Årsrapport 2020

10.1 Innleiing

Gjennom innbyggjar- og samfunnskontakt møter kommunen samfunnet, og samfunnet møter kommunen. Innbyggjarane, folkevalde, kulturlivet, næringslivet – mange har kontaktflatene sine gjennom dette tenesteområdet, og det er her dei smarte og digitale løysingane i framtida blir utvikla.

I koronaåret 2020 har innbyggjar- og samfunnskontakt vore viktigare enn nokon gong. Trafikken på nettsidene til kommunen har nærast eksplodert, mange har ringt informasjonstelefonen til kommunen om korona, og kommunen har teke imot ei mengd innspel frå næringslivet om korleis situasjonen skal handterast. Gjennom heile året har innbyggjarane hatt tilbod om å møta opp fysisk hos innbyggjarservice i Vikevåg, Judaberg og Stavanger sentrum.