Årsrapport 2020

5.3.3 Ny arbeidsgivarstrategi

Arbeidet med ny arbeidsgivarstrategi har halde på i heile 2020, men med nokre avbrot og utsetjingar som følge av koronapandemien. Arbeidsgivarstrategien skal seia noko om korleis Stavanger kommune skal utvikla seg som organisasjon og arbeidsgivar til det beste for innbyggarane i kommunen. Sentrale moment er korleis kommunen skal skaffa tilstrekkeleg kompetanse og arbeidskraft, samtidig som organisasjonen tenker nytt om korleis oppgåvene skal løysast. Betydninga av samarbeid og gode arbeidsfellesskap er òg viktige moment i arbeidsgivarstrategien.

Kommunedirektøren har leidd ei arbeidsgruppe beståande av fire leiarar og fire tillitsvalde som har jobba med innhaldet i arbeidsgivarstrategien. Arbeidsgruppa har hatt fire fysiske samlingar i 2020, og har òg møttest digitalt. Gjennom bruk av intranett og informasjon på ulike arenaer har mange fått komma med innspel til arbeidet. Ved utgangen av 2020 er arbeidet i ein sluttfase, og arbeidsgivarstrategien blir behandla politisk våren 2021.