Årsrapport 2020

8.2 Byutvikling

2020 blei eit år med høg aktivitet innanfor planlegging og planbehandling, trass pandemien. Det har vore nødvendig med tilpassa prosessar.

Stavanger kommunestyre har vedteke 16 detaljreguleringsplanar som legg rammer for utvikling og utbygging av offentlege funksjonar, bustad- og næringsprosjekt. Det er vidare oppretta 132 saker fordelte på 3 områdereguleringar, 37 detaljreguleringar og 92 planendringar. Frå nedstenginga i mars og fram til sommaren blei det ikkje gjennomført ordinære fysiske informasjonsmøte, men lagt ut oppdatert informasjon på nettsidene og med kontaktinformasjon til saksbehandlarar. Det har vore nokre informasjonsmøte med påmelding i august/september. Saksbehandlingstida på nokre saker har auka som følge av situasjonen.

Grøn spydspiss

Overordna planar og regionale samarbeid er sentrale verkemiddel for å kunna nå ambisjonen til kommunen om å vera ein grøn spydspiss. Arealdelen i kommuneplanen for den nye kommunen er påbyrja, og planprogrammet blei vedteke i 2020. Arbeidet inkluderer delprosjekta bustad og byutvikling, transport og mobilitet og grøn plan. Det har vore nødvendig å legga om det planlagde medverknadsopplegget som følge av koronapandemien. Digitale møte har vore gjennomførte, og nye digitale verktøy er testa ut.

Det viser seg meir krevjande å jobba med desse oppgåvene frå heimekontor og svært avgrensa moglegheiter for fysiske møte. Nokre få fysiske møte blei gjennomførte i tråd med smittevernreglane i haust, mellom anna på Judaberg og i Vikevåg, i tilknyting til arbeidet med arealdelen i kommuneplanen og grøn plan.

Fleire større prosjekt som skal finansierast via Bymiljøpakken, har fått vedteke reguleringsplan i 2020, inkludert kollektivtraseen frå Jåttå til Ullandhaug, bussvegen frå Gauselvågen til Stasjonsveien og gang- og sykkelvegen langs Dusavikveien. I tillegg har også fleire mindre prosjekt og planar hatt god framdrift.

Regionmotoren

Samarbeidet om den reviderte Byvekstavtalen i 2020 har resultert i ei semje med staten om prioritering av prosjekt og nødvendige kostnadskutt. Det er òg vedteke eit nytt handlingsprogram for kommande år, basert på den reviderte avtalen.

Stavanger kommune har gitt høyringsfråsegn til Regionalplan Jæren fase II, som omhandla bumiljø og kvalitet, grøntstruktur, LNF (landbruk, natur og friluft) og større handelsareal. Regionalplanen blei i 2020 vedteken av fylkestinget, og dannar eit viktig grunnlag for planlegging i heile Stavanger-regionen.

Fleire av kommunen sine eigne områdereguleringsplanar nærmar seg avslutning, medan andre er i oppstartsfase. Planen for Mariero nærmar seg sluttfasen, planen for Forus aust har vore på høyring og blir klargjord for sluttbehandling, og planprogrammet for Hillevåg er klart for vedtak. Førebuande arbeid i Paradis er starta opp. Framdrift for områderegulering for Dusavik avheng framleis av avklaringar om løysing for E39 Smiene–Harestad, men arbeidet med detaljreguleringsplan for del av Dusavik II har blitt klargjort for høyring. Det går framleis føre seg arbeid med interkommunal kommunedelplan for Forus.

«Gode hverdagsliv»

Bustadplanar med kvalitetar i bygg og bumiljø er vedtekne. Plan 2663 for Forusbeen 35 legg til rette for 250 leilegheiter og inneber transformasjon av eksisterande bygg. Randabergveien 24 er òg ombygging av eksisterande eigedom og gir 38 sentrumsnære leilegheiter. Vidare er det vedteke planar som bidreg til god mobilitet for innbyggarane.

Tema for årets byggeskikkpris i 2020 var «gode hverdagsliv», og prisen gjekk til Finansparken Bjergsted.