Prosjekt under arbeid
Avdelinga for byggeprosjekt står for planlegging og gjennomføring av alle formålsbygg i Stavanger kommune. Dette er i hovudsak prosjekt som blir vedtekne i investeringsbudsjettet. Brutto investeringsutgifter i 2020 gjennomført av byggeprosjekt var 398,5 millionar kroner.
I 2020 blei det arbeidd med moglegheitsstudiar for Stavanger legevakt (nytt akuttmedisinsk senter), Blidensol sykehjem (kapasitetsutviding), Mosvangen dagsenter/sansehus og Kvernevik skule.
Reguleringsarbeid og utvikling av prosjektet i Lervigkvartalet har vore eit stort og krevjande arbeid i 2020, og ligg nokre månader bak den opphavlege planen. Lervigkvartalet er det største prosjektet i Stavanger kommune i dag, og det består av skule, barnehage, idrettshall, bydelsfunksjonar, kontor, butikk og parkeringsareal under bakken.
Reguleringsarbeid og utvikling av Vaulen skule er i gang.
OPS-prosjektet (offentleg–privat samarbeid) på Kvernevik og Sunde bydelshus kom i gang igjen etter at ei klage frå naboeigedommen ikkje blei teken til følge av Statsforvaltaren sommaren 2020. Oppstarten er planlagd til februar 2021.
Følgande prosjekt er i forprosjektfase og/eller detaljeringsfase før dei blir lagde ut i anbodskonkurransar:
- Stavanger rådhus, ombygging/rehabilitering
- Lervig parkering og næring, Lervig kontor, Lervig bydelsfunksjonar, Lervig skule, Lervig barnehage, Lervig idrettshall
- Strømvik barnehage
- Finnøy helse- og omsorgssenter
- Ramsvigtunet sykehjem
Anbodskonkurransar blei førebudde og lagde ut for:
- Hundvåg kirke
- Teknikken barnehage
- Tastaveden skule
- Utføringsentreprise for grunnarbeid på Lervigkvartalet
- Utføringsentreprise for rivearbeid på rådhuset
Prosjekt som ikkje er starta på byggeplass, men der kontraktar er inngått:
- brannstasjon Lervig (reguleringsmessige avklaringar)
- Madlamark idrettshall (fase 2 i arbeidet med totalentreprisen er på plan)
Prosjekt som er starta opp, eller der det var byggeaktivitetar på byggeplass i 2020:
- Nye Tou byggetrinn 3
- brannstasjon Judaberg
- brannstasjon Schancheholen
- Hinna garderobe og klubbhus
- Vardeneset barnehage
- Smiene barnehage
- Sykkelparkering OK23
- Hinna bufellesskap
- Solborg sjølveigarleilegheiter
Byggeprosjekt som blei ferdigstilte i 2020
- Hinna garderobe og klubbhus
- Nye Tou byggetrinn 3 (står att nokre tilleggsarbeid i 2021)
- Sykkelparkering OK23
- Hinna bufellesskap
- Vardeneset barnehage
- Smiene barnehage
Byggherreforskrifta – tryggleiks-, helse- og arbeidsmiljørapportering i prosjekta våre
Type rapport | Antal 2020 | Antal 2019 |
---|---|---|
Rapport uønskte hendingar – RUH | 162 | 121 |
Skadar utan fråvær – SuF | 6 | 17 |
Skadar med fråvær – SmF | 2 | 1 |
Koronapandemien
Framdrifta og kostnadene relaterte til byggeprosjekta har i lita grad blitt påverka av koronapandemien. Gjennom store delar av 2020 har avdelinga og prosjekta vore drivne ved bruk av heimekontor for dei enkelte medarbeidarane. Arbeidsplassane i OK19 har i periodar, der det har vore mogleg, vore brukt av opptil 50 prosent av dei tilsette, men jamt over året har talet på tilsette på kontoret vore betydeleg lågare.
System
Byggeprosjekt har til liks med andre byggherreavdelingar i BMU gjennomført kartlegging av arbeidsprosessar ved bruk av eksterne konsulentar i 2020. Som ein konsekvens av dette arbeidet har avdelinga utarbeidd ein ny prosjektmodell som blir innført i 2021. Modellen vil bli lagt til grunn for revisjon av byggeinstruksen som blir lagd fram til politisk behandling våren 2021 med sluttbehandling i KS.
Nye seriøsitetsreglar er under innføring saman med bruk av HMSREG (eit system for å motverka arbeidslivskriminalitet og sosial dumping) for å kontrollera oppfølging av gjeldande krav, og handlingsplanen klima og miljø er innarbeidd i systema våre og blir lagd til grunn i alle nye anbodskonkurransar. I konkurransegjennomførings- og kontraktsadministrasjonsverktøyet Mercell er malar for gjennomføring av konkurransar etablerte, saman med avtaledokument med vedlegg for byggherreinnkjøp. Det er laga ei løysing med tilgang til malane frå intranett til kvalitetssystemet TQM og Mercell.
Politiske saker
Oversikt over byggeprosjektsaker lagde fram for politisk behandling i 2020.
Totalt 30 saker og 53 behandlingar.
P-nr. | Sak | Tema | Type sak | PL | Utval | Dato / Sak |
---|---|---|---|---|---|---|
fleire | Brannstasjonar Schancheholen og Lervig | Kostnadsoppstilling etter anbod | sak | LTK | UMU | 22.01.2020, 10/20 |
FSK AU | 28.01.2020, 17/20 | |||||
FSK | 30.01.2020, 17/20 | |||||
fleire | Brannstasjonar Schancheholen og Lervig | Anbodsinnstilling | referatsak | LTK | UMU | 22.01.2020, 5/20 |
3844110 | Finnøy helse- og omsorgssenter - utbygging - prosjektnr. 3844110 - byggeprogram | Byggeprogram | sak | SVLU | Eldrerådet | 22.09.2020, 48/20 |
FIN | 22.09.2020, 25/20 | |||||
UHV | 29.09.2020, 50/20 | |||||
UMU | 28.10.2020, 147/20 | |||||
3844016 | Gautesete skule – rehab og ombygging til U15 - sluttrekneskap | Sluttrekneskap | sak | JAS | UMU | 23.09.2020, 131/20 |
3744009 | Hinna garderobeanlegg inkl. rekkefølgekrav prosjekt nr. 3744009 og nr. 3744019 sluttrekneskapar | Sluttrekneskap | sak | JAS | UMU | 28.10.2020, 148/20 |
38440047 | Hundvåg kirke – rehabilitering | Forprosjekt | sak | EMS | FSK AU | 17.03.2020, 48/20 |
FSK | 19.03.2020, 48/20 | |||||
38440047 | Hundvåg kirke – rehabilitering | Kostnadsoppstilling etter anbod | sak | EMS | UMU | 18.11.2020, 165/20 |
38440047 | Hundvåg kirke – rehabilitering | Anbodsinnstilling | referatsak | EMS | UMU | 18.11.2020, 31/20 |
? | Lervigskvartalet | Byggeprogram | sak | EV | Storhaug kdu | 18.02.2020, 12/20 |
UMU | 19.02.2020, 25/20 | |||||
UKIS | 11.03.2020, 22/20 | |||||
FHR | 12.03.2020, 38/20 | |||||
UOU | 15.04.2020, 12/20 | |||||
UBs | 23.04.2020, 45/20 | |||||
UMU | 06.05.2020, 50/20 | |||||
FSK AU | 12.05.2020, 88/20 | |||||
FSK | 14.05.2020, 88/20 | |||||
3844007, 3844063 | Madlamark skule idrettshall | Kostnadsoppstilling etter anbod | sak | KH | UMU | 19.02.2020, 22/20 |
3844007 | Madlamark skule nybygg – Paviljongskular – kjøp/leige | Paviljongskular | sak | KH | UMU | 06.05.2020, 63/20 |
3844082 | Nye Tou btr. 3 | Kostnadsoppstilling etter anbod | referatsak | LTK | UMU | 22.01.2020, 2/20 |
3844082 | Nye Tou btr. 3 | Anbodsinnstilling | referatsak | LTK | UMU | 22.01.2020, 3/20 |
3844003 | Olav Kyrres gate 19 rehabilitering – p.nr. 3844003 og p.nr 3744041 – sluttrekneskap | Sluttrekneskap | sak | BMN | UMU | 28.10.2020, 150/20 |
3844114 | Ramsvigtunet – utviding prosjektnr. 3844114 – byggeprogram | Byggeprogram | sak | SVLU | Eldrerådet | 22.09.2020, 47/20 |
Storhaug kdu | 22.09.2020, b.prog. | |||||
UHV | 29.09.2020, 49/20 | |||||
UMU | 28.10.2020, 146/20 | |||||
3844076 | Ramsvigtunet – senter for demens | Konseptval | sak | SVLU | UMU | 22.01.2020, 6/20 |
Eldrerådet | 04.02.2020, 1/20 | |||||
FHR | 06.02.2020, 1/20 | |||||
UHV | 11.02.2020, 1/20 | |||||
NA | Risiko i byggeprosjekta til kommunen | Risiko i byggeprosjekt | referatsak | KJA | UMU | 17.06.2020, 15/20 |
UMU | 26.08.2020, 25/20 | |||||
3844021 | Solborg – Kostnadsoppstilling etter anbod | Anbodsinnstilling | referatsak | RRN (SB) | UMU | 26.08.2020, 18/20 |
3844021 | Solborg-prosjektet | Kostnadsoppstilling etter anbod | sak | RRN (SB) | UMU | 26.08.2020, 107/20 |
3844025 | Stavanger idrettshall, rehabilitering | Sluttrekneskap | sak | EMS | UMU | 19.02.2020, 15/20 |
3844084 | Stavanger legevakt – mellombelse kontorlokale | Sluttrekneskap | sak | BMN | UMU | 17.06.2020, 96/20 |
3844094 | Strømvik barnehage prosjektnr.: 3844094 – Byggeprogram | Byggeprogram | sak | BMN | UMU | 28.10.2020, 151/20 |
3844051, 3844050, 3044049 | Tasta, 3 barnehagar – Barnehagen Tasta, Ytre Tasta barnehage, avd. Vardenes, Tastavarden barnehage, avd. Smiene – Sluttrekneskap | Sluttrekneskap | sak | AB | UMU | 16.12.2020, 181/20 |
3844013 | Tastaveden skule, rehabilitering, prosjekt nr. 3844013 – forprosjekt | Forprosjekt | sak | JEA | UMU | 16.12.2020, 180/20 |
3844072 | Teknikken barnehage | Byggeprogram | sak | EMS | UMU | 19.02.2020, 21/20 |
3844072 | Teknikken barnehage – prosjekt 3844072 – Skisseprosjekt, anbodsgrunnlag | Skisseprosjekt | sak | EMA | UMU | 28.10.2020, 152/20 |
NA | Usikkerheitsstyring og risikoavsetning i byggeprosjekt | Usikkerheitsstyring og risikoavsetning | referatsak | KJA | UMU | 16.12.2020, 200/20 |
3844008 | Vaulen skule nybygg og utviding – Grunnlag for detaljregulering for ny skule – orienteringssak | Orientering | sak | KH | UMU | 26.08.2020, 108/20 |
3844007 | Vaulen skule nybygg og utviding - status skuletomt på Mariero | Skuletomt – status | sak | KH | UMU | 06.05.2020, 64/20 |
FSK AU | 12.05.2020, 87/20 | |||||
FSK | 14.05.2020, 87/20 | |||||
NA | Årsprogram Byggeprosjekt | Årsprogram | referatsak | RK | UMU | 22.01.2020, 4/20 |
Økonomi
Byggeprosjekt har ein forbruksprosent på 144,7, med eit meirforbruk som utgjer kr 3,1 mill. I samband med 2. tertial 2020 blei det gjort ei overføring på kr 3,7 mill. frå investeringar, sidan leige av modulbygg knytt til eit investeringsprosjekt ved Madlamark skule blir belasta driftsbudsjettet. Kostnaden knytt til dette prosjektet utgjorde i 2020 kr 5,1 mill., som svarer til kr 1,4 mill. meir enn anteke ved 2. tertial 2020. Ei anna årsak er at det er utbetalt tilskot til Hinna FKs klubbhus tilsvarande kr 1,8 mill. som det ikkje var budsjettmessig dekning for i driftsrekneskapen.