Årsrapport 2020

7.3 Helsehuset

Kommunalt palliativt team, kreftkoordinator og «av-og-til-kommune» som nye tilbod

Kommunalt palliativt team (KPT) og kreftkoordinator blei etablert som tenester på Helsehuset i 2020, og organisert i avdeling for ambulante tenester, saman med interkommunalt ambulant rehabiliteringsteam (IKART).

Kommunalt palliativt team
        Kommunalt palliativt team består av lege og sjukepleiar med spesialisering i palliasjon.

Kommunalt palliativt team består av lege og sjukepleiar med spesialisering i palliasjon. Teamet gir praktisk bistand og råd til pasientar med livstruande sjukdom med behov for lindrande behandling i Stavanger kommune. Kommunalt palliativt team har òg ein rådgivande og rettleiande funksjon overfor helsepersonell.

Kommunalt palliativt team var knytt til Boganes og Lervig sykehjem i prosjektperioden 2017–2019, og blei etablert i drift på Helsehuset frå 1. januar 2020. Kommunalt palliativt team skal bidra til at innbyggarane skal kunna vera heime i siste fase av livet viss dei ønsker det. I prosjektperioden fekk 124 pasientar oppfølging av teamet, 99 pasientar døydde, og av desse døydde 54 prosent heime. I 2020 fekk 115 pasientar oppfølging av teamet, 60 pasientar døydde i perioden, og av desse døydde 73 prosent heime.

Kreftkoordinator blei tilsett i fast stilling i oktober 2020. Koordinatoren støttar brukarar og pårørande i komplekse livssituasjonar og koordinerer tenestetilboda. 20 pasientar fekk oppfølging frå oktober og ut året. Kreftkoordinatoren jobbar òg med undervisning, eksempelvis for tilsette i heimebaserte tenester, i bruk av smertepumpe.

«Av-og-til»-satsinga til kommunen blei lagd til Helsehuset for å koordinera haldningskampanjen i Stavanger. Stavanger kommune prioriterte i 2020 desse områda for «av-og-til»-arbeidet: eldre, helse og alkohol, båt- og badeliv, arbeidsliv og samvær med barn og ungdom. Arbeidet med satsinga handlar i stor grad om å spreia nasjonalt organiserte kampanjar frå «Av-og-til».

Frisklivstilbod

Helsehuset måtte stenga ned gruppetilboda på grunn av pandemien 12. mars. Brukarar som tok kontakt i løpet av våren, fekk tilbod om individuelle samtalar i staden. Livsstilsskurs og meistringskurs starta opp igjen 1. september, og blei etter kvart vidareført digitalt.

Helsehuset har i 2020 samarbeidd med frivilligsentralane om konseptet Trening med mening. Ordninga har sertifisert og støtta frivillige til å starta opp og halda oppe lågterskel treningstilbod i nærmiljøet. Tilbodet går føre seg utandørs og er gjennomført gjennom heile pandemien.

Interkommunalt ambulant rehabiliteringsteam i drift

IKART
      Helse Stavanger HF og kommunane i føretaksområdet samarbeider om eit interkommunalt ambulant rehabiliteringsteam (IKART).

Helse Stavanger HF og kommunane i føretaksområdet samarbeider om eit interkommunalt ambulant rehabiliteringsteam (IKART). Metoden IKART er sammenfallande med tilrådinga i Nasjonal helse- og sjukehusplan 2020–2023 om ambulante team som eit verkemiddel for å ta vare på vaksne med alvorlege og samansette behov.

IKART  har vore i full drift i 2020 med fysioterapeut, ergoterapeut, lege og psykolog. Drygt 30 brukarar i 9 kommunar har fått bistand, og teamet har vore på til saman 302 heimebesøk. Digital oppfølging er teken i bruk for å halda oppe intensitet i treninga, for å redusera reisetid og for å unngå smitte. IKART har i 2020 auka øvre aldersgrense frå 67 til 70 år.

For å sikra drift av IKART i 2021 og 2022 er det behov for ein forpliktande samarbeidsavtale mellom Stavanger kommune som driftsansvarleg og kommunane i føretaksområdet til Helse Stavanger. Invitasjon til å delta, inkludert ein framforhandla avtale om vertskommunesamarbeid, blei send til alle kommunane i desember 2020.

Visingsleilegheita Hverdagslabben etablert

Hverdagslabben i Helsecampus blei etablert i 2020. Dette er ei visingsleilegheit der innbyggarane skal få informasjon og trening i bruk av ny teknologi, og tilsette og studentar skal få opplæring i nye måtar å jobba på.

I tillegg er fleire digitale og velferdsteknologiske løysingar rulla ut i verksemdene. Avdeling for velferdsteknologi skaffa i 2020 syklar med tv-skjerm til bruk på sjukeheimar. Boganes bufellesskap tok i bruk kalenderverktøy til bruk i samhandling mellom bebuarar, pårørande og tilsette. Videotilsyn blei teke i bruk i heimebaserte tenester som alternativ til tradisjonelt tilsynsbesøk.

Klinisk observasjonskompetanse styrkt

KlinObsKommune er ein trinnvis digital kompetansemodell for å auka klinisk observasjonskompetanse. Trinn 1 gir grunnleggande evner i observasjon av pasientane i samband med utvikling av eit sjukdomsforløp.  Klinisk observasjonskompetanse er viktig for å vita når helsepersonell skal kontakta lege. Alle sjukeheimar og heimebaserte tenester fekk opplæring i trinn 1 i samband med  koronapandemien.

USHT under pandemien

Lokalt og nasjonalt har utviklingssentera for sjukeheim og heimetenester (USHT) vore involverte i arbeid knytt til pandemien. Fleire tilsette ved USHT Rogaland var involverte i koronatesting første halvdel av 2020.

Frå og med august 2020 starta USHT å tilby seminar, kurs og fagdagar digitalt. Eksempelvis blei det gjennomført ein fagdag om demens som hadde 500 strøymingar, og ein fagdag om ernæring som hadde 350 strøymingar. Dessutan fekk ca. 50 leiarar opplæring i pasientsikker leiing på Teams.

Måltidsvenn utsett

Tilbodet «Måltidsvenn» blei gjennomført som eit prosjekt der sjukepleiestudentar var måltidsvenner, men erfaringa var at dette gav liten kontinuitet. I 2020 skulle kommunen prøva ut eit justert prosjekt med samarbeid med frivillige som måltidsvenner, primært i fellesskap med andre på til dømes bydelshus, sjukeheim eller i nærmiljøet. På grunn av restriksjonar med sosial distansering måtte arbeidet stoppast, og det blir søkt midlar for 2021 for å kunna realisera målet for prosjektet.

Intern omorganisering gjennomført

Resultata frå forskingsarbeidet på frisklivssentralen har mellom anna ført til omorganisering av tenestetilbodet på Helsehuset. Frisklivssentralen, psykologtenesta for vaksne og førebyggande heimebesøk blei sommaren 2020 slått saman til «avdeling for helsefremming og meistring» for å kunna gi meir heilskaplege og koordinerte tenester.

I og med at Helsehuset utvida tilbodet gjennom året, blei òg andre tilbod omorganiserte. Helsehuset har no fire avdelingar: avdeling for helsefremming og meistring, avdeling for kunnskap og utvikling, avdeling for ambulante tenester og klinisk rettleiing og avdeling for velferdsteknologi.

Økonomi

Rekneskapsresultatet for Helsehuset viser eit meirforbruk på kr 0,5 mill. av ei budsjettramme på kr 23,2 mill. Tenesteproduksjonen ved Helsehuset er samansett av eksternt finansierte prosjektmidlar og kommunale budsjettmidlar. På grunn av omdisponering av tilsette og restriksjonar med sosial distansering har prosjekt heilt eller delvis blitt flytta frå 2020 til 2021. Resultatet i 2020 må sjåast i samanheng med at eksterne midlar har blitt flytta til 2021.