Årsrapport 2020

3.5 Likviditet og soliditet

3.5.1 Likviditet

Forholdet mellom omløpsmidlar og kortsiktig gjeld blir kalla likviditetsgrad. Nøkkeltala fortel noko om evna kommunen har til å dekka dei kortsiktige forpliktingane sine med utgangspunkt i alle eller dei mest likvide omløpsmidlane.

Likviditetsgrad 1 tek utgangspunkt i alle omløpsmidlane. Her bør nøkkeltalet vera større enn 2, fordi nokre av omløpsmidlane kan vera mindre likvide. Likviditetsgrad 2 tek utgangspunkt i dei mest likvide omløpsmidlane, og her bør nøkkeltalet vera større enn 1. Dei mest likvide omløpsmidlane er kasse, bank og marknadsbaserte plasseringar som er klassifiserte som omløpsmidlar, og som raskt kan gjerast om i kontantar.

Tabell 3.24 viser at likviditetsgrad 1 og 2 var på høvesvis 2,14 og 1,47 per 31. desember 2020. Likviditeten er følgeleg styrkt frå nivået per 1. januar 2020. Likviditeten vil likevel kunna svinga betrakteleg gjennom året. Likviditetssituasjonen gjennom året er nærare omtalt i kapittel 3.6. og Årsrapport 2020 – Likviditets- og låneforvaltning. Likviditeten blir svekka dersom det blir korrigert for akkumulert premieavvik. (Likviditetsgrad 1 er då på 1,85.)

LikviditetsgradRekneskap per 31.12.2020Rekneskap per 01.01.2020
Likviditetsgrad 1 2,16 2,10
Likviditetsgrad 2 1,47 1,43
Tabell 3.24 Likviditetsgrad 1 og 2
Last ned tabelldata (Excel)

3.5.2 Soliditet

Omgrepet soliditet kan forklara evna kommunen har til å tola framtidige underskot eller tap. Gjeldsgrada og eigenkapitalprosenten gir informasjon om soliditeten. Eigenkapitalprosenten gir informasjon om kor stor del av dei samla eigedelane til kommunen som er finansiert med eigenkapital. Den resterande delen er finansiert med framandkapital/lån. Som det kjem fram av tabell 3.25, var eigenkapitalprosenten per 31. desember 2020 på 34,9 prosent.

EigenkapitalprosentRekneskap per 31.12.2020Rekneskap per 01.01.2020
Eigenkapitalprosent34,9 %32,3 %
Tabell 3.25 Eigenkapitalprosent
Last ned tabelldata (Excel)

I kommunelova med forskrifter er det ikkje fastsett krav til kor stor eigenkapitalprosenten, likviditetsgrada og gjeldsgrada bør vera. Ein bør likevel vera merksam på utviklinga i nøkkeltala. Eit betydeleg investeringsnivå med tilhøyrande høgt låneopptak vil over tid bidra til å svekka soliditeten.

3.5.3 Arbeidskapital

Kommunen må ha ei viss likvid behaldning sidan inn- og utbetalingar ikkje kjem på same tidspunkt. Storleiken på denne behaldninga vil vera avhengig av storleiken på inn- og utbetalingar. Likviditeten til kommunen er prega av stor variasjon gjennom året. Kommunen nyttar likviditetsbudsjettering for å styra likviditeten så optimalt som mogleg gjennom året. I periodar med god likviditet kan likvide midlar plasserast eksempelvis i verdipapirmarknaden med ulik tidshorisont.

Differansen mellom omløpsmidlar og kortsiktig gjeld (arbeidskapitalen) i balanserekneskapen gir òg uttrykk for den likvide situasjonen til kommunen. I tabell 3.26 viser endringar i omløpsmidlar, kortsiktig gjeld og arbeidskapital i 2020. Arbeidskapitalen var på kr 2,05 mrd. per 31. desember 2020. Arbeidskapitalen blei styrkt med kr 68 mill. som følge av at omløpsmidlane auka og kortsiktig gjeld blei redusert.

Sidan ordninga med premieavvik blei innført i 2002, har dei innbetalte pensjonspremiane hovudsakleg vore høgare enn dei berekna pensjonskostnadene. Differansen blir kalla premieavvik. Som følge av at det er pensjonskostnadene som blir utgiftsførte i rekneskapane, har rekneskapsresultata dei seinare åra ofte vist for positive beløp. Akkumulert premieavvik blir balanseført som omløpsmidlar. Som følge av at premieavviket ikkje representerer reelle verdiar, har utviklinga i arbeidskapital/likviditet òg vist for gunstige tal.

Arbeidskapitalen per 31. desember 2020 var på kr 1,5 mrd. dersom det blir korrigert for premieavviket på kr 527 mill. Ein reduksjon i akkumulert premieavvik på kr 33 mill. førte til at den korrigerte arbeidskapitalen auka med kr 101 mill. i 2020. Per 31. desember 2020 var premieavviket ca. 14 prosent av omløpsmidlane.

Arbeidskapital (alle tall i 1000 kr)Rekneskap per 01.01.2020Rekneskap per 31.12.2020
Omløpsmidler 3 783 226 3 837 973
Kortsiktig gjeld 1 803 339 1 790 472
Arbeidskapital 1 979 887 2 047 501
Endring i arbeidskapital  67 614
Av dette premieavvik 560 054 527 112
Korrigert arbeidskapital 1 419 833 1 520 389
Endring i korrigert arbeidskapital  100 556
Tabell 3.26 Endring i arbeidskapital
Last ned tabelldata (Excel)

3.5.4 Utvikling i lånegjelda til kommunen

Den langsiktige lånegjelda til kommunen aukar når årlege låneopptak er høgare enn årlege avdrag. Eit høgt investeringsnivå og låg eigenfinansiering vil bidra til at låneopptaket blir høgare enn avdraga. Tabell 3.27 gir ei oversikt over langsiktig gjeld per 31. desember 2020, eksklusive pensjonsforpliktingar, startlån, ubrukte lånemidlar og lån der staten yter kompensasjon for renter og avdrag. Det blir motteke kompensasjon frå staten for renter og avdrag på lån knytte til eldre- og psykiatriplanen og kompensasjon for renter på lån knytte til investeringar i skule- og kyrkjebygg.

Utvikling i lånegjeld, tal i mill. krRekneskap per 31.12.2020
Langsiktig lånegjeld eksklusiv pensjonsforpliktelser 9 897
Videre utlån / startlån 2 271
Ubrukte lånemidler 499
Lån i samband med Eldre- og psykiatriplanen 185
Lån skolebygg (staten betener rentene) 281
Lån kyrkjebygg (staten betener rentene) 228
Korrigert sum lånegjeld i mill. kroner 6 433
Tabell 3.27 Utvikling i lånegjeld. Alle tal i mill. kr.
Last ned tabelldata (Excel)

Brutto lånegjeld var på kr 9,9 mrd. per 31. desember 2020, noko som er ein auke på kr 248 mill. frå 1. januar 2020. Lånegjelda var på kr 6,4 mrd. per 31. desember 2020 dersom det blir korrigert for startlån, ubrukte lånemidlar og lån der staten dekker kapitalutgiftene. Figur 3.13 viser utviklinga i brutto lånegjeld per innbyggar (ekskl. startlån) i perioden 2011–2019 for tidlegare Stavanger kommune og for nye Stavanger kommune i 2020.

Figur 3.13 Utvikling i brutto lånegjeld per innbyggar for tidlegare Stavanger kommune i åra 2011–2019 og ny samanslått kommune i 2020.