Årsrapport 2020

5.3.4 Heiltidskultur og livsfaseorientert personalpolitikk

I 2020 jobba til saman 61 prosent av alle tilsette i Stavanger kommune i 100 prosent stilling. Denne delen var uendra frå 2019. 67 prosent av alle mannlege tilsette i Stavanger kommune jobba heiltid i 2020, medan 59 prosent av alle kvinnelege tilsette jobba heiltid.

Figur 5.1 Stillingsstorleik fordelt på kjønn, 2020

Det er store forskjellar mellom tenesteområda når det gjeld heiltidsdel og gjennomsnittleg stillingsstorleik. Den lågaste delen i 2020 var innanfor helse og velferd, der delen tilsette som jobba i 100 prosent stilling, var på 42 prosent.

Figur 5.2 Stillingsstorleik fordelt på kjønn i helse og velferd, 2020

Av dei 1102 tilsette i helse og velferd som hadde dei lågaste stillingsstorleikane (0,1–39,9 prosent), var det 847 tilsette (76,8 prosent) som hadde stillingar utan særskilt krav til utdanning. Av tilsette i stillingar utan særskilt krav til utdanning var 61 prosent tilsette som pleiemedarbeidarar, medan 32 prosent var studentar. Den sistnemnde gruppa kombinerer ei deltidsstilling med studiar, og har ikkje mål om full stilling. Prosjektet «Heiltidskultur i Stavanger kommune» starta opp hausten 2020. Prosjektet skal i 2021 utarbeida ein overordna plan for heiltidskultur i Stavanger kommune, og gi tilrådingar til korleis ein kan lykkast med å få fleire heiltidsstillingar. Ein sterk heiltidskultur vil gi betre tenester for brukarane og betre arbeidsforhold for medarbeidarane, i tillegg til betre rammer for leiing.

Stavanger kommune starta hausten 2020 med å utarbeida ein livsfaseorientert personalpolitikk (livsfasepolitikk). Dette inneber at personalpolitikken skal vera tilpassa dei behova tilsette har i alle fasar av yrkeslivet. Behova kan vera knytte til jobb, familie, fritid og livssituasjon. Det er etablert eit godt samarbeid med tillitsvalde og vernetenesta, og det er gjennomført fleire drøftingar undervegs i arbeidet. Det blei òg gjennomført ei kartleggingsundersøking om behov og verkemiddel blant leiarane i kommunen. Livsfasepolitikken er under arbeid og blir lagd fram for politisk behandling våren 2021.