Årsrapport 2020

9.5 Byggeprosjekt

Prosjekt under arbeid

Avdelinga for byggeprosjekt står for planlegging og gjennomføring av alle formålsbygg i Stavanger kommune. Dette er i hovudsak prosjekt som blir vedtekne i investeringsbudsjettet. Brutto investeringsutgifter i 2020 gjennomført av byggeprosjekt var 398,5 millionar kroner.

I 2020 blei det arbeidd med moglegheitsstudiar for Stavanger legevakt (nytt akuttmedisinsk senter), Blidensol sykehjem (kapasitetsutviding), Mosvangen dagsenter/sansehus og Kvernevik skule.

Reguleringsarbeid og utvikling av prosjektet i Lervigkvartalet har vore eit stort og krevjande arbeid i 2020, og ligg nokre månader bak den opphavlege planen. Lervigkvartalet er det største prosjektet i Stavanger kommune i dag, og det består av skule, barnehage, idrettshall, bydelsfunksjonar, kontor, butikk og parkeringsareal under bakken.

Reguleringsarbeid og utvikling av Vaulen skule er i gang.

OPS-prosjektet (offentleg–privat samarbeid) på Kvernevik og Sunde bydelshus kom i gang igjen etter at ei klage frå naboeigedommen ikkje blei teken til følge av Statsforvaltaren sommaren 2020. Oppstarten er planlagd til februar 2021.

Følgande prosjekt er i forprosjektfase og/eller detaljeringsfase før dei blir lagde ut i anbodskonkurransar:

  • Stavanger rådhus, ombygging/rehabilitering
  • Lervig parkering og næring, Lervig kontor, Lervig bydelsfunksjonar, Lervig skule, Lervig barnehage, Lervig idrettshall
  • Strømvik barnehage
  • Finnøy helse- og omsorgssenter
  • Ramsvigtunet sykehjem

Anbodskonkurransar blei førebudde og lagde ut for:

  • Hundvåg kirke
  • Teknikken barnehage
  • Tastaveden skule
  • Utføringsentreprise for grunnarbeid på Lervigkvartalet
  • Utføringsentreprise for rivearbeid på rådhuset

Prosjekt som ikkje er starta på byggeplass, men der kontraktar er inngått:

  • brannstasjon Lervig (reguleringsmessige avklaringar)
  • Madlamark idrettshall (fase 2 i arbeidet med totalentreprisen er på plan)

Prosjekt som er starta opp, eller der det var byggeaktivitetar på byggeplass i 2020:

  • Nye Tou byggetrinn 3
  • brannstasjon Judaberg
  • brannstasjon Schancheholen
  • Hinna garderobe og klubbhus
  • Vardeneset barnehage
  • Smiene barnehage
  • Sykkelparkering OK23
  • Hinna bufellesskap
  • Solborg sjølveigarleilegheiter

Byggeprosjekt som blei ferdigstilte i 2020

  • Hinna garderobe og klubbhus
  • Nye Tou byggetrinn 3 (står att nokre tilleggsarbeid i 2021)
  • Sykkelparkering OK23
  • Hinna bufellesskap
  • Vardeneset barnehage
  • Smiene barnehage

Byggherreforskrifta – tryggleiks-, helse- og arbeidsmiljørapportering i prosjekta våre

Type rapportAntal 2020Antal 2019
Rapport uønskte hendingar – RUH 162 121
Skadar utan fråvær – SuF 6 17
Skadar med fråvær – SmF 2 1
Tabell 9.1 Byggherreforskrifta
Last ned tabelldata (Excel)

Koronapandemien

Framdrifta og kostnadene relaterte til byggeprosjekta har i lita grad blitt påverka av koronapandemien. Gjennom store delar av 2020 har avdelinga og prosjekta vore drivne ved bruk av heimekontor for dei enkelte medarbeidarane. Arbeidsplassane i OK19 har i periodar, der det har vore mogleg, vore brukt av opptil 50 prosent av dei tilsette, men jamt over året har talet på tilsette på kontoret vore betydeleg lågare.

System

Byggeprosjekt har til liks med andre byggherreavdelingar i BMU gjennomført kartlegging av arbeidsprosessar ved bruk av eksterne konsulentar i 2020. Som ein konsekvens av dette arbeidet har avdelinga utarbeidd ein ny prosjektmodell som blir innført i 2021. Modellen vil bli lagt til grunn for revisjon av byggeinstruksen som blir lagd fram til politisk behandling våren 2021 med sluttbehandling i KS.

Nye seriøsitetsreglar er under innføring saman med bruk av HMSREG (eit system for å motverka arbeidslivskriminalitet og sosial dumping) for å kontrollera oppfølging av gjeldande krav, og handlingsplanen klima og miljø er innarbeidd i systema våre og blir lagd til grunn i alle nye anbodskonkurransar. I konkurransegjennomførings- og kontraktsadministrasjonsverktøyet Mercell er malar for gjennomføring av konkurransar etablerte, saman med avtaledokument med vedlegg for byggherreinnkjøp. Det er laga ei løysing med tilgang til malane frå intranett til kvalitetssystemet TQM og Mercell.

Politiske saker

Oversikt over byggeprosjektsaker lagde fram for politisk behandling i 2020.

Totalt 30 saker og 53 behandlingar.

P-nr.SakTemaType sakPLUtvalDato / Sak
fleireBrannstasjonar Schancheholen og LervigKostnadsoppstilling etter anbodsakLTKUMU22.01.2020, 10/20
     FSK AU28.01.2020, 17/20
     FSK30.01.2020, 17/20
fleireBrannstasjonar Schancheholen og LervigAnbodsinnstillingreferatsakLTKUMU22.01.2020, 5/20
3844110Finnøy helse- og omsorgssenter - utbygging - prosjektnr. 3844110 - byggeprogramByggeprogramsakSVLUEldrerådet22.09.2020, 48/20
     FIN22.09.2020, 25/20
     UHV29.09.2020, 50/20
     UMU28.10.2020, 147/20
3844016Gautesete skule – rehab og ombygging til U15 - sluttrekneskapSluttrekneskapsakJASUMU23.09.2020, 131/20
3744009Hinna garderobeanlegg inkl. rekkefølgekrav prosjekt nr. 3744009 og nr. 3744019 sluttrekneskaparSluttrekneskapsakJASUMU28.10.2020, 148/20
38440047Hundvåg kirke – rehabiliteringForprosjektsakEMSFSK AU17.03.2020, 48/20
     FSK19.03.2020, 48/20
38440047Hundvåg kirke ­– rehabiliteringKostnadsoppstilling etter anbodsakEMSUMU18.11.2020, 165/20
38440047Hundvåg kirke – rehabiliteringAnbodsinnstillingreferatsakEMSUMU18.11.2020, 31/20
?LervigskvartaletByggeprogramsakEVStorhaug kdu18.02.2020, 12/20
     UMU19.02.2020, 25/20
     UKIS11.03.2020, 22/20
     FHR12.03.2020, 38/20
     UOU15.04.2020, 12/20
     UBs23.04.2020, 45/20
     UMU06.05.2020, 50/20
     FSK AU12.05.2020, 88/20
     FSK14.05.2020, 88/20
3844007, 3844063Madlamark skule idrettshallKostnadsoppstilling etter anbodsakKHUMU19.02.2020, 22/20
3844007Madlamark skule nybygg – Paviljongskular – kjøp/leigePaviljongskularsakKHUMU06.05.2020, 63/20
3844082Nye Tou btr. 3Kostnadsoppstilling etter anbodreferatsakLTKUMU22.01.2020, 2/20
3844082Nye Tou btr. 3AnbodsinnstillingreferatsakLTKUMU22.01.2020, 3/20
3844003Olav Kyrres gate 19 rehabilitering – p.nr. 3844003 og p.nr 3744041 – sluttrekneskapSluttrekneskapsakBMNUMU28.10.2020, 150/20
3844114Ramsvigtunet – utviding prosjektnr. 3844114 – byggeprogramByggeprogramsakSVLUEldrerådet22.09.2020, 47/20
     Storhaug kdu22.09.2020, b.prog.
     UHV29.09.2020, 49/20
     UMU28.10.2020, 146/20
3844076Ramsvigtunet – senter for demensKonseptvalsakSVLUUMU22.01.2020, 6/20
     Eldrerådet04.02.2020, 1/20
     FHR06.02.2020, 1/20
     UHV11.02.2020, 1/20
NARisiko i byggeprosjekta til kommunenRisiko i byggeprosjektreferatsakKJAUMU17.06.2020, 15/20
     UMU26.08.2020, 25/20
3844021Solborg – Kostnadsoppstilling etter anbodAnbodsinnstillingreferatsakRRN (SB)UMU26.08.2020, 18/20
3844021Solborg-prosjektetKostnadsoppstilling etter anbodsakRRN (SB)UMU26.08.2020, 107/20
3844025Stavanger idrettshall, rehabiliteringSluttrekneskapsakEMSUMU19.02.2020, 15/20
3844084Stavanger legevakt – mellombelse kontorlokaleSluttrekneskapsakBMNUMU17.06.2020, 96/20
3844094Strømvik barnehage prosjektnr.: 3844094 – ByggeprogramByggeprogramsakBMNUMU28.10.2020, 151/20
3844051, 3844050, 3044049Tasta, 3 barnehagar – Barnehagen Tasta, Ytre Tasta barnehage, avd. Vardenes, Tastavarden barnehage, avd. Smiene – SluttrekneskapSluttrekneskapsakABUMU16.12.2020, 181/20
3844013Tastaveden skule, rehabilitering, prosjekt nr. 3844013 – forprosjektForprosjektsakJEAUMU16.12.2020, 180/20
3844072Teknikken barnehageByggeprogramsakEMSUMU19.02.2020, 21/20
3844072Teknikken barnehage – prosjekt 3844072 – Skisseprosjekt, anbodsgrunnlagSkisseprosjektsakEMAUMU28.10.2020, 152/20
NAUsikkerheitsstyring og risikoavsetning i byggeprosjektUsikkerheitsstyring og risikoavsetningreferatsakKJAUMU16.12.2020, 200/20
3844008Vaulen skule nybygg og utviding – Grunnlag for detaljregulering for ny skule – orienteringssakOrientering sakKHUMU26.08.2020, 108/20
3844007Vaulen skule nybygg og utviding - status skuletomt på MarieroSkuletomt – statussakKHUMU06.05.2020, 64/20
     FSK AU12.05.2020, 87/20
     FSK14.05.2020, 87/20
NAÅrsprogram ByggeprosjektÅrsprogramreferatsakRKUMU22.01.2020, 4/20
Tabell 9.2 Politisk behandling av byggeprosjektsaker
Last ned tabelldata (Excel)

Økonomi

Byggeprosjekt har ein forbruksprosent på 144,7, med eit meirforbruk som utgjer kr 3,1 mill. I samband med 2. tertial 2020 blei det gjort ei overføring på kr 3,7 mill. frå investeringar, sidan leige av modulbygg knytt til eit investeringsprosjekt ved Madlamark skule blir belasta driftsbudsjettet. Kostnaden knytt til dette prosjektet utgjorde i 2020 kr 5,1 mill., som svarer til kr 1,4 mill. meir enn anteke ved 2. tertial 2020. Ei anna årsak er at det er utbetalt tilskot til Hinna FKs klubbhus tilsvarande kr 1,8 mill. som det ikkje var budsjettmessig dekning for i driftsrekneskapen.