Årsrapport 2020

6.1 Innleiing

Koronapandemien

12. mars 2020 blei alle barnehagar, skular og tenester for barn i Stavanger stengde. Unntaket var barnevernsvakta, som heldt oppe beredskapen, og helsestasjonen, som prioriterte individuell oppfølging av gravide og dei minste barna.

Gjennom veka som følgde, blei det sett i gang heimeundervisning for alle elevar. Stavanger kommune hadde då fordel av å ha satsa på IKT i skulen gjennom mange år. Alle elevane hadde eige nettbrett, og det var etablert system for informasjon og dialog mellom heim og skule.

Skulane og barnehagane etablerte raskt eit omsorgstilbod for barna til tilsette med samfunnskritiske oppgåver og for særskilt sårbare barn og unge. Barnehagar, skular, helsestasjonar, skulehelsetenesta, uteseksjonen, fritid og barnevernet prioriterte å halda kontakten med barn og unge som dei vurderte trong ekstra støtte.  Etter ein månad opna småtrinnet i skulen, Stolt-avdelingane og innføringsskulen på Johannes læringssenter. I starten av mai fekk barnehagane og mellom- og ungdomsskuletrinnet opna igjen. Det blei lagt planar for korleis tilboda skulle organiserast i tråd med nasjonale rettleiarar og smittevernreglar. Barnehagane og skulane tok i bruk meir areal både inne og ute for å sikre krava til avstand. Skulane heldt fram med noko digital undervisning, og det blei laga eigne planar for reinhald. Helsestasjonen og barnevernet opna òg litt meir. Dei ulike tilboda i ungdom og fritid sette i gang aktivitetar som var mogleg å gjennomføra innanfor dei nye, letta nasjonale restriksjonane. Fiks Ferigge Ferie blei trass koronarestriksjonar gjennomført med suksess. På kort varsel blei nyvinninga Barnas sommar realisert og gjennomført med veldig gode tilbakemeldingar frå deltakande barn og organisasjonar. Det blei lagt ned ein stor innsats frå mange tilsette for å få gjennomført Barnas sommar.

Hausten 2020 starta det nye skule- og barnehageåret opp med tilnærma normal drift i alle tenestene. Det var lite smitte blant barn og unge i Stavanger fram til oktober 2020. I siste kvartal fekk me smitteutbrot i fleire skular og barnehagar. Utbrota blei handterte etter retningslinjene, mellom anna med karantene, slik at smitten ikkje spreidde seg vidare. Fram mot slutten av året blei det likevel klart at me måtte planlegga for meir inngripande tiltak etter jule- og nyttårsferien.

Beredskapsplanane kommunen hadde, gav eit godt utgangspunkt for å setta i verk tiltak då pandemien braut ut. Det blei etablert ei eiga arbeidsgruppe som tok seg av kommunikasjon, råd og rettleiing i heile tenesteområdet og ut mot nasjonale myndigheiter og andre avdelingar. Det gjorde at det praktiske arbeidet gjekk bra. Verksemdene har gjort eit formidabelt arbeid med å handtera endringane og legga om drifta etter dei retningslinjene som gjaldt til kvar tid. Smitteutbrot har òg blitt handterte på ein svært god måte. Dei tilsette har hatt ei stor arbeidsbelastning dette året.

Det viktigaste målet til kommunen under pandemien har vore så langt som mogleg å halda oppe tenestetilbodet til barn og unge, ta vare på sårbare barn og unge, og samtidig overhalda smitteverntiltaka. Me vurderer at dette langt på veg har lykkast. Samtidig må me erkjenna at belastninga på barn og unge har vore stor i denne tida.

Kommunesamanslåing

2020 var første året etter samanslåinga av kommunane Stavanger, Rennesøy og Finnøy. I åra før samanslåinga var det allereie eit utstrekt samarbeid mellom desse kommunane på oppvekstområdet. Kommunane hadde felles prosjekt, Rennesøy og Finnøy kjøpte på nokre område tenester frå Stavanger i tillegg til at dei jobba saman i ulike nettverk. Overgangen og endringa var dermed ikkje stor for verksemdene innanfor skule, barnehage og kulturskule. Endringane var større for barneverntenesta, som tok over ansvar og tilsette frå Randaberg kommune, som inntil 2020 var vertskommune for barnevern i Rennesøy og Finnøy. Ungdom og fritid har òg gjort eit arbeid for å revitalisera fritidsklubben på Rennesøy, og arbeider med å etablera eit tilbod i Finnøy kommunedel. Andre tenestetilbod som blei gitt i verksemdene i dei tre kommunane, blir gitt som tidlegare. Den største forandringa er at fagmiljøet har blitt større, og at det er større samarbeid på tvers i organisasjonen.