Årsrapport 2020

9.6.6 LCC/LCA (livssykluskostnad/livsløpsvurdering)

Det er i 2020 tilsett ein koordinator som har ansvar for å sikre ei heilskapleg vurdering av material og løysingar som ein del av strategien til kommunen for ei berekraftig utvikling. Resultata blir brukte som eit heilskapleg avgjerdsgrunnlag, og kvaliteten, økonomien og miljøaspekta av byggeprosjekt blir sikra på på lengre sikt.

Metodikken og parametrane som blir brukte i LCC- og LCA-vurderingane, og dokumentasjonen av resultata, blir definerte og følgde opp av LCC/LCA-koordinatoren. Desse skal forankrast i prosjekteringstilvisingar for byggeprosjekt. Prosjekteringstilvisingane har som mål å gi nøyaktige retningslinjer for prosjektering og utføring av bygningar og sørger for effektiv bygging, forvaltning, drift og vedlikehald av bygningsmassen til Stavanger kommune. Grunnlaget for integrasjonen av LCC- og LCA-vurderingar i prosjekteringstilvisingane er oppretta i 2020, og ferdigstilling er planlagd i 2021.