Årsrapport 2020

7.9 Tekniske heimetenester

Effektivisering av hjelpemiddelformidlinga

Sommaren 2019 blei prosjektet Ressursorientert hjelpemiddelformidling avslutta. Det mest omfattande tiltaket var «ombyteordninga» der leveringstida på enkelte hjelpemiddel frå Nav har gått ned frå rundt 14 dagar til to dagar. Ordninga har i 2020 blitt ein del av rutinen og blir brukt av bestillarar frå alle kommunedelar, også Rennesøy og Finnøy.

I ombyteordninga forskoterer tekniske heimetenester leveransen av hjelpemiddel med utstyr frå eige lager fram til hjelpemidla skal komma frå Nav hjelpemiddelsentral Rogaland. Tekniske heimetenester overtek då ventetida på hjelpemidla som brukaren elles ville hatt.

Nasjonalt digitaliseringsprosjekt

Med mål om å effektivisera hjelpemiddelområdet innanfor lager og logistikk har tekniske heimetenester hausten 2020 delteke i digitaliseringsprosjektet DigiHot, leidd av KS og Nav.

Oppgraderte hjelpemiddellager på Judaberg og i Vikevåg

Hjelpemiddellagera på Rennesøy og Finnøy har gjennom året blitt oppgraderte med tanke på kvalitet, mengd og utval av hjelpemiddel. Utvalet består av basishjelpemiddel som kan hentast ut for å dekka dei fleste kortvarige hjelpemiddelbehov. Lagera blir òg brukte i samband med ombyteordninga.

Meir tidkrevjande logistikk på grunn av koronatiltak

Inn- og utlevering av hjelpemiddel har vore meir tidkrevjande i 2020, sidan smittevernomsyn krev eigne bilar til utkøyring og innhenting i staden for sambruk.

Harmonisering av hjelpemiddelformidlinga etter kommunesamanslåing

Erfaringane etter eitt års drift som ny kommune viser at det er mogleg å gi eit tilnærma likt tilbod til alle brukarar uansett kvar dei bur i kommunen. Utfordringar med avstandar og ferjetider har negativ innverknad stort sett berre på effektivitet og kostnader, og i lita grad på kvaliteten på sjølve tenestene.

Ny velferdsteknologi

Koronapandemien har ført til forseinking i planlagde aktivitetar innanfor velferdsteknologiområdet, mellom anna installasjon av meistrings- og tryggleiksskapande teknologi. Det største prosjektet – montering av elektroniske dørlåsar – som hadde planlagt oppstart 2020, er forseinka til eit godt stykke ut i 2021.

I 2020 har alle som takka ja til tilbodet om å få brannmeldarar kopla til tryggleiksalarmen, fått dette montert. Ein mindre del enn ein først rekna med, takka ja til tilbodet. Årsaka var at fleire allereie hadde brannmeldarar, anten privat eller i regi av burettslag.

Fornøgde brukarar

I oktober–desember 2020 blei det gjennomført ei brukarundersøking blant eit utval brukarar som har fått tenester frå tekniske heimetenester. Det kom inn nesten 1200 svar. Samla sett viser tilbakemeldingane at brukarane stort sett er godt fornøgde. Eitt av oppfølgingspunkta blir informasjon og opplæring. Undersøkinga blir lagd fram politisk i løpet av vinteren 2021.

Økonomi

Rekneskapen for tekniske heimetenester viser eit mindreforbruk på kr 1,4 mill. av ei budsjettramme på 9,1 mill. Dette utgjer ein forbruksprosent på 84,31.

Avvik kjem i hovudsak av at medisindispenserane i 2020 har vore for høgt budsjetterte i forhold til forbruk. Det har i 2020 ikkje vore mogleg å levera ut like mange medisindispenserar som budsjettert.  Det blei levert 99 dispenserar i 2019 og 117 i 2020. Koronasituasjonen har ikkje påverka leveringa av dispenserar.