Årsrapport 2020

5.3 Leiing og organisering

Koronapandemien har gjort at leiarar på alle nivå i organisasjonen har hatt eit krevjande år og ein uføreseieleg arbeidskvardag. Strenge krav til smittevern og auka fråvær blant tilsette har for mange betydd meir administrasjon og behov for nye måtar å organisera arbeidet på.

Også tilsette har i 2020 måtta arbeida på nye måtar. Fysiske møte har i stor grad blitt erstatta med digitale møte. Eksempelvis har både undervisning til elevar og oppfølging av barn innanfor Oppvekst og utdanning periodevis vore gjennomført ved bruk av digitale verktøy. Tilsette som ikkje har brukarkontakt, har i store delar av året arbeidd heimanfrå.

Tilsette som blei omdisponerte i første halvår, blei gradvis tilbakeførte til arbeidsplassen i løpet av sommaren og hausten. Det blei utarbeidd ei oversikt over personar med helsefagleg kompetanse som kunne omdisponerast til helse og velferd ved ekstra behov. Nokre tilsette blei omdisponerte første halvår, men i andre halvår av 2020 var det ikkje behov for dette.

Det har gjennom 2020 vore eit tett og forsterka samarbeid mellom kommunedirektør, tillitsvalde og hovudverneombod. Møta har handla om utvida styringsrett, omdisponering av tilsette, rutinar for heimekontor, avvikling av ferie og avspasering og nye, mellombelse verksemder. Det er òg gjennomført regelmessige samarbeidsmøte med oppvekst og utdanning og helse og velferd.

5.3.1 Ny visjon

I 2020 vedtok Stavanger kommune ein ny visjon: «Vi bygger fellesskap». Visjonen peikar både på det overordna samfunnsoppdraget og på fellesskapet. Kommunen har eit spesielt ansvar for å bygga det store fellesskapet, samtidig med å bygga opp om dei mange små fellesskapa. Utarbeidinga av verdiane vil gjerast som ein del av arbeidet med ny arbeidsgivarstrategi, og blei derfor utsett til 2021.

5.3.2 Utviklings- og opplæringsprogram for leiarar

Stavanger kommune har eit viktig samfunnsoppdrag som i stor grad blir utøvd gjennom gode og kompetente leiarar. Kommunen har som mål å vera ein lærande organisasjon, og kompetanseutvikling skal derfor vera planlagt og ha ein samanheng med målet og strategien til organisasjonen. God leiarkompetanse er òg viktig for å utvikla ein trygg, open og inkluderande kultur. Stavanger kommune satsar derfor målretta på systematisk leiaropplæring og leiarutvikling.

Leiarutviklingsprogrammet «FOR ANDRE» starta opp i mai 2019, og i 2020 blei det gjennomført samlingar for nivå 1–3 (kommunedirektør, direktør og kommunalsjef/avdelingssjef). Leiarutviklingsprogrammet for nivå 1–3 er dermed avslutta. Kommunedirektøren ønskjer å vidareføra faste samlingar med leiarane på dette nivået også i 2021, men då med aktuelle tema for leiarrolla.

Det har gjennom året 2020 òg blitt utarbeidd ein opplæringsplan for alle leiarar med personalansvar i Stavanger kommune. Opplæringa gir ein introduksjon til leiarrolla, forventningar til leiarar og grunnleggande kompetanse i ansvarsområda til leiarane.

Arbeidet starta som eit prosjekt i samband med etablering av ny kommune, men har no blitt ei driftsoppgåve. Det er framleis nokre kurs under utvikling som blir lanserte i løpet av våren 2021.

Opplæringsplanen består i hovudsak av ulike elektroniske kurs. For enkelte kurs kan det i tillegg vera behov for klasseromsundervisning, eller bruk av andre læringsplattformer. På grunn av den pågåande pandemien er likevel fysiske kurs utsette.

5.3.3 Ny arbeidsgivarstrategi

Arbeidet med ny arbeidsgivarstrategi har halde på i heile 2020, men med nokre avbrot og utsetjingar som følge av koronapandemien. Arbeidsgivarstrategien skal seia noko om korleis Stavanger kommune skal utvikla seg som organisasjon og arbeidsgivar til det beste for innbyggarane i kommunen. Sentrale moment er korleis kommunen skal skaffa tilstrekkeleg kompetanse og arbeidskraft, samtidig som organisasjonen tenker nytt om korleis oppgåvene skal løysast. Betydninga av samarbeid og gode arbeidsfellesskap er òg viktige moment i arbeidsgivarstrategien.

Kommunedirektøren har leidd ei arbeidsgruppe beståande av fire leiarar og fire tillitsvalde som har jobba med innhaldet i arbeidsgivarstrategien. Arbeidsgruppa har hatt fire fysiske samlingar i 2020, og har òg møttest digitalt. Gjennom bruk av intranett og informasjon på ulike arenaer har mange fått komma med innspel til arbeidet. Ved utgangen av 2020 er arbeidet i ein sluttfase, og arbeidsgivarstrategien blir behandla politisk våren 2021.

5.3.4 Heiltidskultur og livsfaseorientert personalpolitikk

I 2020 jobba til saman 61 prosent av alle tilsette i Stavanger kommune i 100 prosent stilling. Denne delen var uendra frå 2019. 67 prosent av alle mannlege tilsette i Stavanger kommune jobba heiltid i 2020, medan 59 prosent av alle kvinnelege tilsette jobba heiltid.

Figur 5.1 Stillingsstorleik fordelt på kjønn, 2020

Det er store forskjellar mellom tenesteområda når det gjeld heiltidsdel og gjennomsnittleg stillingsstorleik. Den lågaste delen i 2020 var innanfor helse og velferd, der delen tilsette som jobba i 100 prosent stilling, var på 42 prosent.

Figur 5.2 Stillingsstorleik fordelt på kjønn i helse og velferd, 2020

Av dei 1102 tilsette i helse og velferd som hadde dei lågaste stillingsstorleikane (0,1–39,9 prosent), var det 847 tilsette (76,8 prosent) som hadde stillingar utan særskilt krav til utdanning. Av tilsette i stillingar utan særskilt krav til utdanning var 61 prosent tilsette som pleiemedarbeidarar, medan 32 prosent var studentar. Den sistnemnde gruppa kombinerer ei deltidsstilling med studiar, og har ikkje mål om full stilling. Prosjektet «Heiltidskultur i Stavanger kommune» starta opp hausten 2020. Prosjektet skal i 2021 utarbeida ein overordna plan for heiltidskultur i Stavanger kommune, og gi tilrådingar til korleis ein kan lykkast med å få fleire heiltidsstillingar. Ein sterk heiltidskultur vil gi betre tenester for brukarane og betre arbeidsforhold for medarbeidarane, i tillegg til betre rammer for leiing.

Stavanger kommune starta hausten 2020 med å utarbeida ein livsfaseorientert personalpolitikk (livsfasepolitikk). Dette inneber at personalpolitikken skal vera tilpassa dei behova tilsette har i alle fasar av yrkeslivet. Behova kan vera knytte til jobb, familie, fritid og livssituasjon. Det er etablert eit godt samarbeid med tillitsvalde og vernetenesta, og det er gjennomført fleire drøftingar undervegs i arbeidet. Det blei òg gjennomført ei kartleggingsundersøking om behov og verkemiddel blant leiarane i kommunen. Livsfasepolitikken er under arbeid og blir lagd fram for politisk behandling våren 2021.

5.3.5 Kjønnslikestilling

Kjønnsfordeling

Stavanger kommune har som målsetting å oppnå ei jamnare kjønnsfordeling innanfor dei ulike verksemds- og tenesteområda.

Tabell x viser at det i Stavanger kommune var 80 prosent kvinner og 20 prosent menn i 2020. Dei største tenesteområda, oppvekst og utdanning og helse og velferd, hadde begge ein svært høg del kvinner (82 prosent). Tenesteområdet bymiljø og utbygging skilde seg ut frå resten av tenesteområda med tydeleg hovudvekt av menn.

TenesteområdeAndel kvinner i prosentAndel menn i prosent
Oppvekst og utdanning8218
Helse og velferd8218
By- og samfunnsplanlegging6535
Bymiljø og utbygging3565
Innbyggar- og samfunnskontakt7525
Stab og støtte6238
Lærlingar7624
Stavanger kommune samla8020
Tabell 5.1 Fordeling kvinner og menn per tenesteområde 2020
Last ned tabelldata (Excel)

Innanfor alle utvalde verksemdsområde er det overvekt av kvinner. Det er flest menn i bufellesskap og i grunnskulen, medan kommunale barnehagar har den lågaste andelen menn.

Utvalde verksemdsområde Andel kvinner i prosentAndel menn i prosent
Bufellesskap 72 28
Heimebaserte tenester 89 11
Sjukeheim 87 13
Kommunale barnehagar 94 6
Grunnskule 77 23
Tabell 5.2 Fordeling kvinner og menn per verksemdsområde 2020
Last ned tabelldata (Excel)

Kjønnsfordeling i ulike stillingsgrupper

Tabellen under viser kjønnsfordelinga for dei ulike stillingsgruppene i 2020. På grunn av kommunesamanslåinga er det ikkje samanlikna tal med 2019.

NrStillingsgrupper Andel kvinner i prosentAndel menn i prosent
1Stillingar utan særskilt krav om utdanning 76 24
2Fagarbeidarstillingar 84 16
3Stillingar med krav om høgskuleutdanning 83 17
4Stillingar med krav om høgskuleutdanning med ytterlegare spesialutdanning 81 19
5Mellomleiar – leiarstilling med krav om høgskule 75 25
6Avdelingssjef/kommunalsjef, verksemdsleiar 63 37
7Akademikarar 69 31
8Under utdanning 75 25
9Direktørar 40 60
Tabell 5.3 Stillingsgrupper fordelte på kvinner og menn, 2020
Last ned tabelldata (Excel)

Kjønnsfordeling og alder

Figuren under viser at det i 2020 var flest menn i aldersgruppa 30–39 år, følgd av aldersgruppa 50–59 år.

Figur 5.3 Kjønnsfordeling i aldersgrupper

Lønnsfordeling mellom kvinner og menn i ulike stillingsgrupper

Tilsette i Stavanger kommune er lønte etter reglane i hovudtariffavtalen (HTA) i kommunal sektor. Om lag 90 prosent av dei tilsette har stilling med hovudsakleg sentral lønnsdanning (HTA kapittel 4) og lønn i samsvar med KS garantilønn for dei ulike stillingsgruppene og ansiennitetstrinna. Dette gjeld gruppe 1, 2, 3, 4, og delar av gruppe 7 og 8.

For tilsette i leiarstillingar (gruppe 5, 6 og 9), og dessutan delar av tilsette i gruppe 7, blir lønna fastsett lokalt. Ved lønnsfastsetting skal det takast omsyn til kompetansen og ansvaret til den enkelte og kompleksiteten i stillinga. Likelønn er eit tema som årleg blir drøfta med tillitsvalde før og under forhandlingane. Likelønn er òg ein del av vurderingsgrunnlaget til arbeidsgivaren.

Stillingsgrupper 2020 Gj.snitt lønn kvinnerMedianlønn kvinnerGj.snitt lønn mennMedianlønn mennKvinners del i % av lønna til menn gj.snittKvinners del i % av lønna til menn median
Stillingar utan særskilt krav om utdanning 360 995 368 600 345 490 322 300 104 114
Fagarbeidarstillingar 423 379 431 400 424 917 431 400 100 100
Stillingar med krav om høgskuleutdanning 512 997 506 400 531 601 506 400 97 100
Stillingar med krav om høgskuleutdanning med ytterlegare spesialutdanning 556 586 556 900 559 290 578 600 100 96
Mellomleiar – leiarstilling med krav om høgskule 651 613 653 900 684 206 690 000 95 95
Avdelingssjef/kommunalsjef, verksemdsleiar 836 511 819 600 872 766 851 800 96 96
Akademikarar 651 252 625 100 694 620 619 332 94 101
Under utdanning 365 750 352 200 365 721 352 200 100 100
Direktørar   1 251 2501 255 000 1 305 667 1 235 000 96 102
Stavanger kommune samla 485 269 484 226 508 610 489 404 95 99
Tabell 5.4 Stillingsgrupper fordelt på kvinner og menn
Last ned tabelldata (Excel)

5.3.6 Brot på arbeidstidsreglane

Turnusavtalen for verksemdene, godkjend av tillitsvalde, dannar grunnlag for utrekning av talet på brot på arbeidstidsreglane i arbeidsmiljølova (aml.). Teljing av brot blir gjort for:

  • kviletid mellom to arbeidsøkter/vakter (aml. § 10-8)
  • lovfesta vekefridag og lengda på fridagen «F1» (aml. § 10-8)
  • arbeidstimar per dag (aml. § 10-5)
  • arbeidstimar per veke (aml. § 10-5).

Av 148 avdelingar som nytta programmet Visma Enterprise ressursstyring, blei det kontrollert 77 turnusar for brot på arbeidsmiljølova, altså halvparten av alle turnusane i kommunen.

I 2020 blei det registrert 1651 brot på arbeidstidsreglane, av totalt 381 981 avvikla vakter. Dette utgjer ein brotførekomst på 0,4 prosent.

TenesteAntal avvikla vakter i 2020Antal brot på aml. i 2020Brotførekomst i prosent
Bydekkande tenester 26 016 322 1,2
Dagsenter og avlasting 24 114 135 0,6
Heimebaserte tenester 148 460 918 0,6
Sjukeheim 183 301 276 0,2
Totalt 381 891 1 651 0,4
Tabell 5.5 Brot på arbeidstidsreglane
Last ned tabelldata (Excel)

Dei fleste brota oppstod som ei direkte årsak av fråvær i avdelinga eller på grunn av vakante vakter.

Kommunedirektøren følger opp verksemder som har mange brot, og det blir gjennomført årlege kurs for leiarar i arbeidstidsplanlegging og turnus.

5.3.7 Prosjekt Menn i helse

Prosjektet har som mål å rekruttera fleire menn til helsesektoren. Målgruppa for prosjektet er menn mellom 25 og 55 år som får ytingar frå Nav. I 2020 tok sju deltakarar fagprøva, medan det blei teikna lærekontrakt med åtte nye menn gjennom prosjektet. For kullet som starta opp i 2020, garanterte Stavanger kommune for inntil 19 praksisplassar og 15 læreplassar. Det er for tida 15 menn som går på skulen, og som har som mål å teikna lærekontrakt hausten 2021.

5.3.8 Organisering av kommunale føretak

Hausten 2019 bad kommunestyret kommunedirektøren om å fremma ei sak om framtidig organisering av dei kommunale føretaka. Arbeidet i 2020 blei noko forseinka på grunn av koronapandemien, men ei ekstern utgreiing blei lagd fram før sommaren 2020. I september blei det gjennomført ein intern høyringskonferanse mellom føretaka, dei tillitsvalde og basisorganisasjonen. Kommunestyret behandla 14. desember 2020 sak om organisering av kommunale føretak (sak 114/20). I saka vedtok kommunestyret at fire kommunale føretak skulle tilbakeførast til basisorganisasjonen i Stavanger kommune. Dei fire føretaka er Stavanger boligbygg KF, Stavanger Idrettsservice KF, Stavanger byggdrift KF og Sølvberget KF. Kommunedirektøren har no starta arbeidet med tilbakeføring av føretaka gjennom prosjektet Foretak til basis. Prosjektet er i oppstartsfasen, og har som mål å overføra tenestene til eitt eller fleire av tenesteområda i Stavanger kommune, og dessutan følga opp kommunestyrevedtaket om at alle tilsette skal vera innplasserte i ny organisasjon innan 30. juni 2021.