Årsrapport 2020

7.10 Rehabiliteringsseksjonen

Tilboda tilpassa til smittesituasjonen

Rehabiliteringsseksjonen har tilpassa tenestene til smittesituasjonen og nasjonale og lokale føringar. I perioden mars–mai hadde bustadoppfølgingstenesta telefonkontakt med brukarane og gjennomførte besøk utandørs, og i avgrensa grad i heimen. Det stasjonære lågterskel helsetilbodet blei redusert, medan det ambulante helsetilbodet blei trappa opp. Det kommunale mellombelse butilbodet Lagård dag- og nattlosji var ope, og det same var dei samlokaliserte butilboda og bufellesskapa. Fem isolasjonsplassar blei oppretta i tilfelle det skulle komma eit smitteutbrot der isolasjonen måtte gjennomførast utanfor eigen bustad, men desse har ikkje vore i bruk i 2020.

K46 blei ikkje stengd, men avgrensa bruken av fysiske samtalar i perioden mars–april. Frå mai hadde K46 ordinære opningstider. K46 heldt oppe kontakten med ungdommar og pårørande på telefon, men etter kvart også som fysiske samtalar innanfor rammene for smittevern. Fysiske møte ved førstegongsførespurnader, oppmøte på dør / lågterskel og oppfølging av ungdom/familiar der det blir vurdert som fagleg nødvendig, har blitt prioritert. Døgnavdelinga ved K46 hadde redusert kapasitet frå mars og ut året (tre av fem bebuarplassar).

Lokale tiltak mot hepatitt C sette i verk

Våren 2019 lanserte Helsedirektoratet ein implementeringsplan for «Nasjonal strategi mot hepatitter 2018–2022». Rehabiliteringsseksjonen har i 2020 arbeidd med å setta i verk lokale tilrådingar. Ein ressursperson ved helseavdelinga har fått eit hovudansvar for å halda seg fagleg oppdatert på behandlingsmoglegheiter, og bidra med kunnskap til fagpersonar og brukarar. Det er etablert eit godt samarbeid med hepatitt C-sjukepleiarane på sjukehuset. Brosjyre og plakat som gir oppdatert informasjon om førebyggande tiltak og behandlingsmoglegheiter for hepatitt C, er laga og sendt ut til aktuelle stader som brukarar oppsøker eller oppheld seg på. Rehabiliteringsseksjonen markerte òg verdas hepatittdag 28. juli.

Meir tid til bu-oppfølging

I 2020 har bustadeigar ved Stavanger boligbygg KF overteke ansvaret for forvaltning av bustadene som rehabiliteringsseksjonen tidlegare har framleigd og kravd inn husleige for. Dette har ført til at rehabiliteringsseksjonen i større grad kan fokusera på oppfølgingstenester for leigetakarane, til dømes tiltak knytte til rehabilitering og trening i hushaldsfunksjonar med mål om at brukarane skal bli mest mogleg selvhjulpne, eller opplæring i å meistra aktivitetane sjølve.

Mottaks- og oppfølgingssenter for unge (MO-Ung)

Tett på
        «Tett på!» – ytingssjokk for unge – er eit oppfølgingstilbod for unge.

«Tett på!» – ytingssjokk for unge – er eit oppfølgingstilbod for unge. Tiltaket starta opp som eit prosjekt i 2015/2016. Frå 2020 blei tiltaket vidareført i drift med til saman to årsverk. Formålet med oppfølgingstilbodet «Tett på!» er å legga til rette for at ungdom i alderen 16 til 25 år som står i fare for å utvikla eller har eit rusproblem, skal få systematisk og god tverrfagleg oppfølging og hjelp. Motivasjonen til ungdommane kan vera flyktig. Når ungdommen er klar til å få hjelp, må hjelpetiltaka vera lett tilgjengelege, fleksible og tett på. Den tette, samordna oppfølginga skal vera målretta, systematisk og avgrensa i tid.

Dei tilsette i dette tilbodet skal ha eit overordna blikk på kva tenester som er aktuelle for målgruppa, og vera kopla på det som kan fungera for den enkelte. Ungdom i målgruppa kan ha svært ulike behov og ulike utgangspunkt, om det så gjeld skule eller generell fungering i kvardagen. Oppfølgingstilbodet tek utgangspunkt i behovet til den enkelte ungdommen og prøver saman med den unge å finna ein veg som kan fungera.

Det er vedteke at K46 skal gjerast om til eit mottaks- og oppfølgingssenter for unge. Ved å gjera dette kan ein samlokalisera dei ulike tenestene til ungdom for å gjera dei lettare tilgjengelege for brukarane. I 2020 blei det sett i gang eit pilotprosjekt med nærvær frå helse- og velferdskontora ved «Tett på»-medarbeidarane. Ved å ha representantar frå helse- og velferdskontora på K46 får ungdommane tilgang til tenester som dei elles må oppsøka helse- og velferdskontora for å få. På grunn av tronge lokale og smittevernomsyn har dette pilotprosjektet blitt gjennomført i litt mindre skala enn planlagt. Gjennom heile 2020 er det arbeidd med å finna nye lokale til MO-Ung.

Aktivitetstilbod i koronatid

Aktivitetstilbodet Huset har halde oppe fleire tilbod som trening, turar, idrettsaktivitetar, kunst, handverk og musikk. Husets aktivitet har vore påverka av koronasituasjonen og har tidvis vore stengt i samsvar med nasjonale og lokale retningslinjer. Ved stenging har brukarane fått tilbod om telefonkontakt sidan Huset for fleire er ein stabil og viktig arena for trygt sosialt samvær. Fleire brukarar nytta seg av dette tilbodet.

Sysselsettingstilbodet Løa har halde ope mykje av 2020, og berre vore stengt når nasjonale føringar har kravd det. Arbeidet med å sjå på moglegheita for å tilby andre typar lågterskel sysselsetting til ei breiare målgruppe enn det som blir gjort i dag, er likevel eit av tiltaka som ikkje har blitt prioritert gjennom året.

Gjennomgang av dei ambulante oppfølgingstenestene starta

Rehabiliteringsseksjonen er ein viktig aktør i arbeidet med dei ulike tiltaka i kommunen sin ruspolitiske handlingsplan. Koronapandemien har ført til eit lågare tempo i iverksettinga av tiltaka.

Eit av tiltaka som blei prioritert i 2020, er ein gjennomgang av dei ambulante oppfølgingstenestene til menneske med rusmiddelavhengnad og/eller psykiske lidingar. Her inngår to tiltak ved rehabiliteringsseksjonen – miljøtenesta og miljøterapeut rus. I dette arbeidet skal det foreslåast ei organisering som i større grad samlar dei ulike ambulante oppfølgingstenestene, utnyttar ressursane på ein betre måte, og sikrar at brukarane får tenester som er betre tilpassa behovet deira. Arbeidet vil bli vidareført i 2021.

Økonomi

Rekneskapen for rehabiliteringsseksjonen viser eit mindreforbruk på kr 0,9 mill. av ei budsjettramme på kr 59,9 mill. Dette svarer til ein forbruksprosent på 98,5.

Mindreforbruket kan i hovudsak forklarast med lågare kostnader til husleige og straum, etter at Stavanger Boligbygg KF i løpet av året tok over ansvaret for forvaltning av bustadene. Verksemda har òg hatt noko reduksjon i inntekter som følge av lågare belegg på grunn av reduserte bebuarplassar. Færre bebuarar har òg gitt tilsvarande lågare utgifter til mellom anna lønn og mat. Verksemda har hatt auka kostnader til smitteavgrensande forbruksmateriell og dessutan etablering av isolasjonsleilegheiter. Det er motteke tilskot til smittevern- og oppfølgingsarbeid for personar som har problem med rus og psykisk helse som dekker noko av dei auka utgiftene. Sidan MO-senter Ung ikkje flytta til nye lokale som planlagt, blei budsjettmidlar til flytting og etablering trekte ut av budsjettramma i 2. tertial. Samtidig blei kr 0,5 mill. av desse midlane omdisponerte innanfor budsjettramma til K46 for å dekka reingjeringsutgifter.