Årsrapport 2020

2.3.1 Kommunen sin innsats for driftige lokalmiljø

Legga til rette for aktive lokaldemokrati

Kommunedelsutvala fekk i 2020 ei utvida rolle, noko som er reflektert i delegeringsreglementet. Utvala har mellom anna fått innstillande myndigheit overfor utval for by- og samfunnsutvikling i kommunedelplanar og større områdereguleringsplanar som gjeld eigen kommunedel. Rennesøy og Finnøy kommunedelar har i tillegg fått innstillande myndigheit for ei rekke andre utvalde tema.

Målsettinga om at kommunedelspolitikarane skal vera i kontinuerleg dialog med innbyggarane, har i aukande grad blitt ein realitet gjennom året. Kommunedelsutvala har òg fått mandat til å ta initiativ til eigne saker. Eit system for dette, som vonleg vil løfta stemma til innbyggarane og legga til rette for større grad av samskaping, er etablert.

For å styrka arbeidet i tråd med dei nye ambisjonane for kommunedelsutvala har kommunen tilsett to demokratirådgivarar. Første fase i arbeidet til demokratirådgivarane har vore å omsetta idear om nærdemokrati til konkret handling. Demokratirådgivarane har i tillegg vore sentrale bidragsytarar i arbeidet med å testa ut digital medverknad.

I 2020 blei det arbeidd med handlingsplan Frivillighet, og planen er venta ferdig i 2021.

Stavanger kommune testar saman med Trondheim og det nasjonale smartbynettverket eit nytt verktøy for auka innbyggarinvolvering og -budsjettering, Decidim. Verktøyet, gjennom nettstaden www.folkebudsjett.no, gjer det enklare å delta i diskusjonar, spora opp og påverka avgjerds-prosessar og føresegner om utviklinga av byen og nabolaget ein bur og oppheld seg i.

Kommunen sin innsats i utviklinga av velfungerande bydels-/kommunedelssenter
Nærmiljøutvikling er sett i gang med utgangspunkt i områdesatsinga på Storhaug og i Hillevåg. Kommunen har vedteke å vidareføra områdeløft Hillevåg. Det er gjort eit strategisk kjøp av tomt for å sikra areal til skatehall / hall med bydelsfunksjonar på Kvaleberg. Første fase i planlegginga av forprosjekt for Lervig park er ferdig. Kommunen har gjennomført ulike former for medverknad når det gjeld utforming av parken.

Kommunen sin innsats for å utvikla gode møteplassar og opna offentlege bygg for variert bruk
Bydelsfellesskapet i Kvitsøygaten er vidareutvikla i retning av å bli eit miljø for tenesteutvikling, tenesteyting og innovasjon – ein plass for aktivitet og deltaking.

Godt samspel mellom innbyggarar, kommune, frivillige og næringsliv
I 2020 opna innbyggartorga i Vikevåg og på Judaberg. Etableringa bidrog til å skapa ein viktig felles arena og nærleik mellom innbyggarane og kommunen i kommunedelane Rennesøy og Finnøy ved overgangen til ny kommune.

Innbyggartorga skal mobilisera innbyggarar, frivilligheit, næringsliv og kommune til å møtast, bygga fellesskap og samhandla om det som skjer lokalt. I løpet av det første driftsåret opna torga fellesskapsarenaer som sosiale møteplassar og kafé, arenaer for nærdemokrati og dessutan moglegheit for lån av møterom, kreative soner og drop-in arbeidsplassar. Lån av lokale til møte og arrangement og drop-in arbeidsplassar er ope tilgjengeleg for alle via den digitale portalen Aktiv kommune. Kvart torg har ein innbyggartorgkoordinator som legg til rette for koplingar mellom lokale initiativ og ressursar, og mot kommunen sentralt. Dei lokale frivilligsentralane har òg etablert treffpunkt på torga.

Innbyggartorga er ein arena for å tenka nytt om arbeidsformer, tenesteleveransar og samskaping. På Judaberg innbyggartorg er det etablert eit eige «veksthus» for involvering og samhandling om utvikling av nærmiljø og tenester. Her kan innbyggarane jamleg møta lokale politikarar og ulike tenester til ein prat i uformelle omgivnader. Hausten 2020 blei det gjennomført fleire involveringsaktivitetar frå kommune og næringsliv på arenaen. Seinhaustes opna òg ein lokal politipost der innbyggarane kvar veke kan treffa dei lokale politikontaktane.

Innbyggartorga har halde ope i heile perioden. Utviklinga og omfanget av aktiviteten på innbyggartorga er likevel sterkt prega av koronapandemien. I periodar der det blei opna for at fleire kunne møtast fysisk, var aktiviteten høg, med stor breidd i arrangement og aktørar.