Årsrapport 2020

7.11 Dagsenter og avlasting

Kortvarig nedstenging av avlastingstilbodet

Dagsenter og avlasting har levert tenester gjennom størstedelen av året, sjølv om nokre tenester periodevis har vore reduserte og brukarar har fått alternative dagaktivitetstilbod i bufellesskap. Ingen brukarar har vore smitta av covid-19.

Avlastingsbustadene stengde ordinær drift frå midten av mars, men heldt nokre plassar opne for særleg utsette brukarar. Avlastingsbustadene opna gradvis tilbodet i løpet av våren 2020. Fleire familiar valde periodevis å ikkje nytta tilbodet i frykt for smitte, samtidig som nedstenginga førte til ei stor belasting for fleire pårørande. Alle avlastingsbustadene hadde full drift frå sommaren. Plassar som blir brukte til akutt mellombels avlasting, blei haldne opne gjennom heile året.

Avlastingsbustadene har ikkje hatt moglegheit for inndeling i kohortar eller til å halda oppe avstandsreglane til brukarane. Rullering i avlasting skjer kvar veke, og kvar brukar har dagleg arenaskifte med ulike dagtilbod som barnehage, skule, arbeid, dagsenter, heim og hyppig taxibruk. Trass i dette har det ikkje vore påvist koronasmitte i bustadene. Bustadene har hatt særleg merksemd på dei generelle smittevernråda, og tilsette har brukt munnbind når smittevernvurderingar har tilsagt det.

Kapasitetsutfordringar i avlastingstenesta

Avlastingsseksjonen gav tenester til vel 100 familiar, dette er på same nivå som dei siste fire åra. På slutten av året var det 668 avlastingsdøgn på vent, noko som inkluderer nye familiar og familiar med auka avlastingsvedtak. Forseinkingar i byggeprosjekt og liten sirkulasjon i barne- og ungdomsbustadene fører til at fleire familiar har behov for omfattande avlastingstenester. Ved ferdigstilling av nye bufellesskap og overtaking av ny avlastingsbustad er behovet for avlastingstenester forventa redusert.

Avvikling av fritt brukarval

Ordninga med fritt brukarval for avlastingstenester for barn og unge blei avvikla 1. september 2020, i tråd med vedtak i kommunestyret ved overgang til ny kommune. Fritt brukarval har føresett at kommunen har avtale med ekstern leverandør, i tillegg til å ha kommunal leverandør. Avtalen med den eksterne leverandøren blei likevel forlengd ut februar 2021, sidan planlegginga av ein god overgang for brukarar, pårørande og tilsette blei forseinka som følge av koronapandemien. Frå mars 2021 skal kommunen drifta dei fire avlastingsplassane som har vore drifta av den private leverandøren.

Avlastingstilbodet etter kommunesamanslåinga

Kommunesamanslåinga har ikkje hatt nokon sikker merkbar effekt for avlastingstilbodet. Etterspurnaden etter tenestetilbodet er nokså likt det som har vore tidlegare år, med ein jamn tilgang av nye brukarar.

Dagaktivitetstilbodet delt mellom dagsentera og bufellesskapa

Alle dagaktivitetstilbod blei stengde 16. mars. Dagaktivitetstilboda opna igjen for heimebuande brukarar, og for brukarar som bur åleine, omtrent ein månad etter nedstenginga. Dette blei gjort for å unngå større belasting for foreldre for heimebuande brukarar og for brukarar som bur åleine. Fysiske avgrensingar i lokala og utfordringar med å overhalda smitteverntiltak gjorde at færre brukarar kunne opphalda seg der samtidig. Brukarar som bur i bufellesskap, fekk derfor dagtilbodet sitt i regi av bufellesskapet i staden for ved dagsentera frå midten av mars og ut året. Tilsette frå dagtilboda samarbeidde med tilsette i BUA nord og sør, og jobba i bufellesskapa i staden for i dagsentera i eiga verksemd. Tilbakemeldingar frå bufellesskapa er at brukarane har fått eit godt tilbod. Nokre brukarar har òg hatt godt av ein rolegare kvardag, der dei slepp å reisa ut frå bufellesskapet tidleg om morgonen.

Lågterskeltilbodet i Hjalmar Johansens gate flytta til nye lokale i Tjensvollstorget på vårparten. Både brukarar og tilsette er godt fornøgd med betre og meir tilrettelagde lokale.

Full drift i bustadene

Alle bustadene, inkludert barne- og ungdomsbustadene, har hatt full drift gjennom heile året. Fokuset i 2020 har vore smittevern og forsvarleg drift for barna med mest omfattande pleie- og omsorgsbehov. Ingen av dei 29 som bur i bustadene, har vore smitta av korona. Besøkande har opphalde seg i leilegheita til brukarane med munnbind. Ved høgt smittetrykk i samfunnet fekk bustadene anbefalt å ta med brukarar ut på tur. Samarbeidet mellom bustadene og pårørande har fungert godt.

Kompetansehevingstiltak utsette

Ein av avlastingsbustadene, saman med barne- og ungdomsbustadene, gir tilbod til dei yngste og sjukaste barna. Dagsenter og avlasting jobbar kontinuerleg med å auka kompetansen innanfor barnepalliasjon for å kunna gi eit heilskapleg og lindrande omsorgstilbod til dei sjukaste barna. I 2020 har ein av avlastingsbustadene delteke i nettverket for kommunen sitt palliasjonsteam.

Møte med aggresjon og vold (MAP)
        MAP er eit heilskapleg opplæringsprogram i forståing, førebygging, handtering og oppfølging av aggresjons- og valdsproblematikk.

MAP er eit heilskapleg opplæringsprogram i forståing, førebygging, handtering og oppfølging av aggresjons- og valdsproblematikk.

Opplæringsprogrammet Møte med aggresjon og vold (MAP) er eit kompetansehevingstiltak i dagsenter og avlasting. Saman med andre verksemder skulle Stavanger kommune vera med i eit nasjonalt pilotprosjekt om MAP. Dette måtte utsettast grunna smittevern. Det same gjaldt satsinga på aldring og livsstil.

Ny HELT MED-stilling

Samordningsrådet (SOR)
        SOR er ei stifting som arbeider for å sikra gode levekår for menneske med utviklingshemming og andre kognitive funksjonsnedsettingar.

SOR er ei stifting som arbeider for å sikra gode levekår for menneske med utviklingshemming og andre kognitive funksjonsnedsettingar.

Administrasjonen i dagsenter og avlasting tilsette i 2020 ein HELT MED-servicemedarbeidar i ei fast stilling. HELT MED-prosjektet blir drive av Samordningsrådet (SOR).

Økonomi

Dagsenter og avlasting viser eit rekneskapsmessig resultat med mindreforbruk på kr 1,47 mill. av ei budsjettramme på kr 211,2 mill. Verksemda har hatt kostnader til korona på kr 1,8 mill. Overført meirforbruk frå 2019 er på kr 3 mill., og det er gjennom tertiala tildelt kr 2 mill. til seksjon avlasting til auka pleiebehov. Mindreforbruket til verksemda kjem av mindreforbruk hos dagsenter.

Internt i verksemda er det store variasjonar mellom seksjonane. Avlasting har eit meirforbruk, bustad går i balanse, og dagtilbod har eit mindreforbruk. Noko av variasjonen heng saman med påverknaden til koronapandemien på tenestene. Seksjon avlasting opplever også i 2020 høg etterspurnad etter både ordinær avlasting og akutt mellombels avlasting. Stadige endringar i brukarar gjer det vanskeleg å planlegga drifta. Det er ein auke i brukarar med større behov for tenester, men på grunn av redusert tilbod er kostnadsauken lågare enn prognosen ved starten av året.

Koronapandemien førte i 2020 til at avlastingstilbod og dagtilbod blei stengde ein månad mellom mars og april. Avlasting hadde gradvis opning og var i full drift etter sommaren, medan dagsenter har hatt redusert drift ut året. Ordinært tilbod blei halde oppe til heimebuande. Dagsenter har omdisponert delar av personellet som ikkje har jobba med ordinært tilbod, over til bufellesskapa. Omdisponert personell har fått den faste lønna si frå seksjon dagsenter. Den reduserte drifta har ført til at verksemda har hatt lågare kostnader enn i eit normalår. Det er spesielt seksjon dagsenter som har hatt lågare kostnader. Dagsenter har sjukelønnsrefusjonar som har meir enn dobla seg sidan 2019, utan at vikarkostnadene har gått nemneverdig opp. Det har òg vore mindre behov for innleige av transporttenester, der kostnaden er kr 2,2 mill. lågare enn budsjett.