Årsrapport 2020

9.6.4 Energisentralar

Triangulum

Energisentralen som hentar energi frå avløpsvatn og forsyner Stavanger svømmehall og tre administrasjonsbygg (OK23, OK19 og Rådhuset) med varme og kulde, har hatt sitt tredje driftsår. Energirekneskapen viser at varmepumpene produserte 2 009 400 kWh varmeenergi, og energibruken til varmepumpene var på 541 855 kWh. Dette gir ein årsvarmefaktor1på 3,70.

Stavanger forum

Volumet av energileveransen til Forumområdet er i samsvar med dei inngåtte leveringsavtalane og gir følgjande effektar:

  • fjernvarme ca. 4,7 MW
  • fjernkjøling ca. 3,7 MW
  • saltlake ca. 1,3 MW
  • forbruksvatn ca. 1,4 MW

Seksjonen er tilført to nye stillingar for tekniske fag i 2020. Vidareutvikling av eksisterande energisentralar og satsing på felles energiløysingar i område er no styrkt for å mellom anna følgja opp aktivitetar i handlingsplanen til klima- og miljømåla. Stillinga skal sørgja for at kommunen driv dei eksisterande energisentralane sine effektivt, og skal arbeida aktivt for å innføra nye energisentralar i område der dette er formålstenleg.

I 2020 søkte kommunen saman med LyseKlimasats om etablering av ny energisentralløysing basert på flisfyring og produksjon av biokol på Revheim. Søknaden er ikkje ferdig behandla, men vil vera eit typisk område som denne ressursen skal bidra med å realisera.