Årsrapport 2020

9.2 Juridisk avdeling

Juridisk avdeling har ein brei og variert saksportefølje. Avdelinga driv utstrekt rådgiving og bistand i saker av privatrettsleg og offentlegrettsleg karakter, og har eit særleg ansvar for forhandlingar om kjøp, sal og innleige av fast eigedom, grunnerverv og ekspropriasjon. Momsavtalar og utbyggingsavtalar ligg òg i porteføljen, samtidig som avdelinga forhandlar fram andre avtalar for kommunen. Avdelinga deltek òg i prosessar som legg til rette for den vidare utviklinga av kommunen, og har prosjektleiaransvaret for friområdeprosjektet.

I porteføljen ligg det i tillegg handheving av alkohol- og skjenkepolitikken til kommunen, og juridisk avdeling er fagleg sekretariat for klagesaker som skal behandlast av klagenemnda i Stavanger kommune.

Friområdeprosjektet

Juridisk avdeling har i 2020 vidareført friområdeprosjektet, og arbeidet med å legga til rette grunnlaget for å etablera ein tursti langs Gauselvågen har vore prioritert. Det har òg prosessen med å laga ein turveg langs byfjorden frå Kalhammeren til Vardeneset som blir kopla på ein allereie eksisterande turveg. Dette er ei lang strekning med varierande utfordringar både fysisk og planmessig. Arbeidet er derfor delt opp i ulike delprosjekt. Den nordlege og den sørlege delen av strekninga er høvesvis første og andre prioritet. For desse strekningane er forhandlingane med grunneigarane i gang.  Friområdeprosjektet har òg kjøpt eigedommen gnr./bnr. 59/561 (Dusavikveien 109), som er sentral i etableringa av turvegen i eit av dei mest krevjande områda av traseen.

Grunnerverv

Juridisk avdeling har i 2020 hjelpt plan og anlegg med fleire prosjekt. Grunnerverv til fortau i Øvre Vågen er gjennomført, og fortauet er under bygging. Grunnerverv til gang- og sykkelveg langs Sandvikveien er ferdig, med unntak av grunneigaren, og bygginga blir planlagd gjennomført i 2021.

Urban sjøfront

Avdelinga har vidareført engasjementet til kommunen i Urban Sjøfront: eit tidlegare industriområde som er under transformasjon til bustad og næringsverksemd. Stavanger kommune har teke eit overordna ansvar for å bygga infrastruktur, mot at grunneigarane bidreg økonomisk gjennom inngåing av utbyggingsavtalar. I 2020 har det blitt forhandla utbyggingsavtalar med fleire utbyggarar, men ingen utbyggingsavtalar er ferdigforhandla i perioden.

Innleige

Juridisk avdeling har ansvar for å skaffa lokale til dei ulike verksemdene. Eit prioritert innleigeforhold i kommande periode er å skaffa lokale til MO-Ung, som er eit mottaks- og oppfølgingssenter for aldersgruppa 15–25 år. Leigesøk til dette held framleis på. I 2020 har det likevel blitt skaffa fleire andre lokale, som til dømes lokale til helsestasjonsadministrasjon og til jordmortenesta.

Fornying av kommunale sals- og skjenkeløyve

Alkohollova § 1-6 avgrensar løyveperioden for kommunale sals- og skjenkeløyve til inntil fire år om gongen, med utløp 30. september året etter at nytt kommunestyre tiltrer. Bakgrunnen for denne regelen er at eit nytt kommunestyre skal få høve til å fastsetta nærare lokale rammer for løyvingspolitikken i den kommande kommunestyreperioden. Sidan Stavanger, Rennesøy og Finnøy i 2020 slo seg saman til ein kommune og alle dei tre kommunane hadde eigne skjenkeretningslinjer, blei vedtaket av nye skjenkeretningslinjer også denne gongen ei harmonisering av skjenkereglane i den nye kommunen.

Dei nye skjenkeretningslinjene skulle som utgangspunkt vore behandla av kommunestyret, men i samsvar med vedteke mellombels delegeringsreglement vedteke av kommunestyret 1. april 2020 blei saka lagd fram for formannskapet. Dei nye nye skjenkeretningslinjer blei vedteke av formannskapet i møte den 14. mai 2020, i sak 86/20.

Regelen i alkohollova § 1-6 fører til at alle som ønskte å framleis ha eit sals- og/eller skjenkeløyve etter 30. september 2020, måtte søkja om nytt løyve. På bakgrunn av dette har juridisk avdeling hatt ei omfattande oppgåve med å førebu saker, og gjort nye vedtak om løyve i til saman 319 saker, og 225 var skjenkeløyve og 94 var salsløyve. Før ein gjorde vedtak i desse sakene, var dei på utsegnene til politiet, skatteetaten, kemnerkontoret og avdelinga for velferd og oppvekst i kommunen.

Klagesaker

Juridisk avdeling førebur klager som skal til behandling i klagenemnda i kommunen. Døme på slike saker er klagar på barnehageopptak, tildeling og byte av kommunal bustad, tildeling av parkeringsløyve for forflyttingshemma og klagar på avslag om å få etablera avkøyring. Det blir lagt fram ein eigen årsrapport for dette arbeidet for kommunestyret.

Økonomi

Juridisk har eit mindreforbruk på kr 0,33 mill., noko som utgjer ein forbruksprosent på 53,7. Mindreforbruket kjem i hovudsak av overføringa av mindreforbruket frå 2019. Juridisk har hatt høgare lønnskostnader enn budsjettert, men har samtidig ei meirinntekt knytt til ein anleggsbidragsavtale som veg opp for auka lønnskostnader.