Årsrapport 2020

9.6.8 Økonomi

Byggforvaltning har ein forbruksprosent på 97,5 med eit mindreforbruk på kr 7,7 mill. Koronasituasjonen har ført til lågare aktivitet, og fleire planlagde vedlikehaldsprosjekt har blitt utsette og reduserte. Energisentralen har hos byggforvaltning også eit mindreforbruk tilsvarande kr 2,7 mill., mellom anna som følge av kr 1,8 mill. høgare salsinntekter enn budsjettert og mindre kjøp av konsulenttenester.

Kostnader relaterte til korona utgjorde i 2020 kr 11,0 mill. i tillegg til ei estimert tapt inntekt på Forum Expo tilsvarande 2,8 mill. Byggforvaltning har i justeringar gjennom året fått justert opp ramma med kr 6,1 mill. som følge av korona, medan resterande kostnader er tekne innanfor eiga ramme. Dei største kostnadene er relaterte til auka reinhald, som utgjer kr 5,1 mill., vedlikehald og tilpassing av bygningsmasse tilsvarande kr 3,5 mill., ettergitt leige tilsvarande kr 1,6 mill. og energikostnader tilsvarande kr 0,7 mill.