Årsrapport 2020

9.6.1 Drift og forvaltning

Effektiv og miljøvennleg drift

Den overordna målsettinga om at kommunen skal drifta bygningsmassen på 750 000 m2 på ein sikker og kostnadseffektiv måte, ligg fast. Med det vedtekne målet om 80 prosent klimagassreduksjon innan 2030 vidareførte avdelinga ulike klima- og miljøvennlege tiltak i eksisterande bygningsmasse. Kommunen går frå meir tradisjonelt vedlikehald av bygg til større og meir omfattande oppgraderingar, og den utviklinga heldt fram i 2020.

Vedlikehald av bygg

Verdibevarande vedlikehald av bygga til kommunen har over lang tid vore ei prioritert oppgåve. Kartleggingar viser at den auka satsinga på vedlikehald og rehabiliteringar har gitt ei gradvis betring av den tekniske tilstandsgrada. Kommunen klarte å vidareføra den positive utviklinga også i 2020, sjølv om tilgjengelege midlar per m2 har gått noko ned frå åra med stimuleringsmidlar. Dette kjem av dei statlege motkonjunkturtiltaka i samband med koronapandemien som bidrog til ein auke av midlar til vedlikehaldet.

Oppdatera bygg til nye krav og behov

Verksemder og brukarar av kommunale bygg er avhengige av at bygga blir tilpassa endringar i behov og krav. Det er likevel avgrensa moglegheiter for å ta hand om dette, sett bort frå når bygg blir totalrehabiliterte. Dei viktigaste utviklingsoppgåvene har avdelinga likevel klart å ta hand om.

I 2020 prioriterte avdelinga universell utforming i bygg, grovgarderobar i barnehagar og medisinskap på sjukeheimar.

Sjølv om kommunen samla sett har god standard på bygga, var volumet på totalrehabiliteringar i 2020 ikkje tilstrekkeleg for å ta vare på den forventa levetida til byggetekniske element på 30 år. Rehabiliteringstakten må aukast betydeleg dersom kommunen skal klara å sikra ei normal utvikling reint bygningsteknisk, og om me skal ta omsyn til verksemdene sine endringar i krav og behov.

Fagsystem for eigedomsforvaltning

Oppgradering eller nyinnkjøp av fagsystem for eigedomsforvaltning for Stavanger eigedom har vore ei prioritert oppgåve i planperioden. Nytt system blei skaffa hausten 2019, og implementeringa av systemet er i gang.