blei eit veldig annleis år for avdelinga, sidan koronapandemien har definert mykje av aktivitetsbiletet for beredskap og bandlagt betydelege ressursar sidan staben blei sett.

Handterte hendingar 2020

Beredskapsstaben blei sett ved fleire hendingar i 2020:

  • januar blei det sett stab i samband med storbrannen på Sola flyplass.
  • januar blei det sett beredskapsstab i samband med koronapandemien, denne situasjonen held fram inn i 2021.
  • –11. februar blei det sett beredskapsstab i samband med høg vasstand. Tiltak blei sette i verk og situasjonen handtert.
  • Omfattande cyberangrep i Noreg hausten 2020 er følgde opp, men det har ikkje vore behov for å setta beredskapsstab.

Det blir gjennomført rutinemessig evaluering etter større hendingar, og identifiserte læringspunkt skal følgast opp av tenesteområda.

Øvingar

Leiarteamet til kommunedirektøren har fått opplæring i proaktiv metode og beredskapsplan for å styrka evna til å leia i beredskapssituasjonar. Av omsyn til ressurssituasjonen til dei andre tenesteområda har det vore færre øvingar enn vanleg, men pandemien har gitt mykje praktisk erfaring med beredskapsarbeid.

Prosjekt

Heilskapleg risiko- og sårbaranalyse blei lagd fram for kommunestyret i januar 2020.

Ny beredskapsplan blei ferdigstilt i samband med kommunesamanslåinga og dekker dei ulike identifiserte hendingane som utløyser ein beredskapssituasjon.

Pandemisituasjonen og kapasitetsutfordringar ved avdelinga har påverka framdrifta og gjennomføringa av fleire planlagde prosjekt gjennom året.

Informasjonssenter for befolkninga: Her handlar det om å sjå på løysingar som sikrar kommunikasjon og kontaktpunkt med befolkninga i tilfelle kriser med utfall av EKOM (elektronisk kommunikasjon). Prosjektet er ikkje fullført.

Prosjekt 17. mai: Arrangementet blei avlyst.

Eigenberedskapsveka 2020: Avdelinga hadde planlagt ein kampanje for å styrka eigenberedskapen og gjera innbyggarane mindre avhengige av hjelp i ein innleiande fase av ei krise eller katastrofe. Kampanjen måtte gå ut på grunn av koronasituasjonen.

Folkehelse

I 2020 har hovudprioriteringa vore å sikra folkehelseperspektivet i planarbeidet til kommunen, jf. folkehelselova §§ 4 til 7. Folkehelserådgivarane har hatt ei sentral rolle i planlegginga og etableringa av eit nytt administrativt planforum, som skal sikra tverrfagleg samarbeid og koordinering av areal- og samfunnsplanar. I tillegg skal forumet vera eit sentralt verkemiddel for å sikre interessene til barn og unge i planlegginga.

Pandemien vil sannsynlegvis føra til auka sosiale forskjellar i helse, og dette er noko me har hatt særleg merksemd på dette året.

Arbeidet med ny strategi for folkehelsearbeidet er starta opp.

Det er gjort eit forarbeid til ny strategi for nærmiljøutvikling og områdeløft.

Områdesatsinga på Storhaug

Områdesatsinga på Storhaug var i 2020 i sitt tredje driftsår, og det er igangsett ei rekkje organisatoriske, fysiske, miljømessige og sosiale tiltak. I 2020 har prosjektet lytta til stemmene til ungdommen og lagt til rette for medverknad. 13 ungdommar med fleirkulturell bakgrunn har fått opplæring i intervjuteknikk og kvalitativ metode, og rundt 60 intervju er loggførte og analyserte. Resultata av innsiktsarbeidet skal løfta fram stemmene til unge på Storhaug, og motivera dei til å delta i diskusjonar om spørsmål som gjeld dei. Ungdommane har òg testa ut dei digitale verktøya Decidim og Your priorities. Folkebudsjettering gjennom Decidim er testa ut i ungdomsklubbane på Storhaug og i Hillevåg.

I 2020 er òg bydelsfellesskapet i Kvitsøygata 3vidareutvikla, som skal bli eit miljø for tenesteutvikling, tenesteyting og innovasjon saman med relevante aktørar. Lokalet skal òg vera ein møteplass som legg til rette for aktivitet og deltaking. Koronasituasjonen har gitt nyttige refleksjonar rundt kor viktig det er å skapa gode fysiske knutepunkt i bydelen.

Områdeløft Hillevåg

Områdeløft Hillevåg 2018–2020 er i gang  i samsvar med plan og vedtak. Statusrapport for arbeidet blei lagt fram i kommunalutvalet i sak 109/20. I tillegg blei vidareføring av områdeløft Hillevåg behandla i sak 110/20. Kommunestyret har vedteke vidare satsing på områdeløft i Hillevåg for 2021–2023.

Klimatilpassing

Klimatilpassing blir omtalt under kapittel 2.5 Grøn spydspiss.

Mangfald og inkludering

Tilskotsordningar og prosjekt legg til rette for frivillige og ideelle organisasjonar som jobbar strategisk for mangfald og inkludering. I 2020 blei det mellom anna tildelt folkehelsemidlar til KIA, Islamsk opplæringssenter, Home-Start, Flam Noreg, Open Hands for you og Hekta.

I samarbeid med kommunikasjonsavdelinga blei det laga ei koronarettleiing som Islamsk opplæringssenter og Flam Noreg nytta i informasjonsarbeidet sitt.

Prosjektgruppa for områderegulering i Hillevåg har hatt møte med ulike innvandrargrupper i Hillevåg i samband med høyringsrundar.

Kriminalitetsførebygging

Nordic Safe Cities

Stavanger er medlem av det nordiske samarbeidet Nordic Safe Cities, som jobbar mot radikalisering og valdeleg ekstremisme. I 2020 har Stavanger delteke i eit prosjekt om trygge byrom. Stavanger er òg med i Trygg By Norge, initiert av Gjensidigestiftelsen og Nordic Safe Cities.

Samver

Stavanger kommune leier den regionale gruppa Samver, som arbeider for å kjempa mot radikalisering og valdeleg ekstremisme. Gruppa består av kommunar, fylkeskommunar, kriminalomsorg, politi, PST og RVTS vest. Samver har eit rådgivingsteam som rettar seg mot pårørande til anteke radikaliserte, og arrangerer ein årleg konferanse. I 2020 har det vore fem møte med heile gruppa, i tillegg til møte om ei ny mentorutdanning.

I tillegg har Stavanger hatt fire saker som har blitt handterte av kommune/politi/PST – med møte og oppfølging.

Politiråd

Politiråd og politikontaktar er blant prioriteringane i nærpolitireforma. Politiråd er eit formalisert samarbeid mellom politiet og kommunen om kriminalitetsførebygging og tryggleik i lokalsamfunnet.

Det er utarbeidd ein politirådsavtale, og det er gjennomført 12 møte i 2020.

Politirådet har blitt samde om følgande satsingsområde:

  1. Førebygging av vald og seksuelle overgrep
  2. Førebygging av kriminalitet blant barn og unge
  3. Sikring av det offentlege rommet
  4. Samarbeid knytt til oppfølging av innbyggarar med rus- og psykiatri-utfordringar
  5. Økonomisk kriminalitet, inkludert arbeidslivskriminalitet


Digitale truslar

Auka kunnskap og medvit knytt til straum og EKOM

Dette var eit planlagt satsingsområde for 2020 som har blitt utsett som følge av pandemihandteringa. Det er igangsett eit arbeid for å etablera ein strategi for cybertryggleik. Dette blei ikkje fullført i 2020, men vil takast opp i 2021, samtidig som straum og EKOM vil vera ein viktig del av strategien for samfunnstryggleik som blir utarbeidd i 2021.

8.6 Økonomi

Rekneskapen for for by- og samfunnsplanlegging viser eit mindreforbruk på kr 2,7 mill. av ei budsjettramme på kr 75,3 mill. Dette svarer til ein forbruksprosent på 96,4.

Stab har eit mindreforbruk på kr 3,9 mill. Det positive avviket kjem av ei forskyving av konsulentutgifter til 2021 i samband med retakseringa av alle bustad-, fritids-, og næringseigedommar i kommunen. Budsjettet til konsulentutgifter ligg på stab, og må sjåast i samanheng med meirutgiftene på byutvikling.

Mindreforbruket hos byggesak og byantikvar kjem av meirinntekter på byggesak og mindreforbruk på byantikvar. Formidlingsmillionen, eit informasjonstiltak for huseigare i trehusbyen, har eit underforbruk på grunn av både korona og kapasitet hos byantikvaren, og at midlar til ei stilling blei ståande ubrukte fram til ny medarbeidar starta opp i august 2020.

Byggesak blir drive etter sjølvkostprinsippet. Rekneskapsresultatet ved utgangen av 2020 viser eit mindreforbruk, og det er avsett kr 2,5 mill.  til bunde driftsfond.

Beredskap og samfunnsutvikling har eit meirforbruk på kr 0,2 mill. Avviket ligg i hovudsak på beredskapstenesta. Koronapandemien har kravd store ressursar, og dette har ført til utsette oppgåver i 2020.

Kart og digitale tenester går i tilnærma balanse.