Årsrapport 2020

9.7 Idrett

Koronapandemi og drift av idrettsanlegga

Då koronapandemien slo til med full styrke den 12. mars, blei tilbodet blant idrettslag, publikum, skular og barnehagar redusert. Reduksjonen i tilbodet førte til at aktiviteten og drifta i anlegga, i store delar av året, også var lågare.

Styrkinga av publikumstilbodet i svømmehallane blei ikkje som planlagt. Som følge av pandemien måtte svømmehallane ha færre brukarar i anlegga samtidig slik at det skulle vera mogleg å halda avstand til kvarandre. Det har blitt arbeidd vidare med å utvikla eit bookingsystem, som blei kjøpt inn for å ha kontroll over kor mange og kven som er i svømmehallane samtidig.

Så lenge pandemien varer, vil det vera vanskeleg å føresjå korleis den langsiktige drifta av svømmehallane blir.

Forus sportssenter

Eigarstrukturen og driftsforma for anlegget har blitt avklart av dei nye eigarane Stavanger og Sandnes kommune. Det har ikkje komme noka avklaring om korleis Sola og Randaberg kommunar vil gå inn på eigarsida av anlegget. Folkehallene IKS er engasjert som driftar av anlegget gjennom ein eigen driftsavtale med eigarkommunane. Eigarkommunane vil tildela treningstid til dei respektive idrettslaga sine etter eigarbrøken i anlegget.

Stavanger ishall

Stavanger kommune har mange isflater for ulike is-idrettar. Det har vore ei utfordring gjennom fleire år at sesongen for is-idrettane har vart rundt seks månader. Kommunane har igjennom forhandlingar og samarbeid med Stiftelsen Stavanger ishall slått saman fleire av dei gamle avtalane som regulerer bruken av Stavanger ishall og Siddishallen. Det har blitt samde om å forlengja is-sesongen med ein månad, utan at kostnadene til kommunen aukar.

Økonomi

Idrett har ein forbruksprosent på 97,8 i 2020. Mindreforbruket utgjorde kr 2,6 mill. Hovudårsaka til mindreforbruket er høgare leigeinntekter frå idrettsanlegg. Samtidig er det brukt meir enn budsjettert på kjøp av tenester til drift av idrettsanlegg.

Koronasituasjonen har medført endringar i inntekts- og kostnadsbilete til Idrett i 2020. Dette vart i stor grad hensyntatt i tertialane. Dette gjeld auka kostnader til blant anna reinhald av gymsalar og kompensasjon til Stiftelsen Stavanger ishall, som følgje av kanselleringa av ONS. Det gjeld òg mindre kostnader som følgje av at Handball EM ikkje vart haldne og lengre tider med stengde idrettsanlegg. På grunn av kanselleringa av ONS vart òg budsjettet justert for tapte leigeinntekter. Det same gjeld billettinntekter på symjehallar, som vart nedjusterte med kr 4,8 mill.