Årsrapport 2020

6.11 Ungdom og fritid

Ungdom og fritid har funne nye måtar å møta barn og unge på i eit år med pandemi og restriksjonar. Samtalar har blitt tekne over telefon og treff og møte haldne ute i staden for inne. Verksemda har blitt endå flinkare til å bruka sosiale medium for å nå ut til ungdomsbefolkninga i Stavanger. Det er laga korte informasjonsfilmar om mange av tilboda.

Fritidsklubbane har arrangert digitale treff og ulike aktivitetar på nett. Klubbane har likevel hatt færre brukarar enn før, sidan dei i periodar har måtta halda stengt og elles ikkje har kunna ha fleire enn 20 ungdommar på besøk om gongen. Fritidsklubbane og uteseksjonen har prioritert å halda kontakt med ungdom som har hatt eit ekstra behov for nokon å prata med.

Ungjobb

Ungjobb er eit subsidiert jobbtilbod for ungdom i alderen 13–17 år. I 2020 blei tilbodet utvida til fleire kommunedelar med levekårsutfordringar. Pandemien gjorde at ein del arbeidsgivarar måtte trekka seg frå prosjektet. Ungjobb hadde likevel 150 ungdommar ute i arbeid sommaren 2020 – 54 prosent jenter og 46 prosent gutar. 38 prosent av ungdommane hadde minoritetsbakgrunn.

Medborgarskap i ungdomsskulen

Ungdom og fritid har, saman med ungdomsskulane Kristianslyst og Ullandhaug og områdeløftet i Hillevåg, prøvd ut eit samarbeidsprosjekt med tema medborgarskap og deltaking for ungdom. Målet har vore å skapa reell elevmedverknad og demokrati i praksis. Elevane har testa ut ulike spel utvikla i eit tilsvarande dansk prosjekt og har tilpassa dei til norske forhold. Alle ungdomsskulane i Stavanger har fått ei utgåve av spelet. Ungdom og fritid ønskjer å starta liknande medverknadsarbeid ved ungdomsskular i andre kommunedelar.

Fiks Ferigge Ferie

1339 barn og unge deltok i ferietilbodet til Stavanger kommune, Fiks Ferigge Ferie, sommaren 2020. Deltakinga har auka med over 40 prosent på tre år. I same periode er deltakaravgifta redusert. Om lag 20 prosent av barna fekk friplass. Årets ferietilbod blei tilrettelagt ut ifrå smittevernomsyn, noko som gav vesentleg høgare kostnader til lønn og transport.

Fritidsmentor

Fritidsmentor er eit tilbod som rettar seg mot barn og unge i alderen 8–13 år som ikkje deltek i fritidsaktivitetar. Fritidsmentorar er trygge og stabile vaksne som følger opp, støttar og motiverer til deltaking i fritidsaktivitetar. Målsetjinga er at barna på sikt skal kunna delta i fritidsaktivitetar på eiga hand. I 2020 hadde ungdom og fritid 24 fritidsmentorar som følgde opp 34 barn. 13 av barna går no fast på ein fritidsaktivitet, og det er fleire som er på veg inn i fritidsaktivitetar.

Nye moglegheiter i Kvernevik

Samhandlingsprosjektet «Nye Muligheter i Kvernevik for barn og unge 0 til 16 år» blei avslutta i 2020. Prosjektet har hatt som mål å styrka det tverrfaglege samarbeidet om barn og unge, og har sett i gang nærmiljøtiltak for å betra oppvekstsvilkåra i Kvernevik bydel. Erfaringane derifrå og moglegheitene som ligg i tidleg innsats, brukarmedverknad og samhandling, blir vidareførte i Kvernevik. Prosjektleiarane kan bidra med viktig erfaringskunnskap om foreldrerettleiing og psykisk helse.

Økonomi

Rekneskapsresultatet for ungdom og fritid viser eit mindreforbruk på kr 1,3 mill. av ei budsjettramme på kr 65 mill.  Dette svarer til ein forbruksprosent på 98. Dette kjem i hovudsak av stram kostnadskontroll gjennom heile året. Det har generelt vore noko lågare aktivitet som følge av korona.