Årsrapport 2020

10.2 Innbyggjardialog

Smittevernomsyn og restriksjonar knytte til arrangement har i periodar fått konsekvensar for både frivilligsentralar og innbyggjartorg. Innbyggjartorga fekk ein forsiktig oppstart, medan publikumsmottaket til innbyggjarservice i Stavanger sentrum er den einaste offentlege rettleiingstenesta som har vore open for fysisk oppmøte for innbyggjarane under heile koronapandemien.

Avdelinga har levert dei ordinære tenestene sine i 2020, men med færre arrangement og fysiske møte. Då det var formålstenleg, har fysiske møte blitt erstatta med digitale.

Innbyggjartorga på Judaberg og Vikevåg er i drift

Innbyggjartorga i Vikevåg og på Judaberg blei opna i 2020. Torga gir innbyggjarane tilgang til kommunale tilbod og tenester og er viktige arenaer for samarbeid, engasjement og utvikling av lokalsamfunna.

Vikevåg innbyggjartorg opna i mellombelse lokale på nyåret, etter at tidlegare Rennesøy kommunehus blei tilpassa i påvente av framtidige lokale i Vikevåg. Judaberg innbyggjartorg opna for publikum i august som eit fullskalatilbod, etter ei omfattande ombygging av tidlegare Finnøy rådhus.

Innbyggjartorga har gradvis utvida tilbodet sitt til innbyggjarane gjennom året – tilpassa gjeldande smitteverntiltak. Tilboda omfattar treffpunkt for kommunedelsutvalet og møte med lokale folkevalde, generelle kommunale tenester og møte med frivilligsentralane. Innbyggjartorga tilbyr òg lån av møterom og lokale for arrangement.

I oktober opna den uformelle møteplassen på Judaberg innbyggjartorg med kafé for innbyggjarane. Kafeen er ein sosial samlingsstad og eit viktig knutepunkt for aktivitetane på torget. I tilknyting til kafeen kan innbyggjarane møta representantar frå kommunedelsutvalet og lokalt politi til ein uformell prat om det som rører seg.

Innbyggjarservice – førstelinja til kommunen

Innbyggjarservice er førstelinja til kommunen og bidreg til at innbyggjarane får god informasjon, rettleiing og hjelp til kommunale tenester. Seksjonen er til stades på tre stader: Olav Kyrresgate 23 i Stavanger sentrum, Asalveien 6 i Vikevåg og Judabergveien 6 på Judaberg.

Innbyggjarservice har levert det ordinære driftstilbodet sitt i 2020 – samtidig som seksjonen har fått nye tilleggsoppgåver i samband med pandemien.

Innbyggjarservice har levert følgande tenester direkte relaterte til pandemien:

  • open dør for innbyggjarane når dei aller fleste offentlege tenestene valde å stenga
  • tilsette til drift av koronatest-telefonen som blir driven av tenesteområdet helse og velferd
  • betent informasjonstelefonen for korona

Informasjonstelefonen blei etablert våren 2020 i samarbeid med Sandnes, Sola og Randaberg kommunar. Hovudtyngda av spørsmåla frå innbyggjarane på våren var knytt til karantene og generelle avklaringar rundt koronainformasjon. I ei tid der alt blei stengt og oppmodinga var å halda seg heime, blei telefonen for mange den tryggaste måten å oppnå kontakt med andre på.

Informasjonstelefonen heldt stengt frå påske, men opna igjen seinhaustes då smittetala i kommunen auga. Telefonen er framleis i drift. Talet på førespurnader varierer, men det er størst trafikk ved endringar i nasjonale eller lokale føresegner.

Noko utviklings- og opplæringsarbeid i seksjonen har blitt forskove som ein konsekvens av pandemien.

Digitale løysingar for innbyggjardialog

Innbyggjardialog vurderer nye digitale løysingar for innbyggjarar, frivillige lag og organisasjonar – og innfører løysingar i aktuelle tenestetilbod.
 
Avdelinga forvaltar den digitale løysinga Aktiv kommune på vegne av samarbeidskommunane Bergen, Stavanger og Øygarden. Talet på brukarar av denne løysinga aukar, ved utgangen av 2020 er løysinga tilgjengeleg for over 1 000 000 innbyggjarar i Noreg, fordelt på 15 kommunar.

Innføring av chat og chatbot-løysing blei sett på vent på grunn av pandemien.

Forprosjektet Digihjelpen, som kartlegg behovet for auka digital kompetanse blant innbyggjarane i kommunen, blei gjennomført med brei deltaking frå kommuneadministrasjonen, Sølvberget KF, private aktørar og frivillige lag og organisasjonar. Innsiktsarbeidet skal nyttast i ulike pilotprosjekt i 2021 og i vidareutvikling av andre innbyggjartenester.

Arbeidet i frivilligsentralane

Det blei oppretta to nye frivilligsentralar i 2020, på Hundvåg og på Tasta. Eiganes og Tasta frivilligsentral har endra namn til Eiganes og Våland frivilligsentral. Stavanger kommune har no totalt ni frivilligsentralar, éin i kvar kommunedel.

Arbeidet med nye felles retningslinjer for alle frivilligsentralane i Stavanger starta i 2020 og blir ferdig i 2021. Frivilligsentralane driv fleire tiltak på tvers av sentralane i Stavanger: ringevenn, matlevering til innbyggjarar i karantene, lyttevenn, barnas hage og trening med meining.

Saman med frivillige lokalt i Turistforeininga, Norges speidarforbund og Frilager arrangerte frivilligsentralen Heile kommunen på tur ved Fjøløy fort, Sørmarka i Stavanger og Teigen friluftsområde i Finnøy. Dette markerte overgangen til ny kommune.

Pandemien har likevel lagt store avgrensingar på aktivitetane til frivilligsentralane i 2020.
Kurs, dialogkafear og andre samlingar for frivillige har blitt gjennomført når det har vore mogleg, elles er dei avlyste eller erstatta med digitale møte.

I starten av pandemien bidrog frivilligsentralane med å kartlegga frivillige som ønskte å bidra med helsefagleg kompetanse, vera ringevenn til folk som treng nokon å snakka med, eller køyra ut mat til folk som ikkje kan gå i butikken sjølv.

Frivilligsentralane i Stavanger kommune deltek i faglege nettverk med andre kommunar i Rogaland.

Ny handlingsplan for frivilligheit
Arbeidet med ny handlingsplan for frivilligheit i Stavanger kommune starta opp i 2020. Det blir lagt opp til brei medverknad i planarbeidet. Denne nye planen skal erstatta strategiplan for samhandling mellom frivillige og Stavanger kommune, og skal til politisk behandling 2. tertial 2021.