Årsrapport 2020

6.7 Johannes læringssenter

Eit annleis skuleår

Til liks med dei andre grunnskulane har Johannes læringssenter drive digital undervisning delar av året. På innføringsskulen låg forholda godt til rette for heimeskule, medan norskopplæringa fekk nokre utfordringar i starten, sidan deltakarane i utgangspunktet ikkje hadde eigne digitale einingar. Innføringsskulen og innføringsbarnehagen etablerte raskt eit omsorgstilbod for barn som trong det.

Kontinuitet i utviklingsarbeidet på senteret

Samarbeidet med Rogaland fylkeskommune om kombinasjonsklassar på Godalen vidaregåande er vidareført. Her arbeider grunnskule og vidaregåande opplæring saman for å skapa eit best mogleg opplæringstilbod for fleirspråklege elevar med mangelfull skulebakgrunn og kort butid.

Innføringsskulen og fleirspråkleg avdeling har arbeidd med fagfornyinga og innføringa av nye læreplanar. Pandemien og omstillingsarbeidet hausten 2020 har lagt nokre avgrensingar på moglegheitene til å jobba kollektivt med dette.

Grunnskulen for vaksne har prøvd ut nye læreplanar ei stund, og våren 2020 blei forsøket forlengt til 2023. Som ein del av dette prosjektet jobbar dei tilsette med å forbetra den kollektive vurderingspraksisen sin, og hausten 2020 blei det òg starta ei eiga lesesatsing i regi av prosjektet.

Nye prosjekt

Norskopplæringa har hausten 2020 innført faggrupper som jobbar på tvers av avdelingane med ulike faglege problemstillingar. Avdelingane har òg starta arbeidet med å førebu dei endringane som no er vedtekne i ny integreringslov.

Våren 2020 blei det bestemt at norskopplæringa skulle ta i bruk Chromebook i arbeidet med å styrka dei digitale evnene til deltakarane. Nedstenginga i mars synleggjorde behovet for dette. Hausten 2020 har norskopplæringa gjennomført ulike kurs i bruk av digitale læringsverktøy. Senteret har kjøpt maskiner til alle deltakarar med rett til gratis norskopplæring.

I desember starta Johannes læringssenter eit spennande samarbeid med Nav, Ikea og Sandnes Læringssenter om arbeidsretta norskopplæring. Prosjektet heiter Broen til arbeid og er utarbeidd etter modell av eit vellykka prosjekt i vaksenopplæringa i Oslo. Målet er at minst halvparten av deltakarane skal få fast jobb hos Ikea og oppnå B1-resultatet på norskprøva. Planen er å vidareutvikla modellen og involvera andre bedrifter etter det første prosjektåret.

Økonomi

Rekneskapsresultatet for Johannes læringssenter viser eit mindreforbruk på kr 5,8 mill. av ei budsjettramme på kr 118,6 mill. Dette svarer til ein forbruksprosent på 95,1.

Det positive resultatet kjem i hovudsak av at senteret har sett i gang prosessar knytte til vedtekne innsparingar i gjeldande handlings- og økonomiplan. Skulen måtte ta grep allereie hausten 2020 for å kunna nå dei vedtekne innsparingane for 2021. Mellom anna har ein ved omorganisering spart inn administrative stillingar og heller ikkje erstatta tilsette ved naturleg avgang. Enkelte tilsette har òg blitt omplasserte internt i kommunen. Desse endringane har late seg gjennomføra ved omfordeling av arbeidsoppgåver, større gruppestorleikar og som følge av ein nedgang i talet på norskdeltakarar samanlikna med 2019. I koronaåret 2020, med avgrensingar på aktivitetane på senteret og særleg uvisse inntekter, har ein hatt streng økonomistyring og redusert driftskostnader der det har vore mogleg.

Som følge av koronapandemien og tilnærma stans i innvandring til Noreg blei inntektsforventningane til senteret nedjusterte i tertiala. Tidvis gjenopning av grenser og større innanlands tilflytting enn forventa har likevel ført til at både statlege tilskot og sal av norskkurs og -prøver blei noko høgare enn dei nedjusterte forventningane, og bidreg òg til det positive resultatet.