Årsrapport 2020

5.1 Innleiing

Kompetente tilsette, ein velfungerande organisasjon og effektive verktøy er viktig for at innbyggjarane til Stavanger kommune skal få gode tenester. I 2020 måtte ambisjonsnivået justerast både innanfor desse områda, då tilsette vart omdisponerte til andre oppgåver i samband med pandemien.  Dette kan få konsekvensar for handlekrafta til organisasjonen og vidare utvikling framover.

Av større utviklingsoppgåver som vart utsette i 2020 var ny arbeidsgivarstrategi, utarbeiding av livsfaseorientert personalpolitikk og handlingsplan for utvikling av heiltidskultur i Stavanger kommune.

Det vart i 2020 prioriterte ressursar til å auka kompetansen og kunnskapen om nasjonale fellesløysingar og felleskomponentar i regi av KS. Dette, saman med prosjekt som Akson – felles kommunal journal, vil vera viktig infrastruktur for å kunna levera digitale tenester til innbyggjarane.

Kommunereforma som vart gjennomført i perioden 2014-2020 førte til at Stavanger, Finnøy og Rennesøy vart slått saman og den nye kommunen etablert 1. januar 2020. Samanslåinga var ein omfattande og komplisert endringsprosess, men blir vurdert som vellykka. Ved oppstart av ny kommune var det ingen vesentlege driftsforstyrringar verken i tenesteproduksjonen eller rundt andre forhold av kommunedrifta. Ei godt avklart organisering og det omfattande arbeidde som vart lagt i harmonisering, har gjort at tenester har vorte gitt likt til innbyggjarane i heile kommunen utan vesentlege driftsforstyrringar i 2020.