Krav til utarbeiding av konsolidert årsrekneskap tredde i kraft frå og med rekneskapsåret 2020. Kommunestyret har ikkje fastsett finansielle måltal for Stavanger kommune som juridisk eining. Finansielle nøkkeltal vil likevel kunna bidra til å belysa den økonomiske situasjonen per 31. desember 2020. Sjå kapittel 3.1. og 3.5. for ei omgrepsforklaring knytt til ulike finansielle måltal.
Figur 3.14 viser netto driftsresultat i prosent av driftsinntektene for kommunekassen og Stavanger kommune som juridisk eining. Netto driftsresultat blir auka med kr 43,6 mill. i konsolidert rekneskap 2020, noko som utgjer ein auke på 0,3 prosentpoeng.
I konsolidert rekneskap er investeringsutgiftene på kr 1 156 mill. Investeringsutgiftene er i større grad enn for kommunekassen finansiert med bruk av lån, slik at eigenfinansieringsgrada er 55 prosent og dermed noko lågare. Investeringsnivået er 10 prosent av driftsinntektene.
I konsolidert rekneskap er auken i driftsinntektene større enn for langsiktig lånegjeld, samanlikna med rekneskapen for kommunekassen. Dette inneber ein reduksjon i gjeldsgrada for Stavanger kommune som juridisk eining. Gjeldsgrada med og utan startlån er på høvesvis 82 prosent og 63 prosent. Tabell 3.34 viser tilsvarande at eigenkapitalprosenten er høgare i konsolidert rekneskap. Tabellen viser òg at likviditeten per 31. desember 2020 blir styrkt i konsolidert rekneskap.
Likviditetsgrad | Rekneskap for kommunekassen per 31.12.2020 | Konsolidert rekneskap per 31.12.2020 |
---|---|---|
Likviditetsgrad 1 | 2,14 | 2,23 |
Likviditetsgrad 2 | 1,47 | 1,54 |
Arbeidskapital | 2 047 501 | 2 293 277 |
Eigenkapitalprosent | 34,9 % | 37,4 % |