Årsrapport 2020

3.3.3 Pensjonsutgifter

Premieavvik
        Avviket mellom pensjonspremien og berekna pensjonskostnader blir ført som premieavvik.

Avviket mellom pensjonspremien og berekna pensjonskostnader blir ført som premieavvik. Dersom pensjonspremien er høgare enn pensjonskostnader, betyr dette eit positivt premieavvik som blir inntektsført i det aktuelle rekneskapsåret og deretter blir utgiftsført med like store årlege beløp over 7 år. Negativt premieavvik kjem fram når premien er lågare enn pensjonskostnadene. Negativt premieavvik blir utgiftsført i det aktuelle rekneskapsåret og blir deretter inntektsført over 7 år. Formålet med ordninga er å sikra jamnare belastning av pensjonsutgifter i rekneskapane. På kort sikt er det berekna pensjonskostnad som får resultateffekt, medan det på lang sikt er pensjonspremien som får resultateffekt. Regelverket er dei seinare åra endra når det gjeld talet på år eit premieavvik kan tilbakeførast på. Premieavvik som har oppstått før 2011, blir amortiserte over 15 år. Premieavvik opparbeidde frå og med 2014 blir tilbakeførte over 7 år, medan avvik i åra mellom skal førast over 10 år. Føringsprinsippa blei innførte med effekt frå 2002.

Pensjonsutrekningane som ligg til grunn for 2020-budsjettet, blei gjorde før 2019-rekneskapen blei avlagd for pensjonsselskapa. Kommunereforma og ny offentleg tenestepensjon frå 2020 har i tillegg  ført til ei betydeleg omarbeiding av grunnlag og forpliktingar. Desse forholda resulterer i ein del svingingar i prognosane frå pensjonsleverandørane til kommunen sett opp mot budsjettføresetnadene. Samtidig har lønnsveksten i 2020 blitt mykje lågare enn varsla i forkant og ført til mykje lågare pensjonspremiar. Låge premiar blir motsvarte av tilsvarande låge inntektsføringar av premieavvik, i motsetning til høge premiar.

Kommunen har oppnådd ei samla netto innsparing i rekneskapen til kommunen samanlikna med sentralt budsjett i storleiksorden kr 50,3 mill. (inklusiv arbeidsgivaravgift). Hovudårsakene til dette er om lag kr 11 mill. lågare AFP-premie i 2020 (lågare volum enn føresett og endra faktureringsvilkår) og kr 38 mill. i lågare pensjonspremiar og forpliktingar til samarbeidspartane våre med bakgrunn i den låge lønnsveksten og at lønnsoppgjeret for lærarane først blei effektuert i 2021.

Pensjonspremiar på kr 615,8 mill. er i 2020 tilførte pensjonsleverandørane til kommunen, av dette er kr 68,8 mill. betalte av premiefond (sjå note 11). I 2020 blei pensjonskostnadene i Stavanger kommune berekna til å vera kr 76,6 mill. lågare enn netto pensjonspremiar. Differansen kallast positivt premieavvik og er inntektsført i rekneskapen. Amortisering av tidlegare års premieavvik utgjer kr 105,5 mill. og er kostnadsført i samsvar med budsjett. Samla effekt i driftsrekneskapen utgjer ein kostnad på kr 33,0 mill. i 2020 når arbeidsgivaravgifta blir inkludert.

Historisk har pensjonspremiane vore gjennomgåande høgare enn dei berekna pensjonskostnadene. Dette har ført til betydelege inntektsføringar av premieavvik over fleire år og tilsvarande finansiering av tenestene i drifta, også i 2020. Samtidig blei tilbakeføringa av tidlegare inntektsføringar høgare enn inntektsføringa i 2020, slik at nettoeffekten blei ein kostnad i drifta.

Akkumulert premieavvik for Stavanger kommunekassen utgjer kr 527,1 mill. per 31. desember 2020 og viser ein reduksjon på kr 33,0 mill. frå opningsbalansen i den nye kommunen. Akkumulert premieavvik er utgifter som må betalast tilbake og dekkast inn i driftsbudsjetta over dei neste sju åra.

Stavanger kommune har sett av kr 277,1 mill. i eige disposisjonsfond for å dekka opp delar av denne forpliktinga.

Akkumulert premieavvik samla for kommunane har falle frå nivået på kr 28,5 mrd. i 2019 til kr 26,5 mrd. i 2020.