Årsrapport 2020

3.8 Program Nye Stavanger

Samanslåinga av tre kommunar har vore ein omfattande prosess som medførte kostnader til mellom anna drift av politisk aktivitet, gjennomføring av program og prosjekt, annan administrasjon og dessutan ulike drifts- og investeringsprosjekt.

Økonomistyringa vart vareteken gjennom at programmet er ført på eit eige ansvar som ein del av budsjettet og rekneskapen til Stavanger kommune. Den formelle avlegginga av rekneskapen er gjort gjennom Stavanger kommune sin årsrekneskap.

Programmet Nye Stavanger har gjennomført ei eigenvurdering av prosessen med å slå saman kommunane og har beskrive vurderingane i ein digital sluttrapport, behandla i Stavanger kommunestyre 8. mars 2021 (Sak 34/21).  Sluttrapporten dokumenterer hovudtrekka frå prosessen for samanslåing i perioden 2014-2020, inneheld vurderingar av korleis dei ulike delane av prosessen i regi av programmet fungerte og oppsummerer dei viktigaste læringspunkta frå programarbeidet.

Program Nye Stavanger fekk i 2017 kr 46,1 mill. i tilskot til dekning av eingongskostnader, og kr 4 mill. i tilskot til tiltak til digitaliserings- og infrastrukturtiltak. Då samanslåinga var gjennomført i 2020, fekk Stavanger kommune ytterlegare kr 33,5 mill. i reformstøtte. Dei tre kommunane har sett av eigne middel til investeringar, herunder til etablering av innbyggjartorga i Vikevåg og på Judaberg i samband med kommunesamanslåinga.

Sum driftsutgifter var per 31.desember 2020 kr 65 mill. for perioden 2017-2020. Det går framleis føre seg enkelte prosjekt og desse blir forventa ferdigstilt i 2021. Dette gjeld mellom anna harmonisering av eigedomsskatt i kommunane. Sum investeringsutgifter for perioden 2017-2020 er kr 19,4 mill.

Tabell 3.37 viser utvalde prosjekt gjennomført av Program Nye Stavanger i perioden 2017-2020. Nærare oversikt over alle prosjekta finst i sluttrapporten.

Linje nrProsjekterRekneskap 2020Rekneskap 2019Rekneskap 2018Rekneskap 2017Sum
1Tenesteutviklingsprosjekt 1 906 621   1 528
2It-migrering 364 6 425 2 603   9 393
3Taksering og eigedomsskatt 4 773 3 247 17   8 036
4Arkiv nye Stavangar 1 358 511    1 869
5Administrativ organisering  190 1 005   1 195
6Hjemmeside 689 950 544 203 2 387
7Harmonisering av nettverk   1 752    1 752
8Innbyggjartorg Judaberg 13 485 2 654    16 139
9Innbyggjartorg Vikevåg 2 158 378    2 536
Tabell 3.37 Utvalde prosjekt Program Nye Stavanger 2017-2020, tal i 1000 kr.
Last ned tabelldata (Excel)

Linje 1 Tenesteutviklingsprosjekt

Det vart etablert eit tenesteutviklingsprosjekt for kvart av tenesteområda i kommunen. Prosjekta utarbeidde eit forslag til harmonisering av tenestene i kommunen, og gav innspel til organiseringa av tenestene i ny kommune.

Linje 2 It-migrering

Prosjektet skulle leggja til rette for at den nye kommunen har ei stabil og sikker drift og forvaltning av IKT-løysingane sine. Prosjektet har tilrettelagt for harmonisering av IT-systema til dei tre kommunane, etablering av ei felles IKT-plattform og felles fagsystem og varetaking av nødvendig historikk i nytt system. Migrering av data kallar prosessen med å flytta data mellom IT-systema til kommunane.

Linje 3 Taksering og eigedomsskatt

Prosjektet bestod i å innhenta nødvendig grunnlag for eigedomsskatt i nye Stavanger, slik at kommunen sikrar likebehandling og oppfyller lovkrav ved innkrevjing av eigedomsskatt i den nye kommunen. Hovudaktivitetane i prosjektet består i å harmonisera og foreslå retningslinjer for skattlegginga av eigedommar, og deretter utføra taksering av alle eigedommar i tråd med retningslinjene. Prosjektet går òg føre seg i 2021.

Linje 4 Arkiv nye stavangar

Prosjektet har etablert ei felles arkivteneste i den nye kommunen basert på digitale førsteval og sikra tilgang til aktuell dokumentasjon frå dei gamle kommunane i den nye kommunen.

Linje 5 Administrativ organisering i nye Stavanger

Prosjektet administrativ organisering har utarbeidd ei oppdatert administrativ organisering tilpassa den nye kommunen. Arbeidet med administrativ organisering danna grunnlag for innplassering av medarbeidarar og leiarar.

Linje 6 Nettside

Kostnadene er knytte til ny nettside for Stavanger kommune.

Linje 7 Harmonisering av nettverk i samband med nye stavangar

IT-prosjekt, der utgiftene er knytte til oppdatering av nettverk i Rennesøy og Finnøy kommunedelar.

Linje 8 og 9 Innbyggjartorg på Judaberg og Vikevåg

Prosjektet har etablert innbyggjartorg i kommunedelane Finnøy og Judaberg. Innbyggjartoga skal vera ein lokal møteplass som fungerer som eit treffpunkt for møte mellom kommunen, innbyggjarar, næringslivet og frivillige organisasjonar og lag.

Økonomisk oversikt - driftRekneskap 2020Budsjett 2020Rekneskap 2019Budsjett 2019Rekneskap 2018Rekneskap 2017
Driftsinntekter      
Andre sals- og leigeinntekter   2    
Overføringar med krav til motyting 1 662   4 612 1 250 1 354 107
Rammetilskot      
Andre statlege overføringar 33 471 33 000    100 50 100
Sum driftsinntekter 35 133 33 000 4 614 1 250 1 454 50 207
Driftsutgifter      
Lønnsutgifter 2 342   9 582 7 301 5 897 352
Sosiale utgifter 586   2 370 1 627 1 385 66
Kjøp av varer og teneste som inngår i teneste produksjon 6 190 1 654 16 742 22 963 7 307 802
Kjøp av tenester som erstattar teneste produksjon 220  - 200   2 181 0
Overføringar 3 220   4 121 917 1 980 184
Avskrivingar 37   23    
Sum driftsutgifter 12 595 1 654 32 638 32 808 18 750 1 404
Brutto driftsresultat 22 538 31 346 - 28 024 - 31 558 - 17 295 48 804
Resultat eksterne finanstransaksjonar      
Motpost avskrivingar 37   23    
Netto driftsresultat 22 575  - 28 002 - 31 558 - 17 295 48 804
Bruk av bundne fond 10 386 10 386 31 508 31 508 48 804  
Sum bruk av avsetningar 10 386 10 386 31 508 31 508 48 804  
Overført til investeringsrekneskapen   706 706   
Avsett til bundne fond 19 704 24 750 10 386 11 250 31 508 48 804
Sum avsetningar 19 704 24 750 11 092 11 956 31 508 48 804
Rekneskapsmessig meir/mindreforbruk 13 257 16 982 - 7 586 - 12 006 --
Tabell 3.38 Økonomisk oversikt drift utgifter til Program Nye Stavanger og tilhøyrande prosjekt
Last ned tabelldata (Excel)

For å dekkja opp for meirforbruk knytt til kommunesamanslåingsprosessen i åra 2017-2019, og dessutan bruk av infrastrukturtilskot som er inntektsført i drift og utgiftsført i investering, er rekneskapen i 2020 gjort opp med eit rekneskapsmessig mindreforbruk på kr 13,3 mill.

I den økonomiske oversikta er prosjekt som tilhøyrer kommunesamanslåingsprosessen, men som er ført på andre ansvar enn Program Nye Stavanger inkludert. Det kjem derfor fram eit meirforbruk på kr 7,6 mill. i 2019. Dette blir gjort opp mot resultatet i 2020. I tillegg er det ført kr 1,8 mill. på ulike prosjekt i 2017-2018 og infrastrukturtilskot på kr 4 mill. er inntektsførte i drift og utgiftsført i investering.

Det er i 2020 avsett kr 19,7 mill. til bundne fond som mellom anna skal finansiera ferdigstilling av prosjekt Taksering og eigedomsskatt.

Økonomisk oversikt - investeringRekneskap 2020Budsjett 2020Rekneskap 2019Budsjett 2019Rekneskap 2018
Inntekter 461     
Sum inntekter 461     
Utgifter     
Kjøp av varer og tj som inngår i tj.produksjon 15 642 38 368 2 506 3 985 706
Kjøp av tenester som erstattar tj.produksjon     
Overføringar   526   51
Sum utgifter 15 642 38 368 3 031 3 985 757
Avsatt til ubundne investeringsfond   706 706  
Sum finansieringstransaksjonar   706 706  
Finansieringsbehov 15 181 38 368 3 737 4 691 757
Dekket slik:     
Overført frå driftsrekneskapen   706 706  
Sum finansiering   706 706  
Udekt- 15 181 - 38 368 - 3 031 - 3 985 - 757
Tabell 3.39 Økonomisk oversikt investering Program Nye Stavanger
Last ned tabelldata (Excel)

Samla i perioden 2018-2020 er det kostnadsført kr 19,4 i investeringsrekneskapen på ansvar 800700 Program Nye Stavanger. Dette er i hovudsak knytt til etablering av Innbyggertorgene på Judaberg og Vikevåg. Midlar til innbyggjartorg (kr 30 mill.) vart vedteke gjennom bruk av disposisjonsfond, jf. sak om årsrapport og årsrekneskap (Stavanger sak 58/19, Finnøy sak 15/19, Rennesøy sak 16/19). I 2. tertialrapport 2020 vart det vedteke å avsetja ytterliggere kr 13,1 mill. til prosjektet som skal nyttast til andre kommunale funksjonar samlokalisert med innbyggjartorga. Dette arbeidet er ikkje ferdigstilt og vil halda fram i 2021.