Årsrapport 2020

4.3.3 Andre sentrale element

Økonomisk kompensasjon til lokalt næringsliv

Med bakgrunn i Stortingets vedtak i Prop. 56 S (2020–2021) og tilhøyrande Innst. 180 S (2020–2021) blei Stavanger kommune før jul tildelt midlar for å kunna gi kompensasjon til lokalt næringsliv som blir ramma av pandemien og lokale smitteverntiltak. Stavanger sin del av løyvinga, kr 16,25 mill., blei tildelt som støtte til føretak i restaurant- og utelivsbransjen. Tilskotet gjekk til drift for å motverka negative verknader av smitteverntiltak som særleg ramma restaurant- og serveringsbransjen hausten 2020, jamfør referatsak 1/21 i kommunalutvalet. Midlane er kostnadsførte sentralt i 2020.

Finanspostar og utbytte

Det er vanskeleg å isolera effekten av koronapandemien på netto renteutgifter, avkasting på finansplasseringar og utbytte sidan mange faktorar påverkar nivåa. Gjennom året er postane betydeleg nedjusterte, mellom anna utbytte/eigaruttak med kr 27,7 mill. Mangel på eintydig kopling til koronapandemien fører til at desse postane ikkje blir inkluderte i oppstillinga over koronakostnader.

Skatteinntekter

Dei makroøkonomiske utsiktene var prega av stor uvisse like etter utbrotet av koronapandemien i Noreg. Dei budsjetterte skatteinntektene blei markant nedjusterte i første tertial 2020. Redusert lønnsvekst og betydelege (og forlengde) statlege krisetiltak trygde grunnlaget til skatteinntektene til kommunen i 2020, og skatteanslaget blei noko oppjustert etter andre tertial. I november erfarte Stavanger kommune eit godt etteroppgjer for skatteåret 2019. Ved årsslutt blei dermed skatteinngangen betre enn forventa i forkant av koronapandemien, men 0,4 prosent lågare enn for rekneskapsåret 2019. Skatteinntektene er følgeleg haldne utanfor koronaøkonomien i 2020.