Årsrapport 2020

7.14 Oppsøkande behandlingsteam

Oppfølging av brukarar i 2020

Nedstenginga i mars 2020 førte til endringar i måten å arbeida på for oppsøkande behandlingsteam (OBS-teamet). Kontakten med brukarane blei halden oppe, men oppfølginga fekk ei anna form. Smittevernomsyn førte til avgrensa moglegheiter for heimebesøk, og dei tilsette trefte i staden brukarane ute eller hadde samtalar per telefon. Brukarane kunne heller ikkje sitta på i bilane til teamet, fordi det då ikkje var mogleg å overhalda smittevernreglar. Brukarane har vist forståing for denne omlegginga, fordi dette også verna dei mot smitte. Møta med samarbeidspartnarar blei òg haldne digitalt.

Felles inntaks- og oppstartteam prøvd ut

Som følge av innføringa av pakkeforløpet for tverrfagleg spesialisert behandling oppretta Helse Stavanger HF eit felles inntaks- og oppstartteam for alle som blei viste til rusbehandling. Inntaks- og oppstartteamet var eit prosjekt gjennom heile 2020, og blei evaluert ved slutten av året. OBS-teamet gav frå seg 2,5 av dei 7,5 stillingane som Helse Stavanger HF har i teamet, til prosjektet. Alle tilvisingar blir no gjennomgåtte av inntaks- og oppstartteamet, og deretter kartlegg dei brukarane og tilrår vidare oppfølging og/eller behandling. Dersom brukaren er i målgruppa til OBS-teamet, startar oppfølging frå teamet. Eit felles inntaks- og oppstartteam sikrar felles praksis og rutinar frå tverrfagleg spesialisert behandling.

Resultatrapportering

Ved årsslutt 2020 følgde OBS-teamet opp litt under 70 brukarar. Dette er omtrent som i 2019. 72 prosent var menn. Hovudtyngda av brukarane var i aldersspennet 30–50 år. I 2020 fekk teamet 23 bekymringsmeldingar. Desse blei i all hovudsak viste frå helse- og velferdskontora, spesialisthelsetenesta og pårørande. OBS-teamet fekk òg førespurnader frå Kirkens Bymisjon, brannvesenet, legevakta og Nav.

Styrking av OBS-teamet med ny kompetanse

OBS-teamet har hatt utfordringar med å tilsetta spesialistar. I 2020 lykkast teamet med å tilsetta ein overlege i 100 % stilling. Det innebar mellom anna at teamet kunne arbeida meir med fysisk helse blant brukarane. Sidan enkelte brukarar er utan fastlege, og i varierande grad klarer å overhalda avtalar, er det viktig å gjera undersøkingar jamleg. Teamet har framleis ei ubesett psykologstilling.

I fasar der brukarane rusar seg mindre eller klarer å slutta å rusa seg, er arbeid og aktivitetar som gir meining i livet, særleg viktig. Tilsetting av ein erfaringsmedarbeidar har gjort at teamet har arbeidd meir med å motivera brukarane til å delta på aktivitetar. Teamet har jamleg kontakt med private og ideelle aktørar. I 2020 har teamet samarbeidd med Blå Kors, som har eit prosjekt kalla tidgivartenesta. Det inneber at frivillige, som er handplukka for å matcha behova til den enkelte, hjelper med små og store oppgåver for å læra brukarane å meistra kvardagen betre.

Evaluering av oppsøkande behandlingsteam

Tidlegare år har OBS-teamet delteke i evalueringsbasert forsking i regi av Nasjonal kompetanseteneste for samtidig rusmisbruk og psykisk liding. På landsbasis blei sju ulike team evaluerte, mellom anna for å måla ei eventuell utvikling i funksjonsnivået til brukarane før og etter inntak i teamet. Forskinga viste gode resultat på landsbasis, og blei presenterte hausten 2020. Eitt av funna var at oppfølging frå oppsøkande team resulterte i kortare og færre innleggingar for brukarane. Vidare var tilbakemeldingane frå både pårørande, samarbeidspartnarar og brukarar positive. OBS-teamet har som følge av denne evalueringa utarbeidd ein eigen kartleggingspakke beståande av verktøy for betre å kartlegga livssituasjonen og helsa til dei enkelte brukarane.

Økonomi

Rekneskapsresultatet for OBS-teamet viser eit meirforbruk på kr 0,4 mill. av ei budsjettramme på kr 5,2 mill. Dette svarer til ein forbruksprosent på 107. Verksemda har forseinking i effektiviseringskravet for 2020, men jobbar med å tilpassa drifta til dei økonomiske rammene. Årsaka til meirforbruket er i hovudsak lønn.