Årsrapport 2020

7.18 Kommunale legetenester

Smittevernkapasiteten utvida betydeleg

Førebygging av sjukdom og smitte er hovudoppdraget til smittevernkontoret og internasjonalt vaksinasjonskontor. I 2020 blei smittesporing primæroppgåva til desse to einingane. Smittesporing har vore ein sentral del av TISK-strategien til regjeringa (testing, isolering, sporing, karantene) for å kontrollera og redusera koronasmitte i samfunnet. Med utspring frå smittevernkontoret blei det i løpet av kort tid oppretta ei eiga avdeling med hovudansvar for smittesporing. Til saman har om lag 35 personar hatt opplæring og jobba med smittesporing ved denne avdelinga. Rådgivarar og legar på smittevernkontoret har hatt ei avgjerande rolle i rettleiing og rådgiving gjennom heile pandemien og inn i planlegginga av koronavaksinasjonen i 2021.

I 2020 har vaksinasjonskontoret hatt ein nedgang i førespurnader knytte til reisevaksinar. Drifta blei teken ned til eit minimum, og dei tilsette blei omdisponerte til å jobba med oppgåver knytte til smittevern. Det blei priopritert å fullføre vaksinasjon av elevar i vidaregåande skule mot smittsam hjernehinnebetennelse, slik at kommunen frå skuleåret 2020/2021 berre treng å tilby vaksinen til eitt nytt årskull med elevar kvart skuleår.

Eige luftvegslegekontor oppretta som smittereduserande tiltak
Luftvegslegekontoret blei oppretta i mars 2020 då koronapandemien for alvor fekk fotfeste. Hensikta var å få undersøkt pasientar med luftvegssymptom ein annan stad enn hos fastlegane. Fastlegane kunne på denne måten ta imot alle pasientar utan luftvegssymptom på ein trygg måte ved legekontora sine, utan å utsetta dei for unødig smittefare.

Luftvegslegekontoret har vore bemanna av fastlegar som har delteke i ei frivillig vaktordning på vekedagar frå klokka 16.00 til 20.00. Luftvegslegekontoret var først lokalisert på Storhaug, men blei flytta til Forum-området i mai. Med flyttinga blei fleire koronatenester samla på same stad, noko som gir føreseielegheit for innbyggarane.

Færre oppdrag for Ryfylke legevakt som følge av pandemien

Ryfylke legevakt
        Ryfylke legevakt omfattar Hjelmeland og Kvitsøy i tillegg til Rennesøy og Finnøy. Stavanger er vertskommune for Ryfylke legevaktdistrikt.

Ryfylke legevakt omfattar Hjelmeland og Kvitsøy i tillegg til Rennesøy og Finnøy. Stavanger er vertskommune for Ryfylke legevaktdistrikt.

Ryfylke legevakt har hatt ein nedgang i talet på førespurnader gjennom 2020. Legevaktoppdraga med ambulansebåten gjekk ned frå rundt 400 i 2018 og 2019 til 310 i 20201. I tillegg kjem legevaktoppdrag som blir handterte med legevaktbil eller ved oppmøte på legekontor. Gjennom pandemien har ein erfart at befolkninga har høgare terskel enn normalt for å søka legehjelp, og videokonsultasjonar har i større grad blitt nytta. Samtidig har dette òg samanheng med at pasientar med luftvegssymptom har blitt slusa vidare til luftvegslegevakta sentralt i Stavanger. Vaktlege i Ryfylke legevakt har, iført forsvarleg smittevernutstyr, behandla og koronatesta pasientar i Ryfylke dersom reise til Stavanger ikkje har vore formålstenleg.

Fase 2 for Ryfylke legevakt utsett

Samarbeid med mannskap og ambulansepersonell på Rygerdoktoren har halde fram som før kommunesamanslåinga, og i 2020 blei det gjennomført felles akuttøvingar med vaktlegar og ambulansebåtpersonell.

Ved kommunesamanslåinga blei det vedteke at Stavanger kommune i ein overgangsperiode på 1–2 år skulle ha to legevaktdistrikt som blei drifta separat – Stavanger legevakt og Ryfylke legevakt. På bakgrunn av erfaringar frå denne perioden, og med meir kunnskap om bevegelsesmønsteret til innbyggarar i nedslagsfeltet, ville kommunedirektøren gjera ei ny vurdering. Koronapandemien har ført til at dette arbeidet har blitt utsett.

Kommunale legekontor vidareførte

Finnøy og Rennesøy legekontor har etter kommunesamanslåinga vore vidareførte i same driftsform. Nødvendige smitteverntiltak har endra arbeidsforma noko, mellom anna er legebesøk erstatta av videokonsultasjonar, og smittevernutstyr blir brukt i dagleg arbeid ved fysiske konsultasjonar.

Organisatoriske endringar i 2020

Kommunale legetenester blei oppretta samtidig med kommunesamanslåinga med Rennesøy og Finnøy, ved årsskiftet 2019/2020. I 2020 har seksjonen fått eit breitt fagområde og ulike funksjonar: kommunale legekontor, Ryfylke legevakt, sjukeheimslegar, smittevernkontor og internasjonalt vaksinasjonskontor. Den administrative tilknytinga til sjukeheimslegane blei overført frå sjukeheimane til seksjonen frå mai 2020, og smittevernkontoret og internasjonalt vaksinasjonskontor blei overflytta frå Stavanger legevakt frå same tidspunkt. I 2020 har ei arbeidsgruppe jobba vidare med korleis organisering og leiing skal sjå ut i seksjonen. Resultata frå prosessen vil bli følgde opp i 2021.

Økonomi

Kommunale legetenester har eit meirforbruk på kr 3,7 mill. av ei ramme på kr 127,3 mill. Dette svarer til ein forbruksprosent på 102,9. Av dette kjem kr 11,5 mill. av koronarelaterte kostnader, i hovudsak knytte opp mot smittesporing og koronatelefon. Det har gjennom året blitt gjort budsjettjusteringar for kr 13,7 mill., der kr 1,7 mill. var koronarelaterte. Resterande var tilknytta auke i basistilskotet til privatpraktiserande fastlegar, og dessutan lågare inntekter på vaksinasjonskontoret.

Det er store variasjonar internt i verksemda, der særleg verksemdene frå dei nye kommunedelane har eit mindreforbruk. Det er òg mogleg at koronapandemien har resultert i eit mindreforbruk på ordinær drift, sidan fleire legetenester har operert med lågare aktivitet grunna smittevern.