Årsrapport 2020

2.2 Sysselsetting og demografiske endringar

Ein arbeidsmarknad i endring

Koronapandemien har sett eit tydeleg preg på arbeidsmarknadsutviklinga i 2020. Mot slutten av året blei utviklinga meir stabil, sjå figur 2.1.

Figur 2.1 % ledige av arbeidsstyrken i Stavanger, Rogaland og landet 2020

Utviklinga i ledige

Utviklinga i ledige blei betre enn forventa for fleire næringar i 2020, koronapandemien teken i betraktning. Statlege krisetiltak og tilskotsordningar har hatt effekt. Men enkelte næringar, som reiseliv og transport, hadde betydelege utfordringar i 2020. Tiltak for å avgrensa koronapandemien kombinert med endringar i etterspurnaden etter varer og tenester gav seg uttrykk i ledige etter yrke, sjå figur 2.2.

Figur 2.2 Arbeidsløyse etter yrke i % av arbeidsstyrken for heile landet i 2020. Kilde: NAV

Bustadbygginga

Bustadbygginga i Stavanger auka i 2020, samanlikna med 2019. Likevel var 160 av dei fullførte bustadene i 2020 studentbustader. Sjølv om det var høg bustadomsetning i 2020, blei det fullført relativt få bustader. Dette heng truleg saman med problem knytte til tilgang på arbeidskraft i bygge- og anleggsbransjen, som følge av koronapandemien. Figur 2.3 viser bustadbygginga.

Figur 2.3 Bustadbygginga i Stavanger 1965-2020

Bustadprisane steig i 2020 samanlikna med 2019, men frå eit lågt bustadprisnivå i 2019, sjå figur 2.4.

Figur 2.4 Bustadprisindeks for brukte bustader

Demografiske endringar

Både inn- og utvandringa blei låg i 2020. Innanlandsk flytting blei i lita grad påverka av koronapandemien. For Stavanger blei det ei lita netto utflytting på 33 personar og eit fødselsoverskot på 608 personar i 2020. Samla blei befolkningsveksten i Stavanger på 573 innbyggarar i 2020. Det svarer til 0,4 prosent vekst, sjå figur 2.5 og figur 2.6.

Figur 2.5 Folketilvekst, fødselsoverskot og netto innflytting for Stavanger, Storbyområdet, Rogaland, Oslo, Bergen, Trondheim og landet

Rogaland hadde høgare prosentvis befolkningsvekst enn landet elles i 2020. Fødselsoverskotet blei høgare og netto innflytting lågare i Rogaland enn i landet elles. Det var med andre ord storleiken på fødselsoverskotet som forklarte ein stor del av Rogalands befolkningsvekst for 2020.

Figur 2.6 Prosentvis folketilvekst, fødselsoverskot og netto innflytting for Stavanger, Sandnes, Sola, Randaberg og Storbyområdet

Av kommunane i Storbyområdet var det framleis Sandnes og Sola som hadde den største prosentvise befolkningsveksten i 2020. Prosentvis befolkningsvekst var òg høgare i Randaberg enn i Stavanger.

Befolkningsvekst etter kommunedel i prosent og faktiske tal for 2020, samanlikna med tilsvarande data frå året før, kjem fram av figur 2.7.

Figur 2.7 Befolkningsvekst etter kommunedel i prosent og faktiske tal samanlikna med tilsvarande data frå året før.

Storhaug kommunedel hadde størst befolkningsvekst målt i talet på personar i 2020. Målt i prosentvis endring var det Rennesøy kommunedel som voks mest i 2020. Finnøy kommunedel hadde lågast vekst i talet på personar, og Hillevåg var einaste kommunedel med fråflytting i 2020.

Figur 2.8 viser befolkningsveksten i prosent.

Figur 2.8 Fødselsoverskot, netto innflytting inkludert inn- og utvandring og befolkningsvekst i Stavanger frå 2010 til 2020

Fødselstala gjekk ned med 4,5 prosent i 2020, samanlikna med fødselstala for 2019. Det har vore vedvarande reduksjon i talet på fødde sidan 2009, og reduksjonen har vore spesielt stor frå og med 2016, sjå figur 2.9.

Figur 2.9 Utviklinga i fødselstala frå 1964

Figur 2.10 med aldersfordelt befolkning viser at innbyggarane i Stavanger har blitt eldre.

Figur 2.10 Indeksert befolkningsutvikling i Stavanger frå 2021 til 2021