Årsrapport 2020

8.4 Byggesak og byantikvar

Prioriterte oppgåver i planperioden

Frå årsskiftet 2020 har det handla mykje om å organisera saksbehandling, tilsynsoppgåver og kulturminnevern i den nye kommunen. Avdelinga har prioritert å effektivisera, forenkla og vidareutvikla digitale arbeidsplattformer og tenester for å redusera ressursbruk. Korona-restriksjonar har ført til at intern samordning og møte med kundar i all hovudsak er gjennomført digitalt.

Saksbehandling

Lovpålagde fristar for saksbehandlingstid i ordinære byggesaker er i all hovudsak overhaldne i 2020. Talet på byggesøknader har auka med ca. 20 prosent, noko som har ført til at me har prioritert ordinær byggesaksbehandling. Konsekvensen er overskriden saksbehandlingsfrist i fleire klagesaker, men ved utgangen av 2020 er dei fleste klagesakene behandla.

Tilsyn

Prioriterte tilsynsoppgåver i 2020 har vore innanfor universell utforming, tilkomst og tilgjenge, brukbarheit i samsvar med byggtekniske forskrifter (TEK 10 §§ 8 og 12), tilsyn med kvalifikasjonar til føretak, tilsyn med produktdokumentasjon av byggevarer, ulovlege byggearbeid, tilsyn med byggeplass i byggeperioden og ved mellombels bruksløyve/ferdigattest. På grunn av korona-restriksjonane er fleire tilsyn gjennomførte som dokumenttilsyn.

Sjølvkost

Seksjon byggesak er 100 prosent gebyrfinansiert etter sjølvkostprinsippet. For 2020 dekker inntektene alle utgifter.

Trehusbyen og kulturminnevern

God forvaltning av trehusbyen, saksbehandling, rettleiing og rådgiving i plan- og byggesaker er kjerneoppgåver som også i år har hatt høg prioritet for byantikvaren. Kommunesamanslåinga har ført til at det kjem inn fleire saker som gjeld gamle gardshus eller nybygging i gamle tun og i kulturlandskapet på dei mange øyane.

Det blei løyvd éin million kroner til formidlingsarbeid i 2021. Utgangspunktet har vore eit ønske om at huseigarar i trehusbyen skal vera betre informerte om gjeldande reglement og praksis. På grunn av koronarestriksjonar og kapasitetsavgrensingar hos byantikvaren har ikkje alle ambisjonane kunna bli realiserte i 2020, og berre rundt ein tredel av midlane har blitt brukte. Det er planlagt ein koordinert formidlingskampanje rundt påsketider 2021. Ei eiga orienteringssak om dette vil bli lagd fram.

Byantikvaren blei i 2020 styrkt med éi stilling. Den nytilsette deltek i dei løpande oppgåvene til seksjonen, men har hatt hovudvekt på å førebu arbeidet med ny kulturminneplan. Det er planlagt formell prosjektoppstart med denne temaplanen våren 2021.

Byantikvaren har vore noko involvert i førebuingane til by- og domkyrkjejubilea i 2025, og i planlegging av restaureringsarbeida for Domkirken. Spørsmålet om det skulle utførast arkeologiske utgravingar under kyrkjeskipet som ein del av prosjektet, blei sett på dagsordenen av byantikvaren og fekk brei dekning både lokalt og nasjonalt, med det resultatet at vedtaket til Riksantikvaren blei omgjort.

Verneprisen for 2020 blei tildelt gardstunet «Ingvardbakken» (gnr./bnr. 244/10) på Bru.