Årsrapport 2020

8.3 Kart og digitale tenester

Retting og kvalitetsheving i matrikkelen

Det er i 2020 jobba med å få på plass ein felles kvalitet i matrikkelen for heile den nye kommunen. Tidlegare Stavanger kommune har dei siste 20 åra brukt mykje ressursar for å gjera matrikkelen til basisregisteret som ligg til grunn for fakturering av kommunale avgifter. I tidlegare Rennesøy og Finnøy har registeret ikkje vore i same bruk, og det har derfor vore nødvendig å få på plass digitale grenser og arealopplysningar for alle bygningar i desse kommunedelane. Arbeidet starta i 2019 og har halde på med full tyngd i heile 2020. Mykje har komme på plass gjennom året, men framleis står det att ein del arbeid.

Takseringsprosjektet

Alle gjenståande eigedommar i kommunen har vore synfarne (fysisk) i 2020, og skattetakstnemnda er godt i gang med å setta mellombelse takstar på skatteobjekta. Det har vore brukt eigne tilsette og sommarvikarar til synfaring av bustad- og fritidseigedommar, medan næringstaksering blei sett bort til eit eksternt firma.

Kartløysing

Avdelinga har laga tilpassa kartløysingar til fleire brukargrupper, både internt og eksternt. I tillegg har dei fleste tilsette ved tenesteområdet gått over til å bruka web-baserte løysingar i staden for desktop-versjonen. Dei nye kartløysingane er mykje raskare å opna og har eit godt brukargrensesnitt. Det er òg laga ein eigen versjon spesielt tilpassa utval for by- og samfunnsutvikling, slik at det skal bli enklast mogleg for dei folkevalde å setta seg inn i plan- og byggesaker som er til behandling.

Beredskapsarbeid og covid-19

To av dei tilsette ved avdelinga har vore dedikerte til beredskapsarbeid i samband med pandemien. Dette er tilsette som elles jobbar spesielt med utvikling og 3D, og følgeleg har det vore ei treigare framdrift på arbeidet med 3D-bymodell enn planlagt.