Årsrapport 2020

7.17 Krisesenteret

Heldt oppe det lovpålagde tilbodet

Krisesenteret er ein døgnopen akuttinstans og har halde oppe tilbodet gjennom koronapandemien. Smittevernomsyn har likevel påverka innhaldet i tilbodet. I perioden med dei strengaste tiltaka gjennomførte dei telefonsamtalar med dei som ikkje hadde eit akutt vernebehov. Gruppetilbod gjekk ut, og barnegruppe blei berre brukt ved behov for barnepass, og då fortrinnsvis utandørs. Bebuarar blei òg i større grad oppmoda til å vera meir på huset, og til å ikkje gjennomføra andre avtalar enn dei mest nødvendige. Butilbodet og oppfølging frå primærkontakten til dei enkelte har likevel gått som vanleg i heile perioden. Krisesenteret har trass i tilpassingar i tilbodet halde oppe det lovpålagde tilbodet, og smittevernomsyn har ikkje vore til hinder for å kunna hjelpa aktuelle brukarar.

Færre førespurnader under nedstenginga

Krisesenteret i Stavanger opplevde, som fleirtalet av norske krisesenter, ein nedgang i talet på førespurnader etter nedstenginga 12. mars. Dette gjaldt særleg brukargruppa som nyttar seg av dagtilbodet, men det blei òg ein markant nedgang i talet på nye bebuarar. Nedgangen var på 39 prosent av nye vaksne bebuarar i nedstengingsperioden frå 12. mars til 20. april, samanlikna med same periode året før. Som fleire andre krisesenter opplevde òg krisesenteret i Stavanger ein oppsving i førespurnader etter nedstenginga og i periodar med lågt smittetrykk.

I 2020 var det ein nedgang i talet på kvinner som nytta seg av butilbodet, talet på mannlege bebuarar var likt som året før, medan fleire barn budde på senteret saman med foreldra sine. Talet på personar som nytta seg av samtaletilbod utan å bu på krisesenteret, var på same nivå som i 2019.

Redusert aktivitet utanfor krisesenteret

Satsingsområda for 2020 gjaldt i stor grad utoverretta verksemd, som kurs i digital vald og kjærastvald, konferanse og jubileumsmarkering, og dessutan gjennomføring av foreldrerettleiing i grupper (Circle of Security). Dette har ikkje vore gjennomførbart i 2020 grunna koronarestriksjonar og vil bli teke opp igjen når smittevernomsyn tillèt det.

Markeringa av jubileet til krisesenteret måtte gå ut i 2020. Den planlagde jubileumskonferansen vil bli halden på eit seinare tidspunkt. Lokale og program for konferansen er sett, og nytt tidspunkt for gjennomføring er oktober 2021.

Økonomi

Rekneskapsresultatet for krisesenteret viser eit meirforbruk på kr 0,12 mill. av ei budsjettramme på kr 12,9 mill. Dette svarer til ein forbruksprosent på 100,9. Årsaka til meirforbruket er overført meirforbruk frå 2019. I 2020 har verksemda hatt lågare utgifter enn forventa som ein følge av utsette aktivitetar, men noko auka utgifter til bemanning som følge av koronasituasjonen for å sikre smittevern.