Årsrapport 2020

12.3.1 Gjennomførte undersøkingar

Skule 3.,6. og 9. trinn (foreldre)

Foreldreundersøkinga er ei frivillig undersøking som årleg blir gjennomført blant føresette med barn på 3., 6. og 9. trinn i Stavanger. Hausten 2020 svarte 4360 foreldre på undersøkinga, og det tilsvarer ein svarprosent på 73. Resultata viser at foreldra opplever at elevane trivst på skulen, har støttande lærarar, og at dialogen mellom skule og heim er god. Spørsmål om aktiv foreldredeltaking for å skapa eit godt skulemiljø får lågast skår. På skulenivå blir resultata frå foreldreundersøkinga drøfta med FAU, i samarbeidsutvalet og med dei tilsette. Resultat frå undersøkinga inngår i kvalitets- og utviklingsmeldinga som årleg blir lagd fram til behandling i kommunestyret. Resultata frå undersøkinga blir publiserte på nettsidene til Stavanger kommune.

Skule 7. og 10. trinn (elevar)

Elevundersøkinga er ei årleg, nasjonal undersøking. Elevane gir tilbakemelding på opplæringstilbodet sitt og skulekvardagen sin. Undersøkinga er obligatorisk å gjennomføra på 7. og 10. trinn, men dei fleste stavangerskulane gjennomfører undersøkinga blant alle elevar på 5. til 10. trinn. Hausten 2020 svarte 7 800 elevar på undersøkinga. Svara blir analyserte grundig på skule- og kommunenivå, og er ein viktig del av systemet til Stavanger kommune for kvalitetsvurdering og skuleutvikling. På kommunenivå er resultata relativt stabile frå år til år. Dei viser at dei fleste elevane trivst, opplever meistring og har gode relasjonar til lærarar og medelevar. Elevane på 10. trinn er generelt litt mindre tilfredse enn elevane på 7. trinn, til dømes når det gjeld motivasjon og elevmedverknad. Resultata frå undersøkinga blir lagde fram for kommunestyret i den årlege kvalitets- og utviklingsmeldinga. Utdanningsdirektoratet publiserer resultat frå undersøkinga på kommune- og skulenivå i Skoleporten.

Barnehage (føresette)

Foreldreundersøkinga for barnehage blei gjennomførd i perioden 1. november til 20. desember 2020. Stavanger kommune nyttar Utdanningsdirektoratets landsdekkande undersøking. Invitasjon til å delta blei send ut til om lag 8 000 foreldre med ein svarprosent på 68,4. Stavangerbarnehagane har stabilt gode resultat godt over målkravet på alle ni hovudområde i undersøkinga. Trivselen til barnet er det området der foreldre er mest fornøgde (4,7 av 5 poeng). Generell tilfredsheit med tilbodet skårar 4,5 av 5 poeng.

SFO 2. trinn

Foreldreundersøkinga for SFO blei gjennomført i februar/mars 2020, hovudsakleg blant foreldre på 2. trinn. Svarprosenten var 68. Tilbakemeldinga til foreldra er generelt at barna trivst på SFO, og at samarbeidet med personalet er godt. Om lag 9 prosent av foreldra ønsker eit meir tilpassa SFO-tilbod. Spørsmåla om trivselen til eleven og SFO-tilbodet i skuleferiane hadde best resultat. Resultata frå SFO-undersøkinga blir publiserte på nettsidene til Stavanger kommune.

Bustadkontoret

Formålet med undersøkinga er å kartlegga korleis bebuarane opplever buforholda i kommunale bustader. Undersøkinga er ny i Stavanger kommune og blei gjennomført første gong i juni 2020. Bebuarane er i hovudsak fornøgde med bustadene. Over halvparten (61 prosent) gir nest best eller høgast skår på om bustaden oppfyller behova deira, og dei fleste føler seg trygge i nabolaget sitt. Bebuarane opplever i avgrensa grad at dei får opplæring i å ta vare på bustaden. Vidare opplever bebuarane i noka grad at kommunen gir nødvendig oppfølging, og at det er ganske lett å få hjelp til å fiksa manglar i bustaden. Eit stort fleirtal (85 prosent) oppgir at dei ville kjøpt eigen bustad dersom dei fekk moglegheita. Ein låg svarprosent på 11 gjer at resultata må brukast med varsemd.

Tekniske heimetenester

Tekniske heimetenester tilbyr tekniske hjelpemiddel og løysingar for tryggleik og meistring i dagleglivet i samarbeid med helse- og velferdskontora, heimebaserte tenester og fysio- og ergoterapitenesta. Undersøkinga blei gjennomført i perioden 15. oktober til 5. desember 2020. Utvalet i hovudutsendinga bestod av totalt 4 722 brukarar. Ein del av desse stod med open teneste og burde vore avslutta. Svarprosenten for den delen av utvalet som fekk tekniske heimetenester i 2020, var 63. Samla tilfredsheit med tenesta oppnår ein snittskår på 87 av 100 poeng, noko som viser at brukarane alt i alt er svært fornøgde med tenestene dei får. Samlemålet respektfull behandling får ein snittskår på 91 poeng, medan tilsvarande skår innanfor pålitelegheit ligg på 86 poeng. Samlemålet for informasjon og opplæring oppnår ein gjennomsnittsskår på 81, medan gjennomsnittsskåren for innhald og kvalitet (91 poeng) indikerer at brukarane opplever at hjelpemidla held høg kvalitet.

Avlasting bustad

Brukarundersøkinga blei gjennomført i perioden 15. oktober til 30. november 2020, der pårørande til brukarar ved sju avlastingsbustader er intervjua om erfaringane ved avlastingstilbodet. 51 respondentar av eit utval på 109 gav ein svarprosent på 47. Resultata er presenterte for leiarane i dagsenter og avlasting, og blir lagde fram for kommunalutvalet i eiga sak. Skårane er lågare enn ved den førre undersøkinga i 2015. Samla tilfredsheit med tenesta gir ein god skår (76 poeng), og føresette opplever at dei har medverknad med bustaden, og at brukarane blir behandla med respekt. Fleire dimensjonar får likevel ein skår under 70 poeng. Informasjon, trivsel, omfang, innhald og kompetanse er alle på 60-talet. Dette er lågare enn forventa, men heng sannsynlegvis saman med at tilbodet har vore redusert og delvis nedstengt som følge av pandemien. Belastninga for dei pårørande har derfor vore betydeleg, og det er rimeleg å tru at dette kjem til uttrykk gjennom lågare skår.

Klima og miljø

Spørjeundersøking for klima og miljø blei gjennomførd i oktober 2020. Det blei utarbeidd ei felles undersøking for miljø- og renovasjonsseksjonen. Utvalet bestod av 700 personar som representerte alle bydelane i Stavanger kommune. Tilfredsheita og kjennskapen abonnentane har til renovasjonstenestene, blei kartlagd, og tilfredsheita har snittskår på 83 av 100 poeng. Innbyggarane meiner det er viktig at kommunen har høge klima- og miljømålsettingar (snittskår på 81 av 100 poeng). Innbyggarane oppgir at dei i noka grad har endra vanar i ei meir klima- og miljøvennleg retning dei siste åra (53 av 100 poeng). Rapporten frå undersøkinga er til intern bruk.