Årsrapport 2020

7.8 Fysio- og ergoterapitenesta

Enkelte koronatilpassingar i kommunalt tilbod, og redusert tilbod for avtalefysioterapeutane

Med unntak av nokre få veker har fysio- og ergoterapitenesta vore i tilnærma full drift gjennom heile 2020. I periodar har det vore brukarar som ikkje har ønskt besøk av terapeutar; desse har blitt følgde opp via telefon- eller videokonsultasjonar. For nokre brukarar blei oppfølginga utsett ein kort periode. Nokre gruppetilbod måtte utsettast på grunn av smittevernomsyn.

Samla fekk fysio- og ergoterapitenesta noko fleire førespurnader i 2020 samanlikna med året før.

Avtalefysioterapeutar har opplevd ein markant nedgang i talet på konsultasjonar i 2020 grunna smittevernreglar. Krava til desinfeksjon av utstyr, og avgrensingar på talet på personar i lokala samtidig, har vore hovudårsaka til dette. Videokonsultasjonar og videogruppetimar er prøvde ut av enkelte avtalefysioterapeutar.

Tidleg og tverrfagleg innsats for barn og unge

Fysio- og ergoterapitenesta har i 2020 delteke i arbeidet med å etablera ei meir heilskapleg oppfølging av barn som har vanskar med eting og munnmotorikk. Fysioterapeut og ergoterapeut deltek i tverrfagleg eteteam på helsestasjon, og det er oppretta ei munnmotorisk ressursgruppe i fysio- og ergoterapitenesta. Dette nye tilbodet har treft eit brukarbehov, noko som er spegla i ein aukande etterspurnad etter tenesta. For å dekka det aukande behovet blei det i 2020 etablert ei lågterskel konsultasjonsordning på alle helsestasjonane for barn med munnmotoriske utfordringar.

Tverrfagleg skulehelseteneste er vidareført som eit ledd i prosjektet Tidlig og koordinert innsats fra fødsel til videregående skole. Ein justert modell for tverrfagleg skulehelseteneste blei prøvd ut i 2020, men endeleg modell er ikkje avklart.

Framleis oppfølging av nasjonal satsing på habilitering og rehabilitering

I 2020 har fysio- og ergoterapitenesta vidareutvikla innsatsteam for brukarar som bur i eigen heim, og etablert eit samarbeid med interkommunalt ambulant rehabiliteringsteam (IKART). Samarbeidet med IKART inneber at felles brukarar har fått supplerande innsats og kunnskapsoverføring gjennom rettleiing.

Kompetansehevingstiltaket for avtaleterapeutar og kommunalt tilsette fysioterapeutar som jobbar med smertepasientar i regionen, måtte utsettast grunna pandemien. Som erstatning for dette gjennomførte fysio- og ergoterapitenesta ei podkast-rekke på fire episodar med smerte som tema, med følgande gruppebaserte diskusjonar.

Arbeidet med å styrka tverrfagleg samhandling rundt brukarar på sjukeheim og i heimebaserte tenester hadde ein god start i 2020. Pandemien førte likevel til at færre tilsette kunne samlast i møte/tavlemøte. Terapeutane har derfor delteke einskildvis på møte for tverrfagleg samhandling i sjukeheim, medan utvikling av det overordnande samarbeidet blei sett på vent til koronasituasjonen blir normalisert. Vidareutvikling av samarbeid med heimebaserte tenester har blitt utsett.

Hjelpemiddelformidling og tilrettelegging av bustad

For å redusera ventetida på ergoterapitenester for heimebuande med behov for tilrettelegging av bustad blei det i 2020 innført eit standard skjema for oppstartsamtale. Det har bidrege til gode forventningsavklaringar for brukarar om kva som blir gjort, og kor lang tid det vil ta. Prosjektet saman med frivillige og bustadkontoret om hjelp til bustadtilpassing har blitt utsett grunna pandemien.

Auka digital samhandling med Nav blei sett i verk gjennom Navs nasjonale digitaliseringsprosjekt DigiHot (digitalisering av hjelpemiddel og tilrettelegging). Prosjektet involverer no fysioterapeutar og ergoterapeutar også ved dei fire helse- og velferdskontora. Den nye digitale løysinga fører til at brukarane får hjelpemidla raskare enn før. Gjennom DigiHot blir søknaden send heildigitalt til Nav hjelpemiddelsentral. Postgang er dermed overflødig.

Samarbeid i ny kommune

Samarbeidet mellom fysio- og ergoterapitenesta, helse- og omsorgssentera på Judaberg og i Vikevåg, tekniske heimetenester og Byfjord helse- og velferdskontor er tilpassa ny kommune og endra geografiske rammer.

Samarbeidet mellom fysio- og ergoterapitenesta og helse- og omsorgssentera om kvardagsrehabilitering, korttidsplassar og rehabilitering i institusjon i kommunedelane Finnøy og Rennesøy har fungert bra i 2020. Dei same terapeutane heldt fram med å jobba i kommunedelane Finnøy og Rennesøy, og ein kunne dermed dra nytte av godt etablerte samarbeidsrutinar.

Verksemda bruker ressursar på tvers av kommunedelane, både for fysioterapi og for ergoterapi. I 2020 har verksemda jobba med arbeidsfordelinga mellom ergoterapeutar og fysioterapeutar. Nokre typar saker, eksempelvis demensutgreiing og større bustadsaker, blir tekne hand om av terapeutar med arbeidsstad i Torgvegen som har spesiell kompetanse på områda. Tilsette med arbeidsstad på Rennesøy og Finnøy jobbar på tvers av øyane ved behov.

Utprøving av nasjonal prioriteringsnøkkel

Fysio- og ergoterapitenesta i Stavanger kommune bruker no den nasjonale prioriteringsnøkkelen, basert på NOU 2018:16 Det viktigste først. Prioriteringsnøkkelen er ikkje evaluert i ASSS-nettverket enno, men blir brukt av alle ASSS-kommunane.

Økonomi

Rekneskapen for fysio- og ergoterapitenesta viser eit meirforbruk på kr 4,4 mill. av ei budsjettramme på kr 73 mill. Dette utgjer ein forbruksprosent på 106,09. Avviket kjem av i hovudsak auka lønnsutgifter grunna ikkje fullt finansierte stillingar etter kommunesamanslåing, og rekruttering av fleire tilsette på grunn av eit mindreforbruk i 2019.