Årsrapport 2020

3.1.5 Investeringsnivå

For å bidra til ein god balanse mellom dei finansielle målkrava og behovet til kommunen er det avgjerande å ha eit investeringsnivå som samsvarer med dei løpande inntektene til kommunen. Målsettinga er å ha eit investeringsnivå som ikkje er høgare enn 11–12 prosent av driftsinntektene.

Figur 3.4 viser at investeringsnivået i 2020 er på 9 prosent av driftsinntektene. Utviklinga har vore i ønskt retning sidan toppåra 2010–2013.

Figur 3.4 Investeringsnivå i prosent av driftsinntektene for tidlegare Stavanger kommune i åra 2011-2019, og ny samanslått kommune i 2020