Årsrapport 2020

6.2 Barnehage

Ny verksemdsstruktur

Ny verksemdsstruktur for dei kommunale barnehagane blei innført 1. januar 2020. Tidlegare hadde kvar barnehage i all hovudsak utgjort éi verksemd. Med over 60 kommunale barnehagar i den nye kommunen ville gammal struktur ha gitt eit lite oversiktleg system med stort spenn og klare forskjellar mellom verksemdene. Etter eit omfattande forarbeid i 2019 blei alle kommunale barnehagar frå og med 2020 samla i ein ny struktur med 20 større verksemder med felles leiarteam.

Endringane omfatta primært administrasjon og leiing. Barn og foreldre forheld seg framleis til det enkelte barnehagebygget, medan den samla leiinga for verksemda er styrkt og inngår i eit felles leiarteam. Den nye strukturen er betre tilpassa oppgåvene barnehagane skal løysa, med stadig auka krav til verksemdene innanfor fag, økonomi, personal, leiing og utvikling. Erfaringane med ny struktur er hovudsakleg positive og gir eit langt betre grunnlag for vidare kvalitetsutvikling.

Ny verksemdsstruktur gir òg nye moglegheiter til utviklingsarbeid på barnehageområdet. Dei 20 verksemdene vil eksempelvis vera godt rusta for ei kommande nyorganisering av styrkt barnehagetilbod. Dette er i tråd med bakgrunnen for å innføra ny struktur: å gi eit kvalitativt betre tilbod til barna ved å styrka overordna leiing av barnehagane.

Barnehagebruksplanen – oppretting og nedlegging av barnehageplassar

Barnehagebruksplanen gir oversikt over kapasitet og forventa behov for barnehageplassar i planperioden (2020–2024). Vidare fastslår han kriterium for oppretting og nedlegging av plassar, eventuelt også av barnehagar. Hovudmålet er å sikra barnehageplass til alle barn med rett til det. Eit vidare mål er å sikra balanse mellom kapasitet og behov i alle kommunedelane, slik at alle kan få tilbod om plass i eige nærmiljø.

Befolkningsframskrivingane tilsa eit redusert behov for antal barnehageplassar i kommunen samla.  Nedgangen var venta å ligga på opp mot 150 barn første år av planperioden. Grunna låge barnetal over tid blei det vedteke å avvikla Austre Åmøy barnehage frå og med barnehageåret 2020/2021. Utover dette la kommunen ned 60 plassar i kommunedelar med overkapasitet (Hinna og Hillevåg), og oppretta 60 plassar i Tasta, der det hadde vore underkapasitet.

I løpet av planperioden vil kommunen etablera nye barnehagar i sentrumsnære område med lokal underkapasitet (Storhaug og Våland), og dessutan avvikla plassar i område med overkapasitet. Dette vil gi ein langt betre balanse mellom kapasitet og behov i alle kommunedelane. Planen la til grunn at berre Storhaug kommunedel ville ha betydeleg underkapasitet i 2024; oppdaterte befolkningstal tilseier balanse mellom kapasitet og behov også her mot slutten av planperioden.

Redusert sjukefråvær

Tretten barnehagar og ressurssenteret for styrkt barnehagetilbod har delteke i prosjektet Saman for eit redusert sjukefråvær. Sjukefråværet i avdelingane har frå 2018 til 2020 gått ned med 11,5 prosent. Langtidssjukefråværet blei redusert med 17,2 prosent. Til samanlikning har dei andre barnehagane hatt ein auke i samla sjukefråvær på 16,5 prosent i same periode. Tilsette med høgt og langvarig sjukefråvær har fått hjelp til å komma tilbake i arbeid eller har fått nye oppgåver andre stader i kommunen. Enkelte har sjølv valt å omskulera seg eller ta vidareutdanning for å kvalifisera seg til andre arbeidsoppgåver, medan nokon har fått innvilga gradert eller heil uføretrygd. Leiarane har fått støtte og rettleiing i korleis dei kan følga opp sjukefråvær og finna løysingar for dei enkelte tilsette. Stavanger kommune vil legga til rette for at leiarane kan dela erfaringar og læra av kvarandre om korleis dei bør følga opp sjukefråvær.

Regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage (REKOMP)

I 2020 er den regionale ordninga for kompetanseutvikling i barnehagane vidareutvikla og sett i verk. Det er tilsett kompetanse- og utviklingsrettleiar for den regionale ordninga, som er delt mellom kommunane Stavanger, Sola, Randaberg, Kvitsøy, Hjelmeland og Strand. Det er etablert fleire møteplassar og partnarskap for samarbeid mellom barnehagane, universitetet, Utdanningsforbundet, barnehageeigarar, tillitsvalde og ulike støttetenester, som til dømes PPT. Samarbeidet skal bidra til gjensidig læring og utvikling, og til auka kvalitet og likeverd i barnehagetilbodet. Erfaringa så langt viser at den regionale ordninga har gitt auka systematikk og framdrift i arbeidet med kvalitetsutvikling i barnehagane.

Tverrfaglege barnehageteam og ressursteam

I 2020 kartla og vurderte Stavanger kommune ordninga med tverrfaglege barnehageteam etter to års drift. Kartlegginga viste at barnehagane opplever teama som ei reell støtte i kvardagen, og at den tverrfaglege kompetansen bidreg til at barn som treng det, får tidleg og riktig hjelp. For å laga ein endå meir solid struktur for systematisk kompetanse- og organisasjonsutvikling i stavangerbarnehagen vil kommunen i tillegg etablera ressursteam for å styrka kontakten mellom barnehagane og PPT.

Barnehage for alle barn

Stavanger kommune har eit mål om å auka delen minoritetsspråklege barn i barnehagen. SSBs oversikt for dei siste fem åra viser ein gradvis auke av denne delen, frå 71,9 prosent i 2015 til 77,8 prosent i 2019. Talet er framleis noko under gjennomsnittet i fylket (79,6 prosent) og landet (83,9 prosent), og viser at det er viktig å halda fram arbeidet for å få fleire minoritetsspråklege barn til å gå i barnehage.

Open barnehage har vist seg å vera ein viktig rekrutteringsarena til ordinær barnehage, og tilbodet har vore gratis sidan 2019. Det er tilsett ein ressursperson som koordinerer hjelp, støtte og rettleiing ut til dei opne barnehagane i arbeidet med å rekruttera minoritetsspråklege barn til ordinær barnehage. Den tilsette driv òg oppsøkande verksemd og rekrutteringsarbeid i minoritetsspråklege miljø.

Økonomi

Rekneskapen for barnehage viser eit meirforbruk på kr 6,2 mill. i 2020. Det utgjer ein forbruksprosent på 100,5 i forhold til den totale budsjettramma på i underkant av kr 1,2 mrd.

Budsjettavvika, inkludert straum, blei omtrent som forventa på verksemdsnivå. Avviket knytt til foreldrebetaling samsvarte òg tilnærma med prognosane. Kostnadene blei likevel høgare enn forventa for barn busette i Stavanger med barnehageplass i andre kommunar. Samtidig har inntektene frå andre kommunar vore lågare enn budsjettert.

Barnetala har omtrent vore som forventa gjennom året. Som tidlegare år har det vore ein nedgang i talet på barn ved oppstart av nytt barnehageår. Det kjem hovudsakleg av at det er fleire seksåringar som byrjar på skulen, enn eittåringar som byrjar i barnehage. Det tek tid for verksemdene å tilpassa bemanninga etter nye rammer. Befolkningsframskrivingar viser ein nedovergåande trend i åra framover, og det er forventa ein større reduksjon i barnetala i Stavanger kommune. Den fallande trenden kjem av i hovudsak låge fødselstal, og færre innflyttarar til kommunen.