Årsrapport 2020

9.6.3 Energi

Energiteamet i byggforvaltning har som ein av dei sentrale oppgåvene sine å driva effektiv og direkte driftsoppfølging av tekniske system i bygg. Totalt drifta seksjonen 170 eigedommar ved utgangen av 2020. Volumet auka med 10 eigedommar gjennom året.

ÅrstalTalet på nye sentralstyrte drifts-anleggDet samla talet på sentralstyrte driftsanlegg
20126161
2013566
20141278
2015987
2016592
201724116
201819135
201925160
202010170
Tabell 9.3 Driftsoppfølging av eigedommar
Last ned tabelldata (Excel)

13 bygg kom inn i sentraldrift i 2020:

Avvikling av eldre automasjonsserverar

Prosjektet for avvikling av eldre automasjonsserverar starta opp for alvor i 2020. Byggforvaltning sit på fleire eldre, utrangerte såkalla toppsystem for byggautomasjon. Desse oppfyller ikkje dagens krav til kommunikasjonsgrensesnitt og IT-tekniske krav. Denne oppgraderinga vil skifta ut eller oppgradera dagens lokale automasjonsanlegg på dei enkelte bygga til opne standardiserte protokollar.

Energioppfølging i kommunale bygg

Arbeidet med å redusera energiforbruket i bygningsmassen til kommunen, med energioppfølging og sentral styring frå driftssentralen i Olav Kyrres gate 19, heldt fram i 2020. Trass i koronapandemien har avdelinga klart å gjennomføra faste driftsmøte om energiavvik og feilretting i automasjonsanlegga på vekefast basis. Målsetjing om 100 prosent energiovervaking blei nådd i 2019, og alle bygg i tidlegare Rennesøy kommune og Finnøy kommune er sette opp i energioppfølginga.

Energirapportering, forbruk og klimagassutslepp

Oppsummert for 2020 har energibruken ein mindre nedgang samanlikna mot referanseåret 2015. Dette kjem i hovudsak av mindre drift som følge av koronapandemien. Enkelte bygg har vore meir eller mindre stengde, medan det meste av bygningsmassen har hatt drift, sjølv i dei sju vekene med nedstenging i mars/april. Dette kjem hovudsakleg av at dei fleste barnehagar og skular har hatt eit tilbod til barn som har foreldre i samfunnskritiske stillingar. Enkelte bygg har hatt utvida drift i helgar og heilagdagar som følge av koronapandemien.

Oppfølging av handlingsplan til klima- og miljøplan 2018–2030

Det har vore gjennomført to møte i klima- og miljøforumet til kommunen som skal sørgja for at handlingsplanen til Klima- og miljøplan 2018–2030 blir følgd opp og sett i verk. Viktige tiltak her er innstramming av krava til energibruk, og dessutan å ta i bruk fornybare energikjelder og fossilfrie bygge- og anleggsplassar.

Energiutgifter

Energiutgiftene til Stavanger kommune blei lågare enn forventa ved økonomisk rapportering per 31. oktober. Totalt utgjorde desse utgiftene kr 74,4 mill. i 2020. Det svarer til ein forbruksprosent på 94,8. Dette blir tilskrive i stor grad dei låge straumprisane i 2020, som var meir enn halverte samanlikna med 2019, i tillegg til arbeidet med energioppfølging og å redusera energiforbruket.

Energiutgifter201520162017201820192020
Straum 68 249 73 543 69 999 84 259 84 994 67 468
Fjernvarme/ fjernkjøling 1 531 1 770 2 026 2 968 3 692 3 352
Fyringsolje og fyringsparafin 161 199 33 301 207 0
Naturgass og andre fossile gassar 1 637 3 076 3 033 3 463 3 388 3 437
Bioenergi00 227 328 193 185
Sum 71 578 78 588 75 318 91 320 92 473 74 442
Tabell 9.4 Samanlikning av rekneskapsår for energiutgifter. Alle tal i tusen kroner.
Last ned tabelldata (Excel)

Porteføljeforvaltning av elektrisk kraft

2020 var eit veldig uvanleg år når det gjeld kraftprisar. Det har historisk sett ikkje vore lågare kraftprisar enn i 2020. Tendensane til dette var synlege allereie i slutten av 2019, då det i byrjinga av desember 2019 var eit underskot på energi i kraftmarknaden, men eit veldig omslag i hydrologisk balanse (vind, fyllingsgrad i vassbasseng, snøsmelting og utetemperatur) hende den siste veka i 2019. Nedbørsmengder som låg opp mot 200 % over normalen, kombinert med mildt vêr, gjorde at kraftprisen fall frå rett over 40 øre til litt over 20 øre på fire veker. Allereie på dette tidspunktet hadde kraftprisane blitt påverka av koronapandemien i Kina, og utover 2020 har kraftprisen dalt til historisk låge prisar i sommarmånadene.

Som figur 8.3 under viser, ligg kraftprisane for 2020 langt under kraftprisen i 2019. Sjølv i ein fallande marknad har kraftforvaltaren slått marknadsprisen i 11 av 12 månader.

Gjennom aktiv dialog med kraftforvaltaren blei kraftkjøp prissikra fram i tid for ikkje å gå glipp av dei låge prisane. Som følge av dei låge prisane i 2020 er det også sikra noko kraft i inneverande år.

Figur 9.1 Kraftprisutvikling månad for 2020. Øre/kWh eks mva. utan nettleige og forbruksavgift.

Figur 9.1 Kraftprisutvikling månad for 2020. Øre/kWh ekskl. mva. utan nettleige og forbruksavgift. Den lilla grafen som er for 2019, er teken med for å visa dei store forskjellane i kraftprisane mellom 2019 og 2020.

ÅrPris, øre kWhAuke jf. 2015Endring frå førre år
20151900
20162532 %32 %
201727,545 %10 %
201842,2122 %53 %
201941,3117 %-2 %
2020190-53 %
Tabell 9.5 Kraftprisutvikling sidan 2015. ØrekWh eksl. mva. utan nettleige og forbruksavgift.
Last ned tabelldata (Excel)

Kraftforvaltaren oppnådde i 2020 eit positivt finansielt resultat på rundt kr 1,0 mill. Avtalen har totalt sett gjennom året ført til ein lågare straumpris enn marknadsprisen på om lag 0,98 øre. Sett opp mot det årlege forbruksvolumet av elektrisk kraft i kommunen utgjer det ei endring i straumprisen på 10 øre, rundt 10 millionar kroner i energiutgiftene. Det er derfor viktig å ha eit aktivt forhold til kraftprisane og sikre seg posisjonar der kommunen kan henta ut gevinstar.