Årsrapport 2020

5.5 Sjukefråvær

Medan det tidlegare har vore viktig å legga til rette for at tilsette skal komma på jobb trass i helseplager, var det i 2020 nødvendig å ha ein låg terskel for å halda seg heime på grunn av koronapandemien. Kommunen som arbeidsgivar har under koronapandemien utvida retten til eigenmeldingar til 16 samanhengande kalenderdagar. Mange tilsette, særleg innanfor helse og velferd, har nytta eigenmelding ved pålagd karantene eller luftvegsplager, sidan dei ikkje har arbeid som kan utførast frå heimekontor. Tilsette som har kontorarbeidsplass og administrative oppgåver, har i mindre grad hatt behov for å ta ut eigenmeldingar ved luftvegsplager eller karantene, fordi dei kunne nytta heimekontor.

Koronapandemien har prega sjukefråværsutviklinga i heile Kommune-Noreg. ASSS-kommunane (Aggregerte styringsdata for samarbeidande storkommunar) har generelt hatt ein auke i sjukefråværet frå 2019 til 2020. I ASSS-området er det koronarelaterte fråværet berekna til å vera mellom 0,3 og 1,0 prosentpoeng.

Sjukefråværet i Stavanger kommune var i 2020 på 8,3 prosent. Det innebar ein auke på 0,2 prosentpoeng frå året før. Tall før 2020 er kun for tidlegare Stavanger kommune. Utan tala for Finnøy og Rennesøy kommunedel ville sjukefråværet blitt 0,1 prosentpoeng høgare. Det koronarelaterte sjukefråværet, basert på innrapportering frå leiarar, er berekna til å vera 1,0 prosent av det totale fråværet. Koronarelatert fråvær inkluderer tilsette som må vera heime på grunn av korona, heime på grunn av luftvegsplager og dessutan karantene.

Figur 5.4 Sjukefråvær i Stavanger kommune 2016–2020. Tall før 2020 er kun for tidlegare Stavanger kommune

Figur 5.5 gir oversikt over både korttids- og langtidsfråværet i perioden januar til desember for 2019 og 2020. Korttidsfråværet i 2020 var på 2,9 prosent, medan langtidsfråværet var på 5,3 prosent. Det var ein topp i korttidsfråværet i mars då koronapandemien braut ut. Denne auken gjaldt særleg for sjukeheimar, heimebaserte tenester og bufellesskap. Barnehagar og skular blei stengde, og tilsette jobba heimanfrå. Desse verksemdsområda hadde derfor ikkje den same auken i korttidsfråværet. Frå august månad steig likevel dette fråværet periodevis utover hausten.

Figur 5.5 Korttidsfråvær (<17 dagar) og langtidsfråvær (>16 dagar) månad for månad 2019 og 2020. Tala for desember 2020 er førebelse. Tall før 2020 er kun for tidlegare Stavanger kommune.

Figur 5.6 viser samla sjukefråvær fordelt på tenesteområda til kommunen. Det er store forskjellar i sjukefråværet mellom ulike område i kommunen. Områda varierer i storleik, og i mindre einingar vil sjukefråværet til enkeltpersonar påverka statistikken meir. Tenesteområda helse og velferd og oppvekst og utdanning har det høgaste sjukefråværet, og det er òg flest tilsette innanfor desse to områda. Helse og velferd hadde eit sjukefråvær på 9,4 prosent, noko som innbar ein auke på 0,2 prosentpoeng. Oppvekst og utdanning hadde eit samla sjukefråvær på 8,3 prosent, og hadde ein auke frå året før på 0,4 prosentpoeng. By- og samfunnsplanlegging og økonomi og organisasjon hadde ein nedgang på høvesvis 1,8 og 1,0 prosentpoeng frå 2019. Dei resterande tenesteområda har hatt ein liten auke i sjukefråværet.

Figur 5.6 Sjukefråvær 2018–2020 fordelt på tenesteområde. Tall før 2020 er kun for tidlegare Stavanger kommune.

5.5.1 Utvalde område

Område i kommunen som har høgt sjukefråvær over lang tid, blir spesielt følgde med på. Figur x viser utviklinga i sjukefråværet dei tre siste åra for dei største verksemdsområda, i tillegg til lærlingar. Sjukefråværet for lærlingane held fram med å gå ned, og var i 2020 på 7,6 prosent.

På sjukeheimsområdet var det ein nedgang i det samla sjukefråværet på 0,7 prosentpoeng frå 2019. Nedgangen kjem i all hovudsak av reduksjon i langtidsfråværet. Det var ein liten auke i korttidsfråværet, noko som kan relaterast til koronasituasjonen.

Bufellesskapa hadde ein auke i det samla sjukefråværet på 1,6 prosentpoeng sidan i fjor, og var det området som auka mest av dei store verksemdsområda. Her auka både korttidsfråværet og langtidsfråværet for året samla, medan langtidsfråværet gjekk ned mot slutten av året samanlikna med 2019.

Skulane hadde ein liten reduksjon i samla sjukefråvær samanlikna med året før (-0,1 prosentpoeng). Både korttids- og langtidsfråværet i ordinær skule og i SFO steig likevel utover hausten samanlikna med 2019.

På barnehageområdet auka det totale sjukefråværet frå 9,9 prosent i 2019 til 11 prosent i 2020. Auken gjaldt både korttids- og langtidsfråværet, spesielt utover hausten.

Innanfor heimebaserte tenester auka samla sjukefråvær med 0,2 prosentpoeng frå 2019. Langtidsfråværet auka noko mot slutten av året samanlikna med 2019.

5.7 Utvikling sjukefråvær 2018–2020 for dei største verksemdsområda og lærlingar. Tall før 2020 er kun for tidlegare Stavanger kommune

5.5.2 Sjukefråværsatsinga “Saman for eit redusert sjukefråvær”

I prosjektet «Saman for eit redusert sjukefråvær» er det sidan 2019 arbeidd målretta gjennom fire innsatsområde:

  • systematisk innsats retta mot arbeidsstader med spesielt høgt fråvær, med mål om samla redusert sjukefråvær på 10 prosent i løpet av prosjektperioden
  • deling av kompetanse og tiltak for deltakande verksemder
  • styrking av kompetansen til leiarar i deltakande verksemder
  • forbetring og forenkling av sjukefråværsrutinen

Sommaren 2019 starta innsatsen retta mot 13 barnehagar og ressurssenter for styrkt barnehagetilbod som første pulje. I 2020 blei det inkludert fire sjukeheimar i prosjektet som pulje 2. Tredje pulje, som skal bestå av 12 skulefritidsordningar (SFO), blir starta opp i 2021. Talet på tilsette i desse tre puljene representerer til saman nesten 10 prosent av det samla årsverket til kommunen.

Hausten 2020 blei det jobba med forenkling og forbetring av sjukefråværsrutinen i Stavanger kommune. Det blei òg utarbeidd eit e-læringskurs i sjukefråværsoppfølging. Kurset er obligatorisk for leiarar med personalansvar.

Koronapandemien har ført til at det periodevis gjennom året har vore lågare aktivitet i prosjektet. Det var fordi barnehagane måtte stenga ein periode i vår, men òg fordi leiarane i både barnehagane og på sjukeheimane har måtta prioritera oppgåver knytte til pandemien. Strenge smitteverntiltak har òg avgrensa moglegheita for besøk utanfrå, møte, kurs og opplæring.

Undervegs i prosjektet har tilsette med høgt og langvarig sjukefråvær fått hjelp til å komma tilbake i arbeid, eller dei har fått nye oppgåver andre stader i kommunen. Enkelte har sjølv valt å omskulera seg eller å ta vidareutdanning for å kvalifisera seg til andre arbeidsoppgåver. Nokre tilsette har fått innvilga gradert eller heil uføretrygd. Leiarane har fått støtte og rettleiing i korleis dei kan følga opp sjukefråvær og finna løysingar for den enkelte tilsette. Det blir lagt vekt på at leiarar kan dela erfaringar og læra av kvarandre om korleis dei bør følga opp sjukefråvær.

Innsatsen mot dei 13 barnehagane blei formelt avslutta ved utgangen av 2020, og resultata viste at barnehagane i løpet av prosjektperioden hadde ein nedgang i det samla sjukefråværet på 1,5 prosentpoeng ( minus 11,5 prosent) frå året 2018 til året 2020. Vidare blei langtidsfråværet redusert med 1,6 prosentpoeng (minus 17,2 prosent). Til samanlikning hadde barnehagane som ikkje deltok i prosjektet, ein samla auke i sjukefråværet på 1,7 prosentpoeng.

5.8 Månadleg utvikling i sjukefråvær for barnehagar. Tala for desember 2020 er førebelse. Tall før 2020 er kun for tidlegare Stavanger kommune.

Arbeidet mot sjukeheimane i pulje 2 har halde på gjennom heile 2020. Resultata har så langt vist ein nedgang i det samla sjukefråværet på 2,2 prosentpoeng (19,8 prosent) frå 2019 til 2020. Langtidsfråværet blei redusert med 2,2 prosentpoeng. Til samanlikning hadde sjukeheimane som ikkje deltok i prosjektet, ein samla auke i sjukefråværet på 0,2 prosentpoeng.

Innsatsen «Saman for eit redusert sjukefråvær» blir gradvis trappa ned i 2021 og blir avslutta ved utgangen av 2021. Prosjektet blir evaluert ved utgangen av 2021, og læringspunkt blir innarbeidde i sjukefråværsarbeidet i kommunen.

Hausten 2020 blei det etablert eit team, avklaring langtidssjukefråvær, som i perioden fram til 20. juni 2021 skal gi forsterka innsats til linja i oppfølging av tilsette som har hatt heilt eller delvis samanhengande sjukefråvær i meir enn to år. Teamet skal hjelpa leiarar med å avklara om det er gjort tilstrekkeleg arbeidsutprøving, vurdera om det er utsikt til snarleg betring, eller om det er grunnlag for å avslutta heile eller delar av stillinga. Basert på erfaringa si skal teamet innarbeida læringspunkt som kan nyttast i framtidig leiaropplæring.