Årsrapport 2020

3.3.2 Driftsutgifter

Samla viser driftsutgiftene eit meirforbruk i forhold til budsjett på kr 320,3 mill. Dette må til dels sjåast i samanheng med meirinntekter på tenesteområda samanlikna med budsjett, herunder refusjonsinntekter, som det ikkje er budsjettert for. Til dels kjem det av for lågt budsjetterte avskrivingar.

Kommunesamanslåinga mellom Stavanger, Finnøy og Rennesøy kommunar fører til at historiske rekneskapstal ikkje blir fullt ut samanliknbare. Basert på oppstillingar frå årsrapportane 2019 for dei tre kommunane er vekst i driftsutgifter i 2020 i tråd med kommunal deflator på 1,4 prosent.

Kvar verksemd innanfor tenesteområda forheld seg til netto driftsrammer der både utgifter og inntekter er ein del av totalbiletet. Sjå kapittel 3.3.6 for nærare omtale av tenesteområda.

LinjeDriftsutgifterRekneskap 2020Justert opphavleg 2020AvvikRekneskap i % av budsjettOpphavleg budsjett 2020
1Lønnsutgifter 5 373 497 5 182 496 191 001 104 % 5 192 458
2Sosiale utgifter 1 276 222 1 310 038 - 33 817 97 % 1 354 152
3Kjøp av varer og tenester 3 479 650 3 540 034 - 60 384 98 % 3 343 424
4Overføringar og tilskot til andre 1 025 198 1 001 473 23 725 102 % 840 623
5Avskrivingar 530 203 330 383 199 820 160 & 328 770
 Sum driftsutgifter 11 684 769 11 364 424 320 345 103 % 11 059 427
Tabell 3.10 Driftsutgifter 2020. Alle tal i heile tusen kroner.
Last ned tabelldata (Excel)

Lønn og sosiale utgifter

Lønnsutgiftene (linje 1) viser eit meirforbruk på kr 191 mill. samanlikna med justert budsjett 2020. Veksten i lønnsutgifter samanlikna med rekneskap for 2019 kan forklarast med ordinær lønnsvekst, og dessutan volumvekst sidan Stavanger kommune har overteke drifta av eit bufellesskap og ein sjukeheim som tidlegare var drifta av private leverandørar. Områda som har jobba med TISK-tiltak, har hatt ein høgare vekst i lønnskostnader enn gjennomsnittet. Dette gjeld spesielt for Stavanger legevakt og sentrale legetenester. At lønnskostnadene ikkje har auka meir i 2020, viser at mange av dei nye oppgåvene er løyste innanfor ordinær bemanning og ved omdisponering av ressursar.

Koronapandemien la heilt spesielle premissar for både dei sentrale og dei lokale lønnsforhandlingane i 2020. I revidert nasjonalbudsjett i mai 2020 blei anslaget for lønnsveksten for 2020 nedjustert frå 3,6 prosent til 1,5 prosent. Forhandlingane for kommunesektoren enda med ein årslønnsvekst på 1,7 prosent, det same som resultatet i det såkalla frontfaget. Forhandlingsresultatet, inkludert verknadstidspunkt, for fleire forbund blei ikkje klart før i starten av 2021, og bidrog til at det lenge var uvisse knytt til dei endelege resultata av forhandlingane for 2020.

Budsjettavvik i 2020 må sjåast i samanheng med refusjonar frå trygdeforvaltninga (sjuke- og omsorgspengar) der motteken refusjon er høgare enn det er budsjettert for. Avvik må òg sjåast i samanheng med kjøp av varer og tenester som inngår i tenesteproduksjonen, sidan verksemdene har ein viss fridom til å styra innanfor desse rammene samla.

Sosiale utgifter (linje 2) viser eit samla mindreforbruk grunna lågare pensjon i 2020. Utsett lønnsoppgjer for lærarar til 2021 har medført lågare pensjonsforpliktingar ved utgangen av året. I tillegg førte omlegging i AFP-faktureringa til lågare kostnader i 2020. Sjå punkt 3.3.3 for nærare omtale rundt pensjon.

Kjøp av varer og tenester

Kjøp av varer og tenester (linje 3) viser eit mindreforbruk på kr 60,4 mill. Avvik må sjåast i samanheng med lønnsutgifter.

I 2020 har det vore ei vridning i innkjøpsmønster samanlikna med tidlegare år. Vridninga har samanheng med koronapandemien, der det t.d. har vore ein klar nedgang i kostnader til kurs og reiser, totalt kr 28,4 mill. i 2020. Samtidig har utgiftene til reinhaldstenester og medisinsk forbruksmateriell hatt ein klar auke, på høvesvis kr 35 mill. og kr 20 mill.

Overføringar og tilskot til andre

Overføringar og tilskot til andre (linje 4) viser eit meirforbruk på kr 23,7 mill. samanlikna med budsjett. Hovudårsaka til avviket utgjer kr 16,2 mill. i økonomisk korona-støtte til restaurant- og serveringsbransjen med bakgrunn i Stortingets behandling av nye økonomiske krisetiltak like før jul.

Avskrivingar

Avskrivingar (linje 5) er kr 200 mill. høgare enn budsjettert, grunna noko tidsetterslep i budsjettet.  Samla budsjettavvik på avskrivingar utgjer om lag to tredelar av budsjettavviket på samla driftskostnader. Dette har likevel inga praktisk betydning på resultatlinjene til kommunen sidan avskrivingar blir nulla ut før netto driftsresultat blir berekna.