Årsrapport 2020

2.4 Regionmotoren

Regionmotoren, eitt av tre satsingsområde i kommuneplanens samfunnsdel, er med på å utvikla byen til å bli sunn og god å bu i og attraktiv for næringsliv, arbeidstakarar og besøkande.

2.4.1 Kommunen sin innsats for å vidareutvikla eit mangfaldig og konkurransedyktig næringsliv i heile regionen

Stavanger er sentral i den regionale utviklinga av eit mangfaldig, berekraftig og konkurransedyktig næringsliv. Utviklingsarbeidet blir gjort saman med andre kommunar, fylkeskommunen, næringsutviklingsorganisasjonar, næringsliv og akademia. Det er i 2020 utarbeidd forslag til ny næringsstrategi 2021–2030 med følgande satsingsområde: energihovudstaden, landbruk og havbruk, industri og teknologi og opplevingar og reiseliv.

For å erstatta Greater Stavanger er det jobba fram ein ny samarbeidsmodell for organisering av det regionale næringsarbeidet, der initiativet til kommunen overfor næringslivet blir forsterka.

Kommunen tok i mars 2020 initiativ til eit energihovudstadsprosjekt, der energi frå vatn og vind også er inkludert. Erfaringane frå og interessa for dette initiativet viste behov for eit kontinuerleg samarbeid. Det toårige energihovudstadsprosjektet passar godt inn i det nye regionale samarbeidet. Kompetansen frå olje- og gassindustrien har vist seg å vera ein unik innsatsfaktor i det grøne skiftet. Stavanger var i november 2020 vertskap for den første nasjonale havvindskonferansen.

Nye Stavanger

Stavanger blei ein stor landbruks- og havbrukskommune etter samanslåinga med Finnøy og Rennesøy. Nytt landbruks- og havbrukskontor på Judaberg blei oppretta 1. januar 2020. Mat har lenge vore ei viktig satsing, og det utvida næringsgrunnlaget til kommunen bidreg til ei sterkare og meir målretta satsing på grøne og blå næringar.

Vidareutvikla kunnskapsbyen

Sommaren 2020 blei det underteikna ei samarbeidserklæring mellom Stavanger kommune, Universitetet i Stavanger (UiS), Stavanger universitetssjukehus og Rogaland fylkeskommune. Partane arbeider for styrking av den helsefaglege utdanninga i regionen, forsking, innovasjon og næringsutvikling.

Koronapandemien

2020 blei eit spesielt år. Koronapandemien, i tillegg til låg oljepris, gjorde det nødvendig med eit nært og lokalt næringssamarbeid. Kommunen organiserte raskt ei koordinert, regional tiltaksgruppe tett på næringslivet. Målet var å fanga opp moglegheiter og utfordringar, og dessutan å halda den politiske leiinga løpande orientert om utviklinga. Det har òg vore viktig å gjennomføra førehandsdrøftingar ved innføring av lokale forskrifter på grunn av koronapandemien. Ny tenking og nye grep har vore nødvendige. Koronapandemien har bidrege som ein katalysator for rask omstilling.

2.4.2 Kommunen sin innsats for å styrka byen som drivkraft for heile regionen

Kommunen har i 2020 arbeidd aktivt med gjennomføring av sentrumsplanen. Kommunalutvalet er etablert som koordinerande sentrumsutval, og det er oppretta ein sentrumskoordinator. Kommunen er avhengig av samarbeid med andre sentrumsaktørar, og dette samarbeidet er styrkt gjennom vidareføring av City Impact District (CID) Stavanger sentrum. CID arbeider med å utforska moglegheitene som ligg i ulike samarbeidsløysingar.

Eitt av delprosjekta i rullering av kommuneplanens arealdel er bustad og byutvikling. I dette arbeidet vektlegg kommunen også koplinga mellom bustad, byrom og kvalitetar for å styrka sentrum.

Planprogram Holmen og Østre hamn, som må vedtakast før detaljreguleringar for enkelte område som Bekhuskaien og Holmen kan starta, er forventa vedteke i 2021. Lysplan for Stavanger sentrum og byromsstrategien har vore på høyring. Byromsstrategien konkretiserer innhald og gjennomføring av byromma vedteke i sentrumsplanen.

Kommunalutvalet vedtok våren 2020 forslag til gjennomføring av endringar som sentrumsplanen føreslår for vegnett og parkering. Det er også i gang planarbeid for Bussveien og Stavanger stasjon.

Områderegulering Paradis er i gang, og planprogram er venta vedteke i 2021. Områdereguleringa skal legga til rette for ei utviding av sentrum sørover med både bustad og næring. Planen er venta ferdig i 2023. Områderegulering i Hillevåg, i randsona til sentrum, er starta opp. Planprogrammet blir truleg vedteke våren 2021. Områdesatsinga på Storhaug er eit anna døme på satsing for å gjera sentrum attraktivt.

Detaljreguleringar og byggesaker for utbygging og omforming av sentrum er i gang. Reguleringsplan for Lervigkvartalet i Sentrum aust, som har vore på høyring og skal vedtakast i 2021, regulerer mellom anna den nye sentrumsskulen. Detaljplanlegging av Nytorget er starta, og kommunen brukte den mellombelse Palleparken for å henta innspel frå innbyggarane til utforming av torget. Kommunen har planlagt rehabiliteringa av Rådhuset med mellom anna eit nytt og betre tilgjengeleg servicetorg.

Formannskapet vedtok at kommunen skal vera pådrivar for arbeidet med å realisera Akropolis-visjonen. Visjonen utforskar moglegheita for utbygging av Rogaland Teater og Museum Stavanger på noverande og nærliggande tomter. Førebuingane til Stavanger 2025, der sentrum vil ha ei sentral rolle, er òg eit døme på innsats for å styrka sentrum og byen som drivkraft for heile regionen.