Årsrapport 2020

9.4 Plan og anlegg

Plan og anlegg har ansvar for prosjektering, grunnerverv og avtalar i tillegg til gjennomføring av kommunale veg-, vass- og avløpsprosjekt anten det skjer som fagspesifikke prosjekt eller som infrastrukturutbygging i samband med utvikling av utbyggings- eller transformasjonsområde.

Tilpassa organisasjonen til eit aukande investeringsvolum

Plan og anlegg har i 2020 tilpassa organisasjonen til eit aukande tal prosjekt, både i storleik og i kompleksitet. Ein ny organisasjonsplan er på plass, og målet med planen er å bli ein meir profesjonell byggherre. Medarbeidarane våre har gjennomført ein prosjektskule, som gir eit godt grunnlag for å ytterlegare profesjonalisera dei ulike rollene i ei prosjektgjennomføring. Avdelinga har òg tilsett fleire nye medarbeidarar for å kunna møta denne store utfordringa.

Plan og anlegg har òg jobba med store og komplekse prosjekt som å førebu tilrettelegginga av hovuddelen av den nye infrastrukturen i utbyggingsområda Atlanteren på Hundvåg, Jåttåvågen etappe 2 og Madla Revheim.

Vidare har avdelinga i 2020 halde fram med tilrettelegging av ny infrastruktur i samband med utbygging av nytt sjukehusområde på Ullandhaug. Større samarbeidsprosjekt med Lyse om fjernvarmeutbygging mellom Jåttåvågen og Urban Sjøfront på Storhaug og Rogaland fylkeskommune om framføring av bussvegen krev òg mykje ressursar.

Utfordringar knytte til koronapandemien

Plan og anlegg har lykkast i å auka produksjonen i eit år med store utfordringar knytte til koronapandemien, og har halde oppe god og føreseieleg aktivitet for konsulentane og entreprenørane våre gjennom heile året.

Betre kvalitet på prosjekta

For å nå måla om avtalt kvalitet i prosjekta har avdelinga vidareutvikla kvalitetssystemet med vekt på kontroll og verifikasjon, for å minimalisera feil i plan- og byggefasen. I samband med dette har avdelinga i 2020 starta arbeidet med å tilpassa oss TQM, som er systemet som kommunen har valt for kvalitetsoppfølging.

Vidareutvikling av informasjonsarbeidet i prosjekta

Det er viktig for plan- og anleggsavdelinga å vera tydeleg og korrekt i kommunikasjonen med aktuelle bebuarar, næringsdrivande og andre, før og under gjennomføring av anleggsprosjekta. SMS-tenesta er vidareutvikla ytterlegare for å sikra god kommunikasjon med bebuarar og næringsdrivande om viktige aktivitetar i anleggsdrifta. Tenesta betrar informasjonen om utfordrande aktivitetar i anleggsgjennomføringa, og har blitt godt motteken.

Resultata frå tidlegare brukarundersøkingar (2014 og 2018) viser at bebuarane i hovudsak er fornøgde med avdelinga si gjennomføring av prosjekta. Dette gjeld innanfor område som informasjon/kommunikasjon, kor imøtekommande avdelinga er, trafikkavvikling, fagleg dyktigheit og sikring.

Betre samhandling med andre som grev

Døme på større prosjekt der samhandlinga er vidareutvikla i 2020, er oppgradering av det kommunale vass- og avløpsnettet i samband med utbygging av bussvegen i regi av Rogaland fylkeskommune, og arbeidet med fjernvarmeutbygginga mellom Jåttåvågen og Urban Sjøfront.  Samhandlinga i samband med fullføring av bussvegprosjektet er i oppstartsfasen, med etappen mellom Diagonalen og Gausel stasjon. Fjernvarmeutbygginga mellom Jåttåvågen og Urban Sjøfront blei fullført etter planen i 2020. Betre samordning av prosjekta gir både mindre belastning for dei som blir ramma av anleggsarbeida, og effektiviseringsgevinstar for aktørane. Dette er utfordrande prosjekt, der samhandlinga mellom infrastrukturaktørane er ein kontinuerleg prosess.

Gravefrie løysingar

For å auka utskiftingstakten på eksisterande vass- og avløpsleidningar er det også i 2020 gjennomført fleire VA-prosjekt baserte på gravefrie løysingar. Dette har bidrege til at kommunen i 2020 har nådd målet om 1,0 prosent utskiftingstakt innanfor både vatn og avløp. Det er eit viktig bidrag til å nå det langsiktige målet om ein utskiftingstakt på 1,5 prosent i 2026.

Helse, miljø og tryggleik

I arbeidet med å levera konkurransedyktige prosjekt med høg kvalitet til konkurransedyktig pris og til rett tid er det viktig å ikkje gå på akkord med helse, miljø og tryggleik. I tekniske produksjonseiningar som plan og anlegg er det kontinuerlege HMS-arbeidet ekstra viktig. Då er det ekstra gledeleg at det i 2020 ikkje blei rapportert om alvorlege hendingar.

Økonomi

Plan og anlegg avlegg ein rekneskap for 2020 som er i balanse.