Årsrapport 2020

7.6 Bu og aktivitet psykisk helse

Erfaringskonsulent blir inkludert i den recovery-orienterte praksisen i verksemda

Recovery-orientert praksis
        Å ha ein recovery-orientert praksis tek utgangspunkt i at betring er ein sosial og personleg prosess, der målet er at den enkelte kan leva eit meiningsfylt liv trass i dei avgrensingane sjukdom kan forårsaka.

Å ha ein recovery-orientert praksis tek utgangspunkt i at betring er ein sosial og personleg prosess, der målet er at den enkelte kan leva eit meiningsfylt liv trass i dei avgrensingane sjukdom kan forårsaka. Ønska, håpa og draumane til bebuarane skal legga grunnlag for korleis hjelpa skal givast, og dei tilsette skal bevega seg bort frå å ta ansvar for brukarane til å samarbeida med utgangspunkt i brukarane sine eigne ønske.

Å ha ein recovery-orientert praksis blir vidareutvikla som fagleg grunnlag i verksemda. I 2020 fekk BOA psykisk helse støtte frå fylkesmannen (no statsforvaltaren) til ei stilling som erfaringskonsulent. På grunn av koronapandemien rakk ikkje verksemda å fullføra rekrutteringa i 2020, og tilsetting vil skje tidleg i 2021. Erfaringskonsulenten skal arbeida på verksemdsnivå. Vedkommande skal mellom anna legga til rette for rekruttering av erfaringsmedarbeidarar i bufellesskapa, og hjelpa til slik at fleire brukarar kan delta på kurs i regi av Jæren recovery college. Erfaring viser at medarbeidarar med brukarerfaring innanfor psykisk helse og rus i større grad klarer å få med brukarar på aktivitetar.

Drøymetavle utvikla

I 2020 fekk eitt av bufellesskapa tildelt ei kommunal utmerking for forbetringsarbeidet sitt med «drøymetavle». Bufellesskapet hadde jobba systematisk med å planlegga, setta i verk, evaluera og justera dette recovery-orienterte tiltaket, der eitt av måla var at bebuarar skulle klara å flytta til ein bustad med mindre oppfølging. Denne nye måten å jobba på gav tydelege resultat for både brukarar og tilsette. Brukarane fekk oppfylt 34 draumar, og 171 aktivitetar blei registrerte etter oppstart. Brukarane hadde færre innleggingar, nokre kunne flytta ut av bufellesskapet, og for tilsette førte prosjektet til at opplevinga av stress blei redusert.

Konsekvensar av koronapandemien

Dei fleste fellesareala i bufellesskapa blei stengde og aktivitetstilboda reduserte under nedstenginga i mars til mai. Det same gjaldt faste arbeidsaktivitetar. Alt dette blei opplevd som vanskeleg. Frå juni av opna tilboda gradvis igjen, og det er prøvd å normalisera dei så langt som mogleg innanfor smittevernreglane. Bebuarane kan vera sosiale med andre medbebuarar og tilsette. Endringar i samfunnet på grunn av pandemien fører likevel til færre moglegheiter til aktivitetar og fører til sosial isolasjon.

Kompetanseplanar utarbeidde

I 2020 utarbeidde verksemda ein overordna kompetanseplan og eigne kompetanseplanar for kvart enkelt bufellesskap. Planane for kvart bufellesskap seier noko om behovet for rekrutteringar, og må justerast i tråd med endringar i kompetansebehov over tid. Eit mål er mellom anna at alle ROP-bufellesskapa skal ha tilgang til sjukepleiefagleg kompetanse for å ta vare på den somatiske helsa til bebuarane.

Bu og aktivitet psykisk helse har tilsette med høg kompetanse innanfor traumebevisst omsorg, og desse har undervist og rettleidd i fleire bufellesskap i 2020.

God utnytting av plassane

Det er ei målsetting at fleire brukarar kan flytta ut av bufellesskapa. Målet er å gi eit meir differensiert tilbod, som samtidig bidreg til god utnytting og sirkulasjon av plassane i bufellesskapa. I 2020 blei 16 leilegheiter i bufellesskapa ledige. Årsakene til at brukarar flyttar, varierer – nokre treng eit høgare eller lågare omsorgsnivå, nokre flyttar til ein annan kommune, nokre ønsker ei anna buform, og andre fell frå.

Nye bufellesskap

Stavanger kommune har 16 bufellesskap med til saman 167 bueiningar og eit einetiltak. To nye butilbod med fire plassar kvar hadde planlagd oppstart i 2020. Begge er forseinka til februar/mars 2021.

Bu og aktivitet psykisk helse tok i 2019 over eit butiltak som hadde vore drifta av privat leverandør. 2020 blei brukt til å gjera tilpassingar til kommunal drift.