Årsrapport 2020

7.1 Innleiing

Mange nye tenester og tiltak blei utvikla

TISK-strategien
        TISK står for testing, isolasjon, smittesporing og karantene.

TISK står for testing, isolasjon, smittesporing og karantene.

Koronapandemien prega helse- og velferdstenestene gjennom heile 2020. I tillegg til å sikra at kommunen følgde opp og tok sin del av ansvaret i TISK-strategien til regjeringa, måtte drifta av helse- og velferdstenestene tilpassast ein ny normalsituasjon der smitteverntiltak hadde høg prioritet. Koronasituasjonen i 2020 har vist at organisasjonen har god beredskap og evne til å tilpassa seg ein ny og krevjande situasjon. Samtidig har nye måtar å gi tenester på blitt utvikla i høgt tempo.

Frå det første utbrotet delte kommunen dei akuttmedisinske tenestene og legetenestene til innbyggarane i to. Ei eiga luftvegslegevakt blei bygd opp. Først blei legevakta samlokalisert med det ordinære legevakttilbodet, seinare blei luftvegslegevakta lagd til Forum-området på Tjensvoll. I mars blei det oppretta eit luftvegslegekontor for å få undersøkt pasientar med luftvegssymptom ein annan stad enn hos fastlegane. Også dette blei flytta til Forum-området i mai. Med flyttinga blei fleire koronatenester samla, noko som gav føreseielegheit for innbyggarane.

Testkapasitet og smittesporing har vore sentrale TISK-tiltak. Begge ressursane blei bygde raskt opp i mars/april, og blei gjennom året ytterlegare forsterka. To teststasjonar blei etter kvart rigga i Forum-området for å kunna testa inntil 5 prosent av innbyggarane i samsvar med krav frå nasjonale myndigheiter. Det blei òg lagt til rette for heimetesting, og verksemdene fekk opplæring i å ta covid-19-testar sjølve. Eit eige koronasenter med ansvar for timebestilling på telefon og etter kvart online, og for testaktiviteten, blei etablert. 70 000 testar er tekne ved teststasjonane i 2020.

Med utspring frå smittevernkontoret blei det i løpet av kort tid oppretta ei eiga avdeling med hovudansvar for smittesporing. Kommunen inngjekk avtalar med lokale hotell for å kunna tilby isolasjons- og karanteopphold for innbyggarar som ikkje sjølve kunne skaffa smittevernforsvarleg tilhaldsstad.

Rådgivarar og legar på smittevernkontoret har hatt ei avgjerande rolle i rettleiing og rådgiving for administrativ og politisk leiing gjennom heile pandemihandteringa.

Koronatilpassa opplæringsplanar utarbeidde

Digitale opplæringsprogram
      Kompetanseplanar:

I 2020 blei det utarbeidd kompetanseplanar innanfor følgande tema:
• Korona ekstraordinær opplæring legemiddelhandtering sjukepleie/vernepleie
• Korona arbeid med utviklingshemma
• Korona basis smittevern
• Korona dokumentasjon og digitale verktøy
• Korona grunnpakke helse og velferd
• Korona klinisk observasjon
• Korona kort introduksjon til førstehjelp
• Korona psykisk liding og/eller rusavhengnad
• Palliasjon
• Korona rehabilitering

Våren 2020 prioriterte kommunen å utarbeida digitale opplæringsprogram om koronarelaterte tema framfor dei planlagde kompetansehevingstiltaka i heimetenestene. Rask og tilgjengeleg koronatilpassa opplæring innanfor smittevern, kliniske observasjonar, palliasjon og rehabilitering var nødvendig for å bygga opp kompetansen til tilsette – om det gjaldt å tilføra ny kunnskap, å oppdatera fagkompetanse eller å sørga for grunnleggande ferdigheiter for vikarar og frivillige som blei henta inn for å hjelpa som ekstrapersonell.

Nye tilbod for koronasjuke

To sjukeheimstilbod blei tilrettelagde på våren, eitt som kunne ta imot koronasjuke brukarar, og eitt som kunne ta imot utskrivingsklare pasientar frå SUS utan koronasjukdom. Det blei òg oppretta eigne isolasjonsplassar for menneske med rusproblematikk. Det viste seg å bli lite behov for desse tilboda.

Eit interkommunalt, intermediært tilbod som kan takast i bruk for alvorleg koronasjuke med behov for behandling viss sjukehuset ikkje har kapasitet, blei utgreidd og planlagt i detalj saman med Helse Stavanger HF og Sandnes, Sola og Randaberg kommunar.

Ingen langvarige smitteutbrot i verksemdene

Stavanger kommune har hatt få smitteutbrot i verksemder innanfor helse- og velferdstenestene i 2020. Gjennom rask testing, karantene, bruk av smittevernutstyr og restriksjonar på besøk i institusjonar og bustader har kommunen raskt fått kontroll over situasjonen. Ingen av utbrota har utvikla seg til alvorlege og/eller langvarige utbrot med mange alvorleg sjuke eller dødsfall. Situasjonen under utbrota har likevel vore krevjande for tilsette, også på grunn av konstant/vedvarande bekymring for å ta med seg smitte inn på eigen arbeidsplass.

Koronapandemien prega tenestene

For mottakarane av helse- og velferdstenester, og dei pårørande, har 2020 vore eit år med periodevis redusert tilgang til tenestene. I midten av mars måtte mange av tenestene som blir gitt på dagtid, stenga til smittevernfagleg trygge tiltak kom på plass. Heimebaserte tenester gav framleis hjelp til alle som trong det, medan heildøgnstenestene gav tilnærma normale tilbod til brukarane heile tida. Frå april og mai blei tilboda gradvis gjenopna. Ved utgangen av 2020 var tilbodet framleis redusert for brukarar av ulike dag- og aktivitetstilbod, og sjukeheimane hadde besøksavgrensingar. Dei langvarige avgrensingane og restriksjonane på tenestetilboda kan få konsekvensar for behovet for tenester på både kortare og lengre sikt.

Helse og velferd har levert gode og forsvarlege tenester trass pandemien. Nokre tenester er leverte på nye måtar eller på nye stader. Eksempelvis har bebuarar i bufellesskapa i kommunen for menneske med nedsett funksjonsevne fått dagtilbodet i bufellesskapet i staden for på dagsenter. Nettbrett er teke i bruk på alle alders- og sjukeheimane slik at bebuarane kan møta pårørande digitalt. Fleire verksemder har teke i bruk digitale løysingar for samtalar med brukarar og møte med samarbeidspartar. Verksemdene har òg i større grad organisert seg i team.

For helse og velferd innebar handteringa av pandemien at tilsettressursar måtte omdisponerast i kortare og lengre periodar. Alle TISK-tiltaka blei bygde opp og drifta med omdisponert personell frå ulike kommunale verksemder dei første månadene. Etter kvart som teststasjonane, koronasenteret og smittesporingsavdelinga måtte forsterkast, rekrutterte kommunen i mellombelse stillingar. Omdisponerte tilsette kunne då returnera til dei vanlege oppgåvene sine.

Omdisponering av tilsette gav forseinking i andre oppgåver

Frå mars til desember blei anslagsvis 50 prosent av stabsressursane i helse og velferd brukte til koronarelaterte oppgåver. Konsekvensen av dette var at planlagde utviklingsoppgåver og nokre større prosjekt blei forseinka eller utsette. Forseinka utbygging og innflytting i butiltak, mindre merksemd på Leve HELE LIVET-satsinga, implementering av velferdsteknologi og utsett planarbeid kan bety at forventa innsparingar og planlagde investeringar blir forskovne. Eit større omstillingsprosjekt ved legevakta som blei sett i verk tidleg i 2020, er forseinka. Det same gjeld fase 2 av Ryfylke legevakt som inneber å vurdera samorganisering med legevakta på Våland. Fleire moglegheitsstudiar – ny legevakt, sjukeheim, dagsenter for menneske med utviklingshemning – vil bli ferdige seinare enn planlagt.

Leve HELE LIVET-satsinga i kommunen kom i gang igjen seint på hausten. Nytt pasientforløp for nye brukarar blei implementerte. Pasientforløpet blei designa for å gjera tydeleg at kommunen jobbar for å nå målet om meistring hos alle som søker tenester frå dag 1. I oppfølginga av kvalitetsreforma til regjeringa vedtok Stavanger kommune å forsterka innsatsen på områda aldersvennleg samfunn, aktivitet og fellesskap og mat og måltid, og skal samarbeida tett med mellom anna frivillige for å skapa den gode kvardagen.

Forskings- og utviklingsprosjekt
        Målgruppa for forskings- og utviklingsprosjektet (FoU) er menneske med samtidig alvorleg psykisk liding og rusmiddelavhengnad (ROP), valdsrisiko, som tidvis avviser hjelp, og som ikkje har eit tilfredsstillande tilbod per no.

Målgruppa for forskings- og utviklingsprosjektet (FoU) er menneske med samtidig alvorleg psykisk liding og rusmiddelavhengnad (ROP), valdsrisiko, som tidvis avviser hjelp, og som ikkje har eit tilfredsstillande tilbod per no. FoU-prosjektet har to formål:
• utvikla nye måtar å organisera og koordinera tenestene til målgruppa på og gi nokre av desse eit tverrfagleg og heilskapleg bu- og tenestetilbod
• generera ny kunnskap om effektive tilnærmingar og måtar å gi tenester til målgruppa på gjennom følgeforsking

I samband med forskings- og utviklingsprosjektet om menneske med samtidig alvorleg psykisk liding og rusmiddelavhengnad (ROP), valdsrisiko, som tidvis avviser hjelp, og som ikkje har eit tilfredsstillande tilbod per no, er det etablert ein avtale om følge- og samarbeidsforsking med Universitetet i Stavanger (UiS). UiS skal følga to nye bu- og tenestetilbod tett, og gi innspel om nødvendige justeringar i tenesteutviklinga, og dessutan bidra til ny kunnskap om kva tiltak som har positiv effekt for målgruppa. Ein overordna nytteverdi av prosjektet er å medverka til praksisforsking, der samarbeid mellom tenestemottakarar, pårørande, tenesteytarar og forskarar bygger på kunnskap frå ulike kjelder, og sikrar at kunnskapen blir integrert i praksis.

Stavanger kommune vil auka rekrutteringa og stabilisera fastlegeordninga ved ulike tiltak. Det blei vedteke å vidareføra ordninga med rekrutterings- og utdanningsstønad i 2020. Etableringa av nytt legekontor ved Lervig sykehjem og ny plan for allmennlegetenesta var element som skulle bidra til betring i rekrutteringssituasjonen i kommunen. Begge delar er likevel utsette som følge av merksemda på koronatiltak dette året.