Årsrapport 2020

5.4 Rekruttering og kompetanseutvikling

Stavanger kommune er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. I 2020 blei det kunngjort over 2000 stillingar og motteke nesten 30 000 søknader.

Koronapandemien har naturlegvis påverka rekrutteringsarbeidet til kommunen. Handteringa av pandemien har kravd eit nært samarbeid på tvers av heile organisasjonen for å møta skiftande utfordringar og behov for arbeidskraft. Det er jobba kontinuerleg med å fanga opp moglegheiter og utfordringar for å sikra rask saksgang. Samtidig har ein freista å halda tilsette, tillitsvalde og administrativ- og politisk leiing løpande orientert.

Det er oppretta og bemanna ein mellombels sjukeheim, smittesporingsteam, koronatelefon og fleire teststasjonar. Stillingane har i hovudsak blitt besette ved omdisponering av personell, avtaler med pensjonistar og ved rekruttering utanfrå. Utviklinga av pandemien er uavklart og ser ut til å halda fram, så det vil framover framleis vera nødvendig å rekruttera eksternt personell i mellombelse stillingar – mellom anna for å gjennomføra vaksinasjon av befolkninga.

Kommunen har i 2020 utarbeidd nye rutinar for omdisponering av personell i beredskapssituasjonar. Parallelt jobbar kommunen systematisk med å rekruttera og behalda sjukepleiarar gjennom konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår, kampanjar på nett og i sosiale medium og deltaking på (digitale) karrieredagar.

Rekruttering til fastlegeheimlar er ei utfordring, både lokalt og nasjonalt. Kommunen har arbeidd aktivt med tiltak for å rekruttera og behalda fastlegar, til dømes gjennom rekrutteringstilskot.

Det har vore ein auke i andelen pedagogar i Stavangerbarnehagen. Den nye pedagognorma for barnehagelærarar gir likevel eit behov for å rekruttera fleire pedagogar. Tiltak som er sette i verk for å auka rekrutteringa, er mellom anna oppdatering og fornying av nettsidene med tekst og nye filmar. Tanken bak dette er å gi informasjon om Stavangerbarnehagen og å oppmoda til å søka ledige stillingar. Også gjennom universitetsbarnehagesatsinga og praksisbarnehageordninga blir studentar som er i praksis, oppmoda til å velja Stavangerbarnehagen som den framtidige arbeidsplassen sin.

På skulane var søkarmassen til ledige stillingar som vanleg størst på våren. Det kommande året byr på ei ny utfordring, sidan det ikkje blir uteksaminert nye lærarar som følge av at utdanninga blei utvida med eit ekstra år i 2017. Kommunen er likevel godt førebudd ved at rektorane kan rekruttera studentar som manglar siste studieår i adjunktstillingar.

I tenesteområda bymiljø og utbygging og by- og samfunnsplanlegging har tilgangen på kandidatar ved stillingsutlysingar vore god. Særleg gjeld dette prosjektleiarstillingar. Det har vore litt meir krevjande å rekruttera til leiarstillingar. Det er ulike årsaker til det, og tenesteområda har merksemd på korleis dei kan utforma og tilby attraktive leiarstillingar.

Stavanger kommune har ulike stipendordningar som skal bidra til kompetanseutvikling. Det er mogleg for fast tilsette å søka stipend for å ta ei bachelorutdanning innanfor sjukepleie, vernepleie eller barnehagelærar, og det er òg ei eiga stipendordning for fast tilsette som vil ta relevant etter- og vidareutdanning. Den sistnemnde ordninga gjeld ikkje undervisningspersonell i skular, sidan det innanfor skulen er eit eige utdanningsstipend for tilsette som manglar godkjend lærarutdanning. Skulane kan òg søka om rekrutteringsstipend til personar som enno ikkje er tilsette i skulen.