Årsrapport 2020

6.9 Ressurssenter for styrkt barnehagetilbod

Spesialpedagogisk hjelp etter § 19 a til § 19 g (endra til §§ 31 og 37 frå 1. januar 2021).

Verksemdsleiarane og ressurssenteret rapporterer om ein nedgang i talet på barn med vedtak om spesialpedagogisk hjelp (§ 19 a) (frå 1. januar 2021 § 31). Det er derimot ein auke i talet på barn som har meir samansette og komplekse utfordringar som krev fleire veketimar. Utviklinga dei seinare åra viser at ressurssenteret leverer spesialpedagogisk hjelp i samsvar med vedtak tidleg på hausten, men utover barnehageåret blir det meir utfordrande. For mange barn som får vedtak i løpet av barnehageåret, er ofte ventetida på levering eit halvt år, eller fram til nytt barnehageår. Barnehagane handterer i større grad enn tidlegare mindre komplekse saker sjølve. Ny verksemdsstruktur har bidrege til at verksemdene og leiarteama har ein breiare samla kompetanse om tidleg innsats. Satsing med tverrfagleg barnehageteam støttar opp under dette og gir viktig bistand inn i verksemdene. Det er likevel eit stort behov for å vidareutvikla satsinga på laget rundt barnet i den enkelte barnehagen, og å styrka det heilskaplege ansvaret for verksemdene for tilbodet til alle barn.

Ressurssenteret rapporterer ein auke i talet på saker som gjeld tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne (§ 19 g) (frå 1. januar 2021 § 37). Dette heng truleg saman med auken i talet på barn med samansette og komplekse vanskar.

Endring av organiseringa og finansieringa av det spesialpedagogiske barnehagetilbodet

Stavanger kommune har i 2019 evaluert organiseringa av tilbodet om spesialpedagogisk hjelp i barnehagen. På bakgrunn av evalueringa har kommunedirektøren foreslått ny organisering av styrkt barnehagetilbod, med verknad frå 2021. Endringa er knytt til ansvars- og oppgåvefordelinga mellom ressurssenteret, PPT og barnehagane.

Styrkt barnehagetilbod skal sjåast i samanheng med det ordinære barnehagetilbodet, og spesialpedagogisk hjelp skal i større grad vera ein integrert del av barnehagetilbodet til barnet. Kommunedirektøren ønskjer òg å gjera tilpassingar i dei spesielt tilrettelagde avdelingane (STA), for å få ei meir fleksibel organisering med høgare grad av inkludering i fellesskapet i barnehagen.

Kommunedirektøren har i 2020 vurdert fleire modellar for korleis det spesialpedagogiske barnehagetilbodet best kan organiserast. I alle modellane blir spesialpedagogisk kompetanse overført frå ressurssenteret til barnehageverksemdene. Ved å inkludera den spesialpedagogiske kompetansen sterkare i den ordinære drifta til barnehagane vil kapasiteten barnehagane har til å førebygga, og til å gi barn tidleg hjelp og ekstra støtte, bli styrkt. Kommunedirektøren vil våren 2021 legga fram ei eiga sak om status, gjennomføring og prinsipp med forslag til endring av organiseringa av det spesialpedagogiske barnehagetilbodet.

Økonomi

Rekneskapen for ressurssenteret viser balanse mellom rekneskap og budsjett ved utgangen av 2020. Budsjettramma til ressurssenteret har vore styrkt gjennom året og har i noka grad blitt sett i samanheng med den delen av budsjettramma til barnehageområdet som gjeld styrkt barnehagetilbod. Dette er i tråd med vedtak i handlings- og økonomiplanen 2020–2023 om ny organisering og finansiering av det spesialpedagogiske barnehagetilbodet.